Nye takter

Den fantastiske konserten

Marius Neset og Trondheim Jazzorkester heldt tidenes konsert i Molde.

Dagsavisen anmelder

KONSERT

Ikkje for å samanlikne med midnattsmessa til Miles Davis i 1984, men denne konserten for eit medlevande, ståande publikum i den nye teatersalen var ein annan stad, med ein utgåve av Trondheim Jazzorkester som foredla verket til skaparen og musikaren på ein måte ein knapt har opplevd maken til. Frå dei første akkordeontonane til Jovan Pavlovic, saksofonane til Neset og Eirik Hegdal.

Den stigande intensiteten som alltid har prega Marius Nesets musikk vart opnande til heile bandet vart sugd inn i eit musikalsk felt der solistar kom og gjekk, med temposkifte frå det forrykande til det vedunderlege. Aldri har det stått så mange superlativ på blokka til ein som liksom skal skildre det i ord.

Men ord blir fattige, mens opplevinga blir rikare. Det står fram nye personlegdomar, frå den ferske jazzintro-tevlaren og saksofonisten Hanna Paulsberg til den heilt makelause bassisten med namnet Peter Eldh! Den geniale bruken av trekkspelet, det hårreisande pianospelet av Espen Berg, songar som har namn, men som er ubeskrivelege. Ein gong opplevde eg noko i nærleiken med Trondheim-bandet og Chick Corea, seinare med Ola Kvernbergs banebrytande «Liarbird». Og no: Eit orkester esla til å oppfylle skaparens høgste ønskje, og som berre gjer det. Rett og slett.