– Eg skriv om menneske som verkeleg levde, seier forfattar Edvard Hoem om tredje bok i syklusen om utvandrarane – «Land ingen har sett».

Edvard Hoem tilbake på prærien

Edvard Hoem har allereie seld nær 100.000 bøker om utvandrarane til Amerika. No kjem tredje bok, frå «Land ingen har sett».

 

– Eg må jo fortelje ferdig! Det er ei stor forteljing, dette. Ho utspelar seg fire-fem stader: Dakota, Alberta, Molde, min bestefar sin gard i Fræna, og i fiskeværet Bjørnsund. Med så mange stader, og så mange personar, blir det for summarisk om eg går for fort fram, seier Edvard Hoem til Dagsavisen.

I 2014 kom «Slåttekar i himmelen», og i 2015 «Bror din på prærien», om norske amerikafararar frå slutten av 1800-talet og utover. Lesaren får følge dei som drog og blei farmarar i USA og Canada, og dei som blei igjen heime på Nordvestlandet, ofte på små og tungdrivne gardar.

Fem bøker, minst

No kjem tredje bandet i syklusen, «Land ingen har sett».

– Handlinga no strekker seg frå 1912 til 1927, altså femten år. Etter denne kjem det ei bok til frå same miljø. Kanskje to til, når eg tenker meg om. Eg har mykje att å fortelje. Og så er det jo veldig hyggeleg at så mange set sånn pris på bøkene. Lesarar kjem bort og seier at dei vil høyre meir om den og den personen, korleis går det med henne? Eg kan sjølvsagt ikkje ta hensyn til slike ønske, men det er kjekt likevel, seier Hoem.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Motgang trass innsats

Sentralt i denne boka står utvandraren Eilert på den kanadiske prærien, og bror hans heime på Nordvestlandet, Anton Edvard. Begge har kone og fleire ungar, begge arbeider hardt for å klare seg. Farmaren Eilert slit då kornprisen søkk etter at stormaktene hamstra korn gjennom første verdskrigen. Anton Edvard sin gard er eigentleg for liten.

– Begge drøymer om å jobbe så hardt i ungdommen at dei kan klare seg lett i alderdommen. Særs utvandrarane tenkte at eigen innsats skulle føre til betre kår. Men slik blei det ikkje alltid. Som eldre må begge innsjå at ytre forhold også bestemmer. Så må dei forsone seg med at det er nokre ting ein ikkje kan gjere noko med. Eg tenker det er ein fordel at eg skriv desse bøkene i såpass vaksen alder. Eg innser at det er visse ting vi ikkje kan forandre på. Når ein er ung, opplever ein det som dundrande urettferdig om verda går ein imot. Som eldre veit ein meir, seier Hoem (67).

Les også: Hoem diktet opp sin egen oldefar

Dilemma då som no

For motgang kan kome uansett. Også sjølv om utvandrarane ifølge Hoem ofte var spesielle menneske i utgangspunktet, som blei endå meir spesielle av erfaringa som nybyggjarar.

– Ta Eilert. I tolv år farta han rundt som einsleg nordmann i Amerika. Klart du blir eigenrådig av det! Det er noko han tek med seg vidare, også i ekteskapet, overfor kona.

«Land ingen har sett» skildrar korleis Eilert jobbar konstant, medan kona meiner han bør ta det meir med ro. Vere meir saman med ungane. Kvile litt.

– Det er eitt av mange eksempel på at utvandrarane er i eksistensielle dilemma som liknar våre: Kor mykje må ein forsake no for å få det betre seinare? Det er ikkje ting eg tenker ut før eg byrjar å skrive. Først etterpå ser eg at problemet går att, seier Hoem.

Forfedrar

Han er nemleg heilt sikker på at menneska før liknar menneska no.

– Eg skriv om menneske som verkeleg levde. Forfedrane mine. Men jo meir eg skriv om dei, dess meir romanpersonar blir dei. Sjølv om dei er biografiske menneske.

Han har støtta seg på det han har funne av brev, fødsels- og dødsattestar og andre offentlege dokument. Men tankar, kjensler og replikkar er dikta.

– Når eg diktar, tenker eg alltid «går det an, kan han ha sagt det slik?» Så, etter ei stund, ser eg at personen er slik. Det følest som ei slik teiknebok vi hadde då vi var små, kor ein strekar frå tal til tal til det blir eit bilete. Dei biografiske opplysningane er tala, diktinga er strekane.

Sanning

Men den såkalla «virkelighetsdebatten» som pågår no, om kor mykje skjønnlitterære forfattarar kan skrive om andre personar i bøker, vegrar Edvard Hoem seg litt mot å gå for hardt inn i.

– Eg er veldig glad eg ikkje har lese akkurat dei bøkene folk debatterer. Men eg er einig med dei som seier at det ikkje kan vere reglar for skjønnlitteratur. Eg står heile tida overfor val om kva og kor mykje eg skal ta med. I 2005 gav eg ut «Mors og fars historie», kor eg mellom anna skriv om onkel som var psykisk sjuk, og som døydde av lobotomering. Nokre i familien lika nok ikkje at eg bretta ut akkurat det. Men for meg var det ein heilt naturleg del av det eg måtte skrive om. Å ta det vekk, ville vere forræderi mot lesarane, og mot sanninga, seier Hoem.