Lizz Wright velsigna Dølajazz med strålande konsert i Lillehammer Kyrkje. FOTO: CAROLINE STRØMHYLDEN/DØLAJAZZ

Dronninga på Dølajazz

Lizz Wright er betre enn nokosinne, til glede for ei fullsett Lillehammer kyrkje laurdag på den 33. Dølalajazzfestivalen.

 

KONSERTER

Lizz Wright

Helge Lien, m.fl.

Dølajazz, Lillehammer

LILLEHAMMER (Dagsavisen): I ei meir rocka utgåve enn før, med eit framifrå band og den sensuelle stemma framleis intakt, stråla det av Lizz Wright under kvelven i ei kyrkje ho kjende seg heime i. Ein soloversjon av den kjende songen «The Nearness Of You» var prikken over i’en, alt midt i ein lanseringsturne for det nye albumet «Freedom and Surrender». Med fleire fulle hus og eit framifrå program, gjekk festivalen også i mål økonomisk. Med eit anna høgdepunkt i særklasse når østerdølen Helge Lien og bandet hans fekk det til å koke.

Festivalen tjuvstarta onsdag med Stian Carstensen på tur med den kulturelle spaserstokken. Torsdag var opningsdagen for den sterke ungjazz-serien Jazz Incubator i regi av musikkstudentar ved Høgskulen i byen, og heile festivalen sette snøgt preg på Lillehammer i haustsol. På hovudscena fredag stod Fly North for opningskonserten, med bandet til Jan Gunnar Hoff, Arve Henriksen og Audun Kleive som har gjort stor lukke på mange festivalar. På Dølajazz fungerte det som oppvarming til Helge Lien & Co som på konserten fredag tok heilt av. Håkon Aase er den nye kometen på fele. Han og den framifrå trommeslagaren Øystein Arnes Vik har skrive musikken, til bandet der bassist Mats Eilertsen i musikalsk forstand er jazzens grand old man, og med Helge Lien introdusert om innlandets store jazzkonge, i bandet der det reint ekvilibristiske gjekk opp i ein høgare einskap med eit ensemblespel som fekk det til å koke i salen.

Dette ikkje til forkleining for kveldens siste store clou, då bassist Per Mathisen i sin nye trio med Frode Alnæs himself på gitar og afrocubanske Giraldo Poleta Barreto på trommer, heldt ein gnistrande konsert med musikk dei dagen etterpå skulle gå i studio med, for lage plate. For Alnæs er det eit jazzens comeback for ein gitarist som kan spele kva det skal vere, ein perfekt match for Mathisen.

Same kveld merka vi oss kvartetten Hatch med saksofonisten Elisabeth Lid Trøen som leiar, og det funky bergenske Ohio, som ein overgang til laurdagen der Arild Andersens sekstett hadde suksess med nok ein reprise av konserten til minne om Charles Mingus, før dykkar utsende gav seg Broen i vald. Ikkje fjernsynsserien, men eit strålande band i slektskap med alle som lik Sun Ra meiner at «space is the place». Med Marie S. A. Røe vokal, Heidi Karine Johannesdottir Mobeck på tuba, Hans Hulbækmo trommer, Lars Ove Fossheim gitar og Anja Lauvdal på diverse synth, var det ei musikalsk oppleving av galaktisk type. Alt dette som ein brøkdel av all musikalsk verksemd som ein festival alltid er. Punktum vart gnistrande sett med Eberson Funk Ensemble.