Nye takter

Politisk alarm som bestilt

Med bestillingsverket «Savages» leverte Kristoffer Lo og Trondheim Jazzorkester den sterkaste konserten til no i denne serien.

Dagsavisen anmelder

KONSERT

Kristoffer Lo og Trondheim Jazzorkester

Moldejazz 2014

MOLDE (Dagsavisen): På ­førehand hadde vokalisten, komponisten og multiinstrumentalisten varsla eit kamprop mot det blå nye Norge, når han med Trondheim jazzorkester skulle kvittere for fjorårets jazz-stipendpris. Om brannalarmen rett før konsertstart også var bestilt, er ikkje godt å vite. Faren var snøgt over, og med det innleiande varselropet «Savages! You win!» var det duka for ei konsertoppleving av dei sjeldne, med ei ung og spennande utgåve av jazzorkesteret.

Med eit elektronisk sceneteppe som kunne vere ein viltveksande skog, var det ein konsert der tyngdepunktet i musikken skifta heile tida, med trompetist, trombonist, og gitarist på venstre flanke, tre saksofonistar med ein av dei mange store solistane, Mette Rasmussen, på høgre.

Opphøgd i midten var Ingrid Helene Håvik og Kari Eskild Havenstrøm, som med tekstar som «Fall in love» var kjærleikens svar i eit mektig musikalsk drama. Legg til fiolinisten Ola Kvernerg og trommeslagar Gard Nilssen, og Kristoffer Lo som vandrande dirigent og musikar, og det var duka for ei sterk og rørande konsertoppleving. Med den vakre balladen «Før» som ekstranummer vandra vi styrka både i sjel og lekam ut i moldekvelden.

Den blå festivalopnaren var ikkje å sjå.