Nye takter

Denadas store kveld

Torun Eriksen og storbandet Denada med gripande Kongsberg-konsert.

KONSERT

Torun Eriksen, Erlend Skomsvoll og Ensemble Denada

EnergiMølla

Kongsberg Jazzfestival.

KONGSBERG (Dagsavisen): Til  mange ekstraordinære konsertopplevingar på slutten av den 53. Kongsbergfestivalen høyrer songaren Torun Eriksens møte med storbandet ensemble Denada, med musikk skriven av Eriksen og dirigert av fylkeskunstnar Erlend Skomsvoll, med Eriksen som vokalist på det som må vere hennar beste konsert nokosinne. Om det er trangt med eit heilt storband på festivalens beste vesle scene Energimølla, så makta dei i alle fall  å gje oss musikken sin med ein vilje, ei inderlegheit og energi som var gripande. Størst var sigeren for Torun Eriksen,

Les også: Chick Coreas elektriske triumf

Ensemble Denada husar minst fjorten av våre beste jazzmusikarar, som denne gongen under dirigentstokken til musikalsk leiar Erlend Skomsvoll, vokalist Eriksen og ei rad sterke solistar tok publikum med styrke. På toppen av eit sterkt program på jazzfestivalens nest siste kveld.

Les også: Ståande jazzbuffet

Mer fra Dagsavisen