Bøker

Innsirkelen er slutta

Carl Frode Tillers «Innsirkling»-trilogi sluttførest med interessante refleksjonar kring litterær utlevering av andre. Kven eig historia om eit liv?

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Carl Frode Tiller

«Innsirkling 3»

Aschehoug

Identitet. Kven vi er og kva som gjer oss til det. Det har vore spørsmålet i dei to forrige binda i Carl Frode Tillers «Innsirkling»-trilogi, og er det i dette, avsluttande. I det første bindet blei lesaren kjend med ei avisannonse som forklarte at David, fødd 1970, hadde mista hukommelsen og trong at alle som kjende han meldte seg i brevs form, med informasjon om kva rolle han hadde spelt i brevskrivarens liv.

Fleire svar kom, frå menneske som gir temmeleg ulike versjonar av Davids barndom og ungdom. Så også i dette siste bindet, som i tillegg til to brev, let David sjølv kome til orde. Det første brevet er frå Marius, som David ikkje kjenner, men som bekreftar det ein tidlegare pleiar på fødselsklinikken skreiv, nemleg at David blei ombytta som nyfødd, og dermed er vaksen opp i feil familie. Det andre er frå Susanne, forsmådd eks-kjærast. Vi får svar på kva som har skjedd med David. Har han verkeleg gløymt alt?

Men lesaren får ikkje nødvendigvis eit klart svar på kven David ER. Det er jo heile poenget til Tiller, dette å vise fram at kven ein person er, vil avhenge av kven du spør. «Innsirkling 3» handlar om biologi og oppvekst, arv og miljø. Om å høyre til i ein familie, men likevel føle seg utanfor. Byttingen Marius har kjend mykje på dette. Han er ein person som gjer og seier ting som han forstår at han kjem til å angre. Umogne, irriterande handlingar, som vil slå tilbake på han sjølv. Men så gjer han det likevel, medan Tiller syner fram kva tankar som driv han samtidig.

Det same gjeld Susanne, ekskjærasten. Livet hennar blei aldri det same etter tida med David, utan at grunnen til harmen hennar skal røpast direkte her. På ikkje-uttalt vis problematiserer hennar forteljing litteraturens kraft, makta bøker har til å bygge opp og rive ned eit menneske. Susanne målber harmen til alle dei som kjenner seg feilbehandla i litterær form. Alle dei som ikkje kom til orde, men som no - etter at ein forfattar har utlevert sin versjon av kven dei er - må leve vidare med at alle andre trur det er slik dei faktisk er. Det er eit evig interessant tema, ikkje minst etter Knausgård, og Tiller turnerer det på støtt og truverdig vis.

«Innsirkling 3» gir eit morosamt og skarpt bilete av ironigenerasjonen. Alle som ei gong sosa rundt på dei humanistiske fakulteta på nittitalet vil kunne flire og nikke gjenkjennande, innforstått med kor vanskeleg og overraskande det er å treffe på notidas oppriktige inderlighet, når alt ein lærte i kritiske ungdomsår var å halde sarkastisk-ironisk avstand. David og vennene levde tidstypiske nittitalske studentliv, inkludert den obligatoriske backpackarreisa til fattige delar av verda. No er dei vaksne, og lever typiske 2000-talske vaksenliv med svære bryllup, parmiddagar og karriere. Dei har irriterande svigerforeldre og minst like plagsame foreldre, som dei framleis slit med å frigjere seg frå.

Romanen handlar om parforhold. Om kor vanskeleg det er å kvile i kjærleik. Kor freistande det er å teste kjærleiken, og kor farleg. Det er ein roman om kommunikasjon og forhold mellom menneske. Om psykiatri som fag, om oljerikdom og familiefeidar. Ein roman rik på referansar til andre bøker, høg- og popkulturelle fenomen, elegant ispeidd tids- og klassemarkørar som TV-program, reisemål og matrettar, utan at det følest overlessa. Til det skriv Tiller for godt, med djup psykologisk innsikt. «Innsirkling» forsvarer den plassen verket allereie er tildelt i kanon over nyare norsk litteratur. Sirkelen er slutta. På meisterleg vis.