Bøker

Vellukka 22. juli-roman

Brit Bildøen skriv truverdig og elegant om eit vakse par i langvarig sorg.

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Brit Bildøen

«Sju dagar i august»

Samlaget

«Det er sant at sorga blir mindre med tida. Det er også sant at sorga blir større».

Refleksjonen tilhøyrer Sofie, som er ein av to hovudpersonar i Brit Bildøens nye, lettare dystopiske roman, «Sju dagar i august». Året er 2019. Åtte år har gått sidan ho miste dottera si på Utøya. Ho tenker på det kvar dag. Har mareritt om korleis jenta hadde det dei siste minutta av livet. Klarer ikkje slutte å tenkje på kvifor ho ikkje ringde. Andre ungdommar ringde jo sine foreldre der dei låg i skjul for terroristen. Ikkje hennar Marie. Ho kan aldri få fri frå den tanken. På om det betyr noko. Og i tilfelle kva. «Den verst tenkelege telefonsamtalen i verda, men det var uuthaldeleg å vere den forutan.»

Sett frå utsida har livet gått vidare. Saman med mannen Otto, som er den andre hovudpersonen i boka, har ho flytta, eller eigentleg flykta, frå besteborgarlege Bestum til Tøyen. Dei kunne ikkje lenger bu på vestkanten, på terroristens heimebane. Kunne ikkje leve vidare med alle minna i huset, hagen, gata. I staden har dei bygd seg eit lunt reir i ein halvsjaber bygard, i ei gate som nektar å la seg fjongast opp.

«Dei skulle gjenreise seg sjølve på andre tufter. Men det handla også om noko meir, noko større enn dei. Dette var det nye Norge. Dette var det verkelege Oslo. (...) Men kva no? Den gode kjensla dei hadde delt, kjensla av å bryte handbak med lagnaden, var i ferd med å falme saman med nabolaget. Rundt dei blei alt meir nedslite, år for år. Gata full av hòl, bygningane avskala, parkane overgrodde og fulle av søppel.»

Det er godt og truverdig fortald. Bildøen er ein av dei første som heilt uttalt brukar dei grufulle hendingane 22. juli 2011 i norsk skjønnlitteratur. Det kunne blitt klamt og spekulativt, men blir det ikkje. Rett nok er glimta frå Utøya dei svakaste partia i boka, men dei balanserer så fint mot den fine behandlinga av sorga forfattaren eigentleg ønsker å skrive om, at dei forsvarer plassen likevel.

Utforskinga av forholdet mellom dei to mogne kjærastane er det som gjer «Sju dagar i august» interessant. Bildøen er sterk på relasjonar, på å avdekke dei mange laga av meining, oppleving, tankar og kjensler som held oss saman - og som pressar oss frå kvarandre. I denne romanen let ho Sofie og Otto gå på kunstopning, i parmiddag, på jobb og kafé med venner og kjende, før dei dreg på hyttetur berre dei to.

Sofie er sjef på Munchmuseet, som no held hus i Lambda, men har eit vanskeleg forhold til ei tidlegare venninne, no underordna. Kanskje er det sorga som ligg imellom, grunnen til at Sofie verkar så streng og fjern?

Eller kanskje er det noko anna. Sofie lurer på om venninna eigentleg ønsker seg livet, inkludert sorga, hennar. Interessant og elegant framvist og diskutert av Bildøen, utan å konkludere. Ho vever seg sikkert og saumlaust inn og ut av Sofie og Otto sine hovud, og viser slik fram forskjellen på det ein ønsker å vise fram og det andre ser, ulikskapen mellom det ein tenker og seier. Ho utforskar Otto si gjerning som profesjonell idealist i ei foreining for romfolkets rettar, FROM, og syner med stø hand fram den kulturelle middelklassens mange markørar. Deira handblesne glas og velfylde bokhyller, kva dei drikk (dry martini), eller kanskje helst ikkje drikk (rom&cola).

Elegant, empatisk - og intelligent. Bildøen klarer på truverdig vis å flette inn mange tema utan at det verkar pålessa eller halvferdig. Her er litt om vennskap og ein heil del om klasse. Ein del om byfornying, meir om utstøytte grupper. Tankar om kunst som livsfølge og litteratur som tidsbilete. Mykje om miljø - Oslo anno 2019 er sterkt prega av ekstremvêr, av stormar og ulukker bokstavleg tala i kjølvatnet av desse.

Dessutan humor. Lun, men med klar brodd. Som då Sofie i middagsselskapet får tildelt ein bordkavaler av det slaget alle kvinner under hundre vil kjenne igjen: «Eg kan sjå når nokon ber på løyndommar. Og sorger. Kva er løyndommen din, Sofie? Sofie kjende korleis det prikka bak panna. Denne selskapsleiken hadde ho vore med på før. Herren spør kva du skjuler. Herren fortel deg kva du eigentleg tenker. Herren meiner du ser trist ut. Og så foreslår han at du må smile meir, sleppe deg litt meir laus.»

Det er til å juble høgt av, i glede over ein forfattar som finn ord på det mange kjenner att, og klarer å vise det fram utan å verke bitter. Feminisme i praksis, utan geberder og store ord. Smart og kanskje litt oppgitt, som romanen totalt.

gerd.elin.sandve@dagsavisen.no