Bøker

Sentimental juleforteljing

Fint skriven julemelankoli. Men kanskje ikkje overdrivent original.

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Eirik Ingebrigtsen

«Heimfall. Ei juleforteljing»

Oktober

Det er like før jul. Ein 74 år gammal mann står på kjøkkenet med kaffikoppen i handa og ser ut på snøen som fell utanfor vindauget. Johan er enkemann på ellevte månaden, og skal feire si første jul aleine. Eller, aleine er han ikkje, for i kjellaren ligg den 47 år gamle dottera, Judith, med alvorleg lungesjukdom, på det dei i kommunen kallar «ferie» heime frå sjukeheimen der ho elles bur - sjølv om verken ho eller faren ønska akkurat det.

Så Johan, hovudpersonen i Eirik Ingebrigtsen si sjette bok, femte roman, er ikkje akkurat glad. Han gruar ein del for denne jula. Førebur alt etter tradisjonelle mønster, med rundvask og innkjøp av julemat, men klarer ikkje å sysselsetje seg nok til at tankane tek ferie, dei også.

Det er tankar om den avdøde kona, men også om sonen i nabohuset, som hamna under eit tre og døydde då han som guttunge fekk vera med Johan og nabo Audun sitt hogstlag på jobb ein dag for mange og lange år sidan. Etter det slutta Audun som skogsarbeidar. Men han og Johan er framleis naboar og ein slags venner, og for Johan er dette vennskapet viktig. Så viktig at det har styrt mykje av korleis han sjølv har forhalde seg til sine to barn, til den no døyande Judith, og til Einar, som drikk altfor mykje og har vald å feire jul i Syden.

Det handlar med andre ord om sorg, om einsemd, om familie, vennskap og stillstand i «Heimfall. Ei juleforteljing». Kanskje også anger. Heimfallet i tittelen har ikkje noko med tilbakeføring av kraftrettar å gjera, slik det oftast gjer - det viser til den tendensen Johan tenker at alle menneske har, til å falle heim att når livet går mot slutten.

Det er ein sentimental tekst. Godt skriven og fint utporsjonert på fire dagar, frå morgonen før Judith kjem heim 20. desember, til kvelden julaftan. Det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg Johan der han stullar rundt i sitt vesle liv, der han lengtar etter tettare kontakt med nabo Audun og saknar kona, samtidig som han kjenner på avmakta i møtet med dottera - eit menneske som burde stå han nær, men som helst vil ha avstand, og han helst ville sluppe å ha der.

Men særs original opplevest ikkje dette. Tablået «eldre mann kikkar ut på snøen som fell og fell medan han sørger» er velbrukt, sorga over å vere ektemann likeså. Eit forsøk på å utvida karakteren gjennom å introdusera ei dotter i Argentina, resultat av ei einaste, heftig natt på landgang det halvåret Johan gjekk til sjøs, fungerer ikkje spesielt godt. Det er i og for seg interessant å lese om nokre av dei vonde overgrepa argentinske styresmakter har utførd mot folket gjennom nyare argentinsk historie. Men det argentinske sidesporet heng ikkje godt nok saman med resten av forteljinga. Tilføyer ikkje Johan stort, utover hobbyen det er å søke opp informasjon om overgrepa på internett.

«Heimfall. Ei juleforteljing» er ingen dårleg roman. Språket er godt, intensiteten av å vere fanga i einsemd og alderdom er varleg skildra. Men den som ønsker ei bok kor mykje skjer og ein blir oppløfta av originalitet, bør leite andre stader enn hos Ingebrigtsen. Sjølv om han prøver seg på ei uventa hending mot slutten.

gerd.elin.sandve@dagsavisen.no