Kultur

Eldprøva til Marius Neset

- Dette er mi største utfordring så langt, seier Marius Neset før konserten med Trondheim Jazzorkester i kveld.

MOLDE (Dagsavisen): I fjor spelte saksofonisten med «Golden Xplotion»-kvartetten i Molde dagen etter 22. juli. I kveld har han handplukka musikarar til stipendkonsert med stort band.

- Det var veldig spesielt å spele i fjor, men vi ville gjere det beste for publikum, gje dei musikk dei kunne ha glede av, sjølv om det var ei veldig annleis oppleving for oss alle. Det er ein konsert eg vil hugse, seier Marius Neset. Konserten i kveld er kvittering for det årlege jazzstipendet som han fekk i Molde i fjor.

Til københavn

- Trondheim Jazzorkester er eit barn av jazzlina i byen, men du drog aldri dit sjølv for å studere jazz?

- Eg ville til København for å gå på Rytmisk Konservatorium fordi det er eit større miljø. Dessutan var eg ikkje ferdig med vidaregåande og ikkje gammal nok til å byrje i Trondheim. Så eg har aldri studert i Norge, seier saksofonisten frå Os, som no bur i København.

Han byrja å spele i gutedagane og var fast bestemt på å bli jazzmusikar då han var 12 år, med saksofonisten Jan Kåre Hystad som første lærar. Han vart med i bandet til pianisten Django Bates i 2005, og han gjorde internasjonalt gjennombrot i 2010 med «Golden Xplotion», kritikarrost i internasjonal press med toppkarakter i engelske The Guardian, og sidan har det gått ein veg.

- Eg har sett deg omtalt som ein ny Garbarek. Kommentar?

- Garbarek er ein av mange eg beundrar sterkt, men eg tenkjer ikkje på å likne nokon. Eg vil spele som meg sjølv. Men eg er også veldig inspirert av måten Wayne Shorter spelar på. Han har ei fantastiske evne til å uttrykke seg, og eg gler meg til å høyre kvartetten hans her på festivalen.

Intens

- Eg opplever musikken din som veldig intens. Er det slik?

- Eg har nok ein intensitet i meg, og likar kontrastar i musikken. Det vil eg utvikle vidare på mitt neste album, seier Neset, som på albumet Golden Xplosion hadde med Django Bates på keyboards, men han er ikkje med på konsertar. Jasper Høiby og Anton Enger på bass og trommer er danske, Ivo Beamer er pianisten han spelar med på konsertar, som i London sist fredag.

- Du var med i storbandet til Bates, men har du skrive musikk til stort band sjølv?

- Det er første gong eg skriv musikk til ein heil konsert som i dette prosjektet, men eg skreiv musikk for det danske Radiostorbandet som eg var med på å framføre.

Jazzkamikaze

I 2005 var Marius Neset med på å starte det smått rabiate JazzKamikaze i Danmark. Det vann prisen Young Nordic Jazz Comets og satsa på internasjonal suksess. I desse dagar kjem det femte albumet «The Return Of JazzKamikaze».

- Vi laga all slags musikk, også ei rein rockeplate. No kjem vi att etter ein pause med musikk som er meir instrumentell og eksperimentell.

I Trondheim Jazzorkester spelar Neset med fire saksofonistar, to trompetistar, med trombone, tuba, akkordion, piano, bass og trommer.

- Eg er veldig oppteken av heilskapen når eg komponerer, med stort rom for eksperimentering. Så er det viktig å ha kvalitetane til kvar musikar eg har valt ut i tankane når eg skriv. Vi har brukt mykje tid på å øve i Trondheim.

Det uventa

- Kan det skje noko uventa?

- Å improvisere er også å gjere det uventa, og det er ei spennande øving å kombinere fridomen med ein heilskap som held mål. Eg har aldri skrive så mykje for eit stort band før, så dette vert ei eldprøve også for meg sjølv. Det er eit band med tolv strålande musikarar, og eg gler meg stort til konserten, seier Marius Neset.

Konserten er i Plassen, Teateret Vårt, og til premien høyrer også å spele inn plate.

MUSIKARANE

Musikarane i bandet er: Marius Neset, Eirik Hegdal, Hanna Paulsberg, Peter Fuglsang, saksofonar mm, Eivind Lønning, Ronny Farsund, trompet, Erik Johannessen, trombone, Daniel Herskedal, tuba, Jovan Pavlovic, akkordeon, Espen Berg, piano, Petter Eldh, bass, Gard Nilsen, trommer.

Mer fra Dagsavisen