Bøker

Jon Fosse forsvarer Nobelpris til Handke

Det må vere lov å påpeike at ingen av sidene i Kosovokrigen var snille, meiner Jon Fosse. Han blei glad då omstridde Peter Handke fekk Nobelprisen i litteratur.

– Veldig mange av dei som uttaler seg veldig bastant kan ikkje ha lese Peter Handke. Dei kjenner ikkje forfattarskapen i det heile. Dei bare reagerer på dei lausrivne sitata dei ser, seier Jon Fosse til Dagsavisen.

Diktaren som sjølv blir nemnd som Norges største kandidat til Nobelprisen i litteratur er i Frankfurt for å lansere det nye verket sitt, «Septologien», på tysk og fem andre språk.

Ombestemmer seg

Han blei glad då Det svenske akademiet kåra Peter Handke til vinnar av Nobelprisen i litteratur sist veke.

– Handke seier både kloke ting og dumme ting. Han tenker seg ikkje alltid like godt om, og ombestemmer seg ofte. Både det han sa om Srebrenica og det han sa om Nobelprisen har han trekt tilbake. Han har hamra laus på Nobelprisen, men takka likevel ja no, seier Fosse, som sjølv har omsett to av Handke sine teaterstykke til nynorsk.

Les også: Mange andre forfattarar reagerte negativt på Handkes Nobelpris

Moras sjølvmord

For den som vil bli kjend med Peter Handke sin forfattarskap, anbefaler Jon Fosse å starte med boka «Kravløs ulykke» («Wunschloses Unglück») frå 1972.

– Det er ei bok om moras sjølvmord. Les ein den, forstår ein meir av Handke sitt forhold til det som før heitte Jugoslavia, landet mora hans kom frå. Han har ein underleg fascinasjon for landet som no er Serbia.

Les også: Handkes norske forlag blei overraska over prisen

Ingen snille

Handke har fått mykje kritikk, både før og etter Nobelprisen, fordi han ikkje har tatt avstand frå det serbiske folkemordet på bosniarar i Srebrenica, og for å ha halde tale i den serbiske presidenten Slobodan Milosevic (1941-2006) si gravferd. Milosevic var då tiltala for ei lang rekke krigsbrotsverk.

– Eg vil ikkje bortforklare det serbarane gjorde. Men det må vere lov å påpeike at dei ikkje var bare snille, den andre sida, heller. Eg syntes også at det var motbydeleg at Nato bomba Serbia. At vi bomba Serbia. Det er ubehageleg å tenke på, syns eg. Veldig. Peter Handke meinte det pågjekk ei einsidig demonisering av Serbia i vestlege media. At ingen prøvde å sjå situasjonen med serbiske auger. Så då ville han vere den som tok den jobben, sier Fosse.

Som Hamsun

Det finst mange parallellar mellom Peter Handke og Knut Hamsun, tenker den norske diktaren.

– Hamsun fekk også Nobelprisen. Av dei tre norske er han den einaste som faktisk har fortent prisen. Handke sin tale for Milosevic var vel omlag like lur som Hamsun sin nekrolog som hylla Hitler. Opportunistar kan ingen av dei kallast. Men store diktarar. Det må gå an å skille litteraturen frå politikken.

Og så er det godt gode kunstnarar ikkje har politisk makt, legg han til.

– Eg vil ikkje nemne namn, men om ein skulle tenke sånn i Norge, så har vi også ein generasjon forfattarar som på 1970-talet tenkte dei verste ting, som for eksempel forsvara Pol Pot. Skal ikkje desse få prisar eller taletid?

Eige blikk

Nøyaktig kva som gjer Handke, eller for den saks skuld Hamsun, til ein god forfattar, synes Jon Fosse det er vanskeleg å forklare.

– Handke har eit heilt eige blikk på verda. Slik store diktarar har. Verda ser annleis ut etter å ha lese hans univers, hans språk. Ho endrar seg. Litteratur er eit estetisk fenomen. Eg klarer ikkje å lese ut av verken Handke eller Hamsun at dei er for folkemord. Litteraturen deira seier det motsette, meiner Fosse.

Sentral-Europa

Mange av forfattarane han set høgast er tyskspråklege. Derfor er det gildt å presentere «Septologien» for denne marknaden på bokmessa i Frankfurt. På den offisielle lanseringa i den norske paviljongen onsdag var det ikkje benkeplass nok til alle som ville høyre Fosse fortelje. Mange måtte stå. Fleire av dei tyskspråklege journalistane nikka stolt og noterte ekstra flittig då det kom fram at Fosse skreiv dei rundt 1500 sidene i Wien, mest om natta.

Les også: - Septologien er uventa sexy (D+)

– Eg er knytt til det tyskspråklege, det vil seie det sentraleuropeiske, seier han til Dagsavisen.

– Franz Kafka og Georg Trakl, som eg begge har omsett, er to av dei største for meg. I ungdommen studerte eg tysk litteratur og ikkje minst filosofi. Heidegger og Wittgenstein. Det er to landskap utanom Norden som har påfallande mange gode diktarar. Det eine er Sentraleuropa, det andre Irland. Men det europeiske gjennombrotet mitt skjedde faktisk i Frankrike, kor eg framleis blir mykje spela. I Tyskland var det ei stor bølge rundt årtusenskiftet, sidan mindre, seier han.

Teaterpause

«Septologien» er, som tittelen fortel, eit sjubindsverk. To av binda kom i ei bok no i haust, dei neste fem binda fordeler seg på to bøker som skal kome i 2020 og 2021. Verket Fosse sjølv kallar «langsom prosa» er allereie ferdigskrive.

– Eg har aldri sagt at eg kun skal skrive prosa framover. Det er ei misforståing. Det som skjedde var at for rundt ti år sidan skreiv eg bestillingsverket «Desse auga» for Rogaland Teater. Teksten er ikkje så verst, trur eg, og skal setjast opp i Frankrike no snart. Men det var veldig tungt å skrive. Så eg tenkte at «no er det slutt. No går du tilbake dit du kjem frå». Til prosa og lyrikk, om det skulle ramle ned eit dikt. Så det gjorde eg. Eg hadde framleis kontakt med teatera, det mest kjende er min versjon av «Edda», men eg skreiv ikkje noko eige for teater dei ti åra.

Les også: Trilogien på Det norske teatret er mørkt og vakkert teater

Nye teaterstykke

Men no er lysta tilbake.

– Då eg var ferdig med «Septologien», var eg i så god skriveflyt. Så eg fekk lyst å skrive eit teaterstykke. Kjapt og greitt skreiv eg eit stykke eg syntes blei godt sjølv, som eg kalla «Sterk vind». Det kjem på Det norske teatret. Og så er eg godt i gang med eit anna stykke. Etter det får vi sjå kva det blir til. I tjue år skreiv eg mest teater. No har eg fylt seksti, og har nok ikkje tjue gode år igjen. Så kanskje blir det meir veksling framover, mellom prosa og dramatikk og omsetjingar. Eg meiner verdslitteraturen skal finnast på nynorsk. Kaftas «Prosessen» må finnast på nynorsk. Så den held eg på med no, sier Fosse.

Mer fra Dagsavisen