Bøker

Kjøkenbenkpopulisme

Det private er absolutt politisk i Olaug Nilssens nye bok om mødreskap, familieliv, samvit og tidsklemme. Men det kunne godt vore meir analyserande også.

Dagsavisen anmelder

SAKPROSA

Olaug Nilssen

«Kjøkenbenkrealisme. Ærlege historier 
om tidsklemma»

Samlaget

Kvifor har alle småbarnsforeldre så dårleg samvit?

Det var eitt av spørsmåla Olaug Nilssen ønska å utforske då ho starta arbeidet med «Kjøkenbenkrealisme. Ærlege historier om tidsklemma». For å kome fram til svar, har ho intervjua elleve kvinner og ein mann, som representerer litt ulike val i korleis dei organiserer familie og karriere.

Innimellom spørsmål-svar-intervjua med desse kvinnene, fortel Nilssen litt frå sitt eige liv som tidsklemt forfattar, kulturbyråkrat og karrierekvinne på farten, som humoristiskironisk husmorbloggar og facebook-brukar, og mor til to, snart tre små barn. «Kjøkenbenkrealisme» er dessutan den rørande forteljinga om det året ho og mannen fann ut at eldstesonen hennar har Aspergers, ei form for autisme.

Det siste, personlege, er det beste. I korte dagboksnotat frå april, august, september og oktober 2011 skriv Nilssen om korleis ho og mannen først får bekymringsmeldinga frå barnehagen om at noko verkar uvanleg med treåringen, om utredningar og møter, til dei får diagnose rundt eit halvt år etter - det er nok Aspergers. Ho skriv om korleis ho grin og grin, kor sårt det er at alt dei trudde dei visste om sonen, likevel var «feil»:

«Tenker på det første eg sa då guten blei fødd: - Eg skal aldri sleppe deg! Seinare har eg trudd at vi hadde eit sterkt og sjølvstendig barn. No tar vi inn over oss at det ikkje er det vi har. No veit vi at vi må tilby struktur og føreseielegheit, vi veit at vi må bruke mykje tid og ha stort tolmod når vi skal lære guten vår ferdigheiter andre barn tileignar seg på eiga hand. Kjærleiken har alltid vore stor, no er den også skremmande».

Varmt utan å bli klissete, sårt på ein måte som vil kunna vere gjenkjenneleg for mange foreldre.

For dette er ei bok for foreldre. Meir spesifikt for foreldre som sjølv står med to bein midt i klemma, anten samvitskvalene dermed er store eller små, eller løysinga på tidsskvisen slik eller så. Det er ingen overraskingar i utvalet Olaug Nilssen har gjort i intervjuobjekt. Her finn vi den omsorgsarbeidaren i deltid; sjukehuslegen med 40-50-timarsveke og aupair; den bevisst heimeverande som aldri ville ofra ungane sine på barnehagens alter; mammabloggaren; og elles ein klar overrepresentasjon av forfattarar og andre med høg kulturell og grei økonomisk kapital. Mannen som er intervjua er heimeverande, elles er mennene sine tankar og og kjensler fråverande i boka.

Det er ingenting grunnleggande feil med intervjua, eller med intervjuet som form. Dei er godt skrivne, til dels morosame, og ikkje utan kritiske spørsmål (sjølv om særs få har spesielt mykje å melda om desse mykje omtala pensjonspoenga kvinner må passa på å sikra seg). Men spesielt originale er dei ikkje. Ei heller djupe eller forskingsmessig haldbare, sidan spørsmåla varierer frå person til person. Alle representerer ein stereotypi, og seier om lag det ein ventar av ein representant for den og den gruppa. Vi har lese om dei før, alle saman, i avissaker om liknande problemstillingar.

Kor er analysen? Samanfatninga? Konklusjonen utover «folk gjer ulike val, fordi dei prioriterer ulike ting, men dei fleste endar med dårleg samvit likevel». Dei uventa perspektiva, eller utvalet damer ein ikkje har høyrt frå før? Gjerne menn også, sjølv om Nilssen vel kanskje har rett i at dårleg samvit er ein kvinnesjukdom meir enn noko som råkar menn generelt.

Her er tilløp. Igjen oftast i dei mest personlege delane, der forfattaren skriv om si eiga kjensle av å stå i klem mellom ulike krav. «Kvinner skal seie ja», sa Anniken Huitfeldt til Olaug Nilssen då ho spurte henne om å sitje i Kulturrådet. Så Nilssen svara ja, og må sidan forhalde seg til valet ho har gjort. Er autismediagnostisering grunn nok til å trekke seg? Kva med små barn? Graviditet? Søvnløyse? Generell slitenhet?

I dei personelege delane klarer forfattaren det ho i mindre grad klarer gjennom intervjua - å vise at det framleis er hald i det gammalfeministiske postulatet om at det private er politisk. Men det private viser også kor begrensa relevans erfaringane ein enkeltperson gjer seg eigentleg er for andre. Kva med dei som har berre to ungar, utan diagnosar? Bør dei følge Nilssens døme og redusere stillinga si? Eller er det ikkje slik det funkar?

Det er sjølvsagt ikkje det. Nilssen vil helst stille spørsmål, ikkje generalisere. Vise fram, ikkje belære. Særs ikkje med utgangspunkt i eige liv. Greit nok, men også synd. Prosjektet hadde tolt at ho tok tydelegare standpunkt. Boka hadde tent på det.

gerd.elin.sandve@dagsavisen.no