Kultur

Gustavsens sterke opera-opning

Med Tord Gustavsens utvida ensemble og vokalisten Synne Sanden var det duka for sterk opning av Oslo Jazzfestival.

Dagsavisen anmelder

KONSERT

Tord Gustavsen

«Exstended Circles»

Operaen

Oslo Jazzfestival

Først opna det faste bandet med to gamle triokjenningar av det sakrale slaget med Tord Gustavsen, Tore Brunborg, Jarle Vespestad og Mats Eilertsen, kvartetten som i januar gav ut albumet «Extended Circle». Ut av mørkret slutta cellisten Svante Henryson seg til laget, og det bygde seg opp til eit større verk ettersom også stemmebrukar og trompetist Arve Henriksen sluttar seg til, Audun Kleive utfylte bandet som ekstra trommeslaget, og lyttaren vart snøgt mint om at den stillfarande Tord Gustavsen med sitt milde vesen har ein sterk og mangslungen karriere i mange format bak seg.

Spenninga knytte seg mest til den unge songsvala Synne Sanden, som Gustavsen har samarbeida spesielt med under arbeidet med denne konserten, lansert som eit bestillingsverk. Med ei både var og vakker stemme som ho har hatt platesuksess med sitt eige band, gjorde ho sin sjølvsikre entre i Gustavsens band med stil, og ho blir spennande å følgje på den vegen ho har slått inn på i dette bandet. Med tid og stunder kom også den mangfaldige Arve Henriksen til sin rett i samspel med Sanden.

Då Tord Gustavsens kvartett i januar gav ut albumet «Extended Circle», sa pianisten at det refererte seg til eit dobbelt sett trilogiar. Den første med trioen bak dei tre første albuma med Gustavsen, bassist Harald Johnsen og trommeslagar Jarle Vespestad, som skulle bli ein internasjonal suksess av dimensjonar. Den andre var med kvartetten som gav ut sitt første album i 2012, «The Well». Kvartetten sprang ut det utvida ensemblet med bassist Mats Eilertsen og Kristin Asbjørnsen på vokal, og som med Tore Brunborg gav ut albumet «Restored Returned».

Med sitt sakrale tonespråk og med si ofte religiøse tilknyting kunne Gustavsen trollbinde eit stort publikum, også når saksofonisten Tore Brunborg fylte lungene med salmen «Eg veit i himmerik ei borg». Med «Extended Circle» kompletterte Gustavsen ein dobbel trilogi med trioen og ensemble-utgjevingar, og det utgjer mykje av grunnlaget for konserten i går.

Med «Extended Circles» er det eit meir samansett bilde av Tord Gustavsen som melder seg på, samstundes som saksofonisten Tore Brunborg som solist er ei oppleving i seg sjølv. På årets jazzfestival i Molde spelte Gustavsen på kyrkjekonserten til Solveig Slettahjell. Saman med Karin Krog møtte Slettahjell seinare i går den legendariske musikaren og komponisten Michel Legrand, på den same operascena. Og huset befestar endå ein gong sitt renommé som Oslo Jazzfestivals nye storstove.