Bøker

Men størst av alt

Vakker og verdig avslutning på Jon Fosse sin kjærleikstrilogi, skriven frå landet mellom svevn, draum og vake.

Dagsavisen anmelder

FORTELJING

Jon Fosse

«Kveldsvævd»

Samlaget

Sju år er gått sidan Jon Fosse gav ut den nydelege forteljinga «Andvake», to år sidan den noko mindre vellukka oppfølgjaren «Olavs draumar». Saman med «Kveldsvævd» utgjer dei ein trilogi, tre bøker som viser kor tru Jon Fosse er mot si eiga stemme og sitt eige prosjekt, og kor vakkert tråden mellom bøker kan vevast.

I «Andvake» vart lesaren kjend med Asle og Alida, eit ungt, fattig kjærleikspar som ikkje fann rom i herberget til at Alida kunne føde sonen Sivert. Det fekk fatale følgjer, noko som vert utdjupa i «Olavs draumar». Der er Asle og Alida omdøypte til Olav og Åsta, men det er tydeleg dei same personane i same soga likevel. Dessutan er det tydeleg at det ikkje går så bra med dei. Olav/Asle vasar rundt i Bjørgvin på leit etter ringar til seg og kjærasten, men vert avslørt som mordar og hengt for drap. Åsta/Alida sit no aleine att med eit spebarn, i ei tid kor aleinemødrer ikkje hadde det så enkelt, og kåra var skrinne for alle.

«Kveldsvævd» plukkar opp tråden der «Olavs draumar» sluttar, med at Alida er komen til Bjørgvin for å leite etter Asle, med spebarnet på slep. Men det er ikkje hennar synsvinkel lesaren får først, men den til den seinarefødde dottera hennar, Ales, som idet ho fortel er blitt ei gammal, for lengst morlaus kvinne. Ho veit berre det ho har høyrt, for mora har aldri vilja fortelje korleis ho eigentleg hadde det før ho traff faren til Ales, han Åsleik i Vika. Kan det stemme at denne Asle var ein fæl type som tvang Alida til å vere saman med han? Slik må ha vore, konkluderer Ales.

Men ho tek feil. Kvar gong perspektivet byter til Alida, er det først og fremst kjærleiken til Asle som syner igjennom. Ho er sliten, svolten, einsam, og leitar etter kjærasten sin då Åsleik plukkar ho opp og fortel ho kva som har skjedd han. Aksepterer tilbodet om å verta taus, tenarjente med plikter også i senga, men berre fordi ho må. Kva skal ho elles gjere med seg og ungen? Så ho vender attende til Dylgja, staden ho og Asle rømde frå. Det er det einaste praktiske, hennar minst usikre kort.

Og slik flyt forteljinga fram, høveleg nok ombord på ein båt frå Bjørgvin til Dylgja delar av tida. Setningane bølgjer att og fram, med dei stadige gjentakingane, små vridningane og endringane me er vande med å tenkje på som «typisk Fosse». Den indre monologen rullar og går, avbroten av ordknappe dialogar. Stødig, litt gammaldags nynorsk, ordstilling som leier tankane mot norrøne sagaer.

«Kveldsvævd» betyr noko sånt som «trøtt om kvelden». Saman med draumen i «Olavs draumar» og «Andvake», som betyr svevnlaus, peikar det mot rommet heile trilogien er plassert i. Mellomposisjonen mellom vaken og sovande, der sanning flyt over i draum, fortid vert notid og framtida kanskje eller kanskje ikkje vert røpa. Alida er så trøytt, så trøytt, og ser alt og tek alle avgjerder som i tåke.

Dottera Ales i dei andre partia er gammal og trøytt, ho òg, og sjølvsagt også ved sin livsens kveld. Ho er kveldsvævd.

Likevel er dette den lysaste av dei tre bøkene som utgjer trilogien. Valden frå dei to første forsvann med Asle. Attende står kjærleiken. Minnet om den store, ekte, den som utheld alt, trur alt, håpar alt, toler alt. Den Asle og Alida hadde. Bandet dei imellom, som heller ikkje døden kunne bryte.

Men også den enklare, meir kvardagslegpragmatiske ordninga ho delte med Åsleik. Dei fekk to døtrer, Ales og Veslesystera, som døydde som lita. Ales fekk seks ungar, som alle skikka seg vel. Slekt skal følgje slekters gang, alt medan naturen er den same, havet det same, menneska like små som dei alltid har vore i møtet med bølgjene - ikkje minst hos Fosse.

Det lyder kanskje trist, men håpet er der. «Andvake»-trilogen liknar ikkje noko anna. Slik heller ikkje Jon Fosse gjer det. Håpet er at trusselen hans om å slutte å skrive dramatikk i det minste betyr fleire forteljingar framover. Dei gjer både norsk litteratur og verdslitteraturen rikare.

Trilogien:

«Andvake» (2007)

«Olavs draumar» (2012)

«Kveldsvævd» (2014)