Atomics nye trommeslagar Hans Hulbækmo, her med bassist Ingebrigt Håker Flaten. FOTO: LARS GARTÅ/OSLO JAZZFESTIVAL

Lang kveld for Hulbækmo

På ein ny stor klubbkveld under Oslo Jazzfestival var det mest travelt for trommeslagar Hans Hulbækmo.

KONSERTER

Atomic

Nasjonal Jazzscene

Oslo Jazzfestival

 

Hanna Paulsberg Concept

Herr Nilsen

Oslo Jazzfestival

 

Den unge musikaren fekk sin elddåp som ny trommeslagar i Atomic tirsdag kveld, før det etter siste låt var snøggaste veg opp gata frå Victoria og Nasjonal jazzscene, til jobben på den like strålande konserten til Hanna Paulsberg på Herr Nilsen. For ein kveld! Hulbækmo frå Tolga, no Oslo, har hatt ein spelejobb med Atomic før. No er det offisielt at han at han er bandets nye trommeslagar etter Paal Nilsen-Love, gründeren som saman med Håvard Wiik, Ingebrigt Flaten, Magnus Broo og Fredrik Ljungkvist starta bandet i 1999.

Om ikkje det kan samanliknast med å hoppe etter Wirkola, så veit ikkje eg. Men i ein alder av tjuefem er trommeslagaren allereie profilert og etterspurd. Han er vinnar av Grappas debutantpris i 2011, og i tillegg til Hanna Paulsberg Project, Moskus og Atomic er han også med i Nina & The Butterfly Fish, Broen, Skadedyr og Torsten Ekspress med meir. På Nasjonal Jazzscene var Hans Hulbækmo snøgt publikumshelt på nok ein gnistrande konsert med bandet som til hausten skal på turne.

For denne medarbeidar vart kvelden ekstra krevjande med start på den knallsterke Mingus-konserten i Universitets Aula, før kortaste veg til Victoria og vidare til Herr Nilsen, der det var stinn brakke med kø utanfor. Hanna Paulsberg og bandet med Oscar Grönberg (piano), Trygve Waldemar Fiske (bass) og Hulbækmo på trommer kvitterte med ein strålande konsert. Paulsbergs saksofonspel er som alltid ei nyting å lytte til, med låtar frå plata si «Song for Josia». Som min absolutte yndling «Hemulen», songen som dansar av garde som kom han frå ein ung Sonny Rollins. Til stades etter jobben sin var også Atomic-trompetist Magnus Broo, invitert på ein kraftfull siste låt på hovudstadens beste klubbscene.