Nye takter

Unikt gjenhøyr med Jarrett og Garbarek

«Sleeper» er eit unikt album med «Belonging»-kvartetten, med ein konsert fra 1979 for første gong på plate.

Dagsavisen anmelder

CD

Keith Jarrett

«Sleeper»

ECM Records

Heilt sidan albumet «Belonging» kom i 1974, har bandet vore eitt av dei myteomspunne i jazzverda: Keith Jarretts europeiske kvartett, med Jan Garbarek, Palle Danielsson og Jon Christensen. Tidlegare i år har vi hatt gjenhøyr med Gabareks skandinaviske kvartett med Bobo Stensson, og saman er dei merkepålar i jazzen, på eit syttital då Jarrett to år eldre enn Garbarek likevel var av same unge generasjon. Det er også ein periode som Garbarek i føreordet til sine eigne «Selected Recordings» skildrar som ei eineståande læretid, der dei utvikle måten å spele songane saman på som gjorde at han kjende eit fellesskap å tenkje musikk på i det heile - «as if belonging..», som om dei høyrde saman.

Det glitrande melodisamspelet høyrer vi her først på «Innocence», frå denne konserten kvartetten heldt i Tokyo 16. april 1979. Det opnar med «Personal Mountains» frå plata av same namn, dei andre songane er «Oasis», «Chant Of The Soil», «Prism» og «New Dance». Dei var alle skrivne for dette ensemblet, som etter «Belonging» gav ut eineståande «My Song» og «Nude Ants». Garbarek opnar på fløyte på «Oasis», det lange nummeret på CD2, og Keith Jarretts gutturale utbrot er klassiske. Og kva trommespelet til Jon Christensen hadde å seie for heile syttitalskatalogen til både Jarrett og Garbarek, får ein verkeleg demonstrert i fullt mon.

Tidenes stødigaste bassist heitte Palle Danielsson, fundamentet «Chant Of The Soil» på neste spor kviler på, og alt minner oss heile vegen om dette drivet som alltid var der, også i vedunderleg songar som «First Song». Og Jan Garbarek, som vi nostalgikarar trur aldri har vore betre enn då, berre forsterkar inntrykket etter dette albumet.

To av songane tok Jarrett med seg inn i «Standards»-utgjevingane sine, «Prism» og «So Tender», like tandre som dei er på denne 17. april-konserten i Tokyos Nakano Sun Placa for 33 år sidan, før «New Dance» med den voggande danserytmen avsluttar kvelden. Betre dansemusikk skal ein leite lenge etter.