Kultur

Då Gud 
skapte 
Vossa Jazz

Toppa av tingingsverket til Karl Seglem gjekk den 39. Vossa Jazz-festivalen i mål som ein av dei beste.

VOSS (Dagsavisen) At sjølvaste Vårherre kan ha hatt eit ord med i laget gjekk fram av den glitrande opningstalen til Ragnar Hovland, då han gjorde krav på å bli trudd når han sa at Vårherre ikkje berre hadde skapt Voss, men at han i samråd med St. Peter og jazzlegenda Buddy Bolden som levde for hundre år sidan, også avgjorde at bygda skulle ha ein jazzfestival. Grunnlaget for kanskje den beste Voss-festivalen nokosinne vart lagt allereie med opningskonserten etter talen, då trioen bak den ferske plata «Space Is The Place» (meldt i Dagsavisen laurdag) la salen for sine føter med eit dristig tonespråk, der skiljet mellom «klassisk» jazz og avantgarde var oppheva. Med ein Carsten Dahl i føringa som med eller utan ekstrautstyr til flygelet var i toppslag saman med den myndige bassist Arild Andersen, som også inntok ein naturleg leiarrolle både som medkomponist og solist, og ein vital Jon Christensen var i slag bak trommene. Med eit slikt mannskap får jazzen også når han er «fri» publikum med, då det er musikk med substans.

Som bestilt

Festivalen vart avslutta i går med namn som Marilyn Mazur, Susanna Wallumrød, Bugge Wesseltoft og Palle Mikkelborg med fleire. Men laurdag var det Karl Seglems tur til å gjere braksuksess med festivalens største moderne tradisjonsberar, tingingsverket. Og med på laget var felespelaren Sigrid Moldestad, som ikkje så lite overraska fekk årets Vossa Jazz-pris rett før bandet gjekk på scena. Men meir enn å gjere henne nervøs, gav det henne tydeleg ekstra glød i spelet, saman med felekollega Håkon Høgemo som har spela fast med Seglem i alle år. Med bukkehorn, saksofon, eigne dikt på bakteppet og sans for annan strupelyd, var Seglem ein trygg leiar for eit gjennomført verk. Der tung «verdsjazz» med to tangentspelarar (Lars Jakob Rudjord, Andreas Ulvo), bass (Stefan Bergman) og trommer (Kåre Opheim) møtte to felespelarar som kan meir enn sin tradisjonsmusikk. I denne lydarens øyre burde dei to fått endå meir spelerom, både einskildvis og saman, men med fotograf Oddleiv Apneseths bakteppe landa tingingsverket fjellstøtt som eitt av dei beste.

Stort program

Frå resten av opplevingane frå eit tettpakka program nemner vi glimtvis Nils Petter Molvær Trio, ein strålande konsert med Georg Riedel og dei nye Vreeswijk-songane han har tonesett, den slovenske pianisten Kaja Draksler med ein overraskande og spennande Acropolis Quintet, trombone, saksofon og trommetrioen trioen Lord Kelvin med rå realfagjazz, Gunhild Seim og svenske Sofia Jernberg med eigne bestillingsverk, den siste med Trondheim Jazzorkester.

Ein heilt forrykande konsert var det med The Brazz Brothers og det svensk-norske spelmannslaget Dalakopa med røter på Røros, saksofonist Juhani Aaltonen og pianist Iro Haarla stilte med finsk vinnarkvartett, elles The Thing, Hilde Louise Asbjørnsen, Eyolf Dale og Bugge Wesseltoft med kvar sin solo pianokonsert, Farmers Market - det meste for fulle hus, og Valkyrien Allstars med den stinnaste brakka i dei små timar.

Med dette programmet la Vossa Jazz lista høgt for jazzfestival-Norge denne palmehelga.

kultur@dagsavisen.no

Mer fra Dagsavisen