Nye takter

Eit politisk bestillingsverk

- Eg skreiv musikken som ein reaksjon mot det nye blå Norge, seier Kristoffer Lo før konserten i dag med Trondheim Jazzorkester.

MOLDE (Dagsavisen): Det er kvittering for JazZtipendiat-prisen i 2013, med eit tretten kvinner og menn stort band handplukka av han sjølv. Lo er tubaist med meir, og gav i fjor ut soloalbumet «Anomie». Elles har 29-åringen medverka på 28 plater, band, og har sidan februar spelt på konsertar i inn og utland med Highasakite, som spelar i Molde laurdag.

- Blir det fleire soloplater?

- Ja, spelt inn på Rivingen fyr då det vart laga eit videoportrett av meg, og eg likte meg så godt at eg etterpå henta alt utstyret eg hadde til plateopptak. Der spelar eg både tuba, gitar og flugabone, som er eit utvida flygelhorn med trombonelyd. Glimt frå øvinga til bestillingsverket er lagt ut på nett, og vi høyrer bandet i kor spele og syngje «Savages».

Dårlege folk

- Det er eit nedsetjande ord for «dårlege folk», kvifor?

- Eg skreiv verket i sinne etter det blåblå valet, etter kyrkja si haldning til homofile, og mot Vesten som trampar inn i land etter land.

- Eit politisk bestillingsverk?

- Eit verk eg kan framføre i full fridom takk vere den eineståande institusjonen Trondheim Jazzorkester, der eg fekk ta med dei musikarane eg ønskte. Mange har eg har spelt med før, alle fordi dei kan bidra til at resultatet vert som eg ønskjer.

- Har du spelt mykje i store band?

- Eg var leiar for det gamle Kjellerbandet i Trondheim i fire år, og i Midtnorge Ungdomsstorband som er ungdomsbandet til Midtnorsk Jazzsenter, og i fleire andre.

Eit draumeband

- Er det oppfyllinga av ein draum å spele musikken sin med Trondheim Jazzorkester?

- Bandet representerer alt eg likar med å vere musikar. Her finst ingen rammer, ingen grenser, ikkje noko jazzpoliti. Som eit offentleg finansiert band skulle ein tru at nokon ville blande seg inn, men ikkje her.

- Når bestemde du deg for å bli jazzmusikar?

- Eg ville bli «musikar» då eg på Sund Folkehøgskule høyrde plata med Trondheim Jazzorkester og Chick Corea. Eg tenkte ikkje jazz, men at det einaste eg ville gjere var å lage musikk. På musikklinja på Ski vidaregåande møtte eg trompetist Eivind Lønning som er med i Molde.

- No kjem «The Tree» med Albatrosh og Trondheim Jazzorkester frå bestillingskonserten i fjor. Kva med Kristoffer Lo og TMJ?

- Eg seier ikkje nei til plate, så det vil eg gjerne.

- Kven er dine idol?

- Eirik Hegdal, både som komponist og musikar. Han er også med i bandet mitt. Og saksofonisten André Roligheten frå Albatrosh som eg studerte saman med. Den tredje er The Beatles, rett og slett.

- Kva med dei aller største?

- Lars Andreas Haug, tubaisten som var læraren min på vidaregåande, og Miles Davis, sjølvsagt. Ingen kjem utanom han.

kultur@dagsavisen.no

Mer fra Dagsavisen