Bøker

Ruth Lillegraven: En litt tam thriller

Poet og dramatikar Ruth Lillegraven debuterer som thrillerforfattar med ei særs velskriven bok som held seg fint innanfor sjangerkonvensjonane, men som kanskje kunne bydd på større overraskingar.

Dagsavisen anmelder

KRIM

Ruth Lillegraven

«Alt er mitt»

Kagge forlag

Clara og Haavard er eit vellukka ektepar. Ho har ein toppjobb innan byråkratiet i Justisdepartementet, han er barnelege ved Ullevål sjukehus. Dei er foreldre til tvillinggutar i småskulealder, bur i ein ærverdig villa på aller beste vestkant i Oslo, trenar og har god helse. Med sjølve ekteskapet går det rett nok så som så, for det er lenge sidan dei to stod kvarandre spesielt nær verken fysisk eller emosjonelt, men sett utanfrå verkar alt å vere på stell med Clara og Haavard.

Så skjer eit mord. Ein norsk-pakistansk far blir drepen i bønnerommet på Ullevål, like etter at den fireårige sonen han oppsøkte sjukehuset med døydde av skadar etter alvorleg mishandling. Haavard er på vakt, han ser skadane guten er påført, og blir sidan beden om å identifisere liket av faren. Dette skjer kort tid etter at ei lovendring Clara har arbeidd lenge for blir forkasta. Lova skulle gjere det enklare å varsle i mishandlingssaker som denne, utan at varselet trumfast av teieplikt og privatlivets fred.

###

Barnemishandling er med andre ord eit viktig stikkord i Ruth Lillegraven sin debut som spaningsforfattar, med «Alt er mitt». Frå før er ho best kjend som lyrikar og barnebokforfattar, og som kvinna bak teaterstykket «Cally». Ho har så langt skrive nynorsk, i «Alt er mitt» bruker ho begge målformer. Alle personane fortel i førsteperson, Clara og faren på nynorsk, Haavard og dei andre austlendingane på bokmål.

Det fungerer fint. Thrilleren er godt skriven, med ulik språktone eller sosiolekt til ulike personar frå ulike miljø. Det er godt å lese ei spaningsbok utan klisjeane og dei flate setningane som ofte skjemmer krimsjangeren. Her er bileta gjennomgåande gode, og sceneskifta effektive. Det er lett å sjå føre seg «Alt er mitt» som TV-serie, ein typisk nordisk noir, kor det hektiske bylivet på sjukehus og i politikken brytest mot vill vestlandsnatur, og løgner i notida blir sette i kontrast til hemmeligheiter frå langt tilbake.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

I tillegg til Clara og Haavard får lesaren møte ei rekke andre personar. Ein kvardagsrasistisk mannleg sjukepleiar meiner drap som det på sjukehuset er typisk for utlendingar. Clara sin far er Libanon-veteran, og mimrar om dottera sin oppvekst. Haakon har meir enn berre eitt godt auge til sin norsk-pakistanske kvinnelege kollega, medan Clara kjem stadig nærare på den populistiske justisministeren Munch.

Så blir først ei kvinne, og så ei til, drepne, med same skytevåpen som den norsk-pakistanske barnemishandlaren. Politiet jobbar på, men kun i biroller. Spaninga her ligg ikkje i oppklaringa av morda, men i forklaringa på kvifor gjerningspersonen gjekk til dette steget, og korleis. Vil vedkomande avslørast i tide, av dei rette folka?

Les også: - Ingen av statsrådene jeg har jobbet for vil tenke "å herregud, dette er meg"

Problemet er at boka ikkje overraskar nok. Sjølv om her er fleire personar å ta av, er dei fleste diskvalifiserte som gjerningspersonar, sidan romanen ikkje utstyrer dei med god nok motivasjon. Og når ein av personane blir fengsla, forstår alle erfarne lesarar av spaningsbøker at det i alle fall ikkje er vedkomande som har stått for ugjerningane, då ville hen ikkje hamna i varetekt i utgangspunktet.

På den andre sida: «Alt er mitt» er altså ei velskriven, godt strukturert bok. Ho teiknar eit truverdig bilete av eit dødt ekteskap, og peikar tydeleg på det paradoksale i at foreldre som mishandlar barna sine har betre rettsvern enn offera deira, altså barna. Gitt sjangerdebuten er ikkje dette så verst vellukka. Sjølv om neste thriller signert Lillegraven gjerne må overraske litt meir.