Bøker

Heim, kjære heim

Om dei berre får kjøpt det perfekte huset, vil alt bli perfekt, trur Hanne. Men bustadjakta blir mykje farlegare enn ho hadde trudd.

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Marit Eikemo

«Gratis og uforpliktande verdivurdering»

Samlaget

Sett utanfrå er det ingenting gale med livet Hanne lever. Ho har mann, to friske ungar i barnehagealder, fast jobb med heilt grei løn, ok helse, og leilighet i ein del av byen ho likar. Men. Det er alltid eit men her i livet, og Marit Eikemo er ein forfattar som er oppteken av å utforske det. Også her.

For Hanne er ikkje nøgd. Ho syns leiligheten er rotete og liten. At heile livet blir for trongt med ein slik bustad. Dess meir ho tenker på det, jo tydelegare står det for henne at det ho treng, er eit hus. Ikkje kva hus som helst, heller, men det som no er til sals i Lerkevegen 41, i eit nabolag kor mange stemmer SV og er slike folk ho ønsker at ho og familien også skal vere. Slike som har det ryddig og stilfullt, som joggar og steller i hagen, og stadig inviterer den store venneflokken på rause middagar.

Problemet er at Lerkevegen 41 er dyr. Dyrare enn Hanne og mannen eigentleg har råd til. Sjølv om det er eit umoderne sekstitalshus kor det kanskje er fukt i kjellaren, og kor i alle fall badet nok bør pussast opp. Hanne nektar å innsjå det. «Alt kjem til å falle på plass her», tenker ho, og lovar at om berre får det huset, skal ho aldri ønske seg noko meir.

Les også: Samlivsdrama fra laboratoriet

Lesaren ler. Hanne er ein person utan særs god sjølvinnsikt, så mykje vert tidleg tydeleg. Kanskje er ho litt i overkant lite påkopla seg sjølv og sitt eige liv, gitt at ho trass alt er ei høgt utdanna, tilsynelatande ressurssterk og verdsvan kvinne, og ein skarp observatør av andre folk og fenomen. Men ho har også sider som vekker medynk, verkar grunnleggande utrygg i livet.

Mange kan kjenne seg att i den delen av den norske draumen som handlar om bustad. Om perfekt nyoppussa interiør i fint lys, som tatt ut av ein blogg. Også i draumen om harmonisk familieliv utan smular og trass, eller i kjensla av at livet rasar forbi og ikkje gjekk heilt etter planen. Mistanken om at alle andre har meir pengar, meir givande karrierar, fleire venner. Observasjonane av kva nordmenn ønskar seg og måler kvarandre etter er gode, her som i Marit Eikemo sine tidlegare bøker.

Men Hanne sin monomane ide – livsløgna – om at både ho, mannen og ungane kjem til å bli heilt andre folk om dei berre bytter bustad opplevest likevel som litt overdriven. Særs når Hanne er av typen som ikkje går vidare, som alltid samanliknar seg med andre og badar eigne fine minne i negativitet. Til tider opplevest Hanne mindre som ein person og meir som ein ide – ei slags framandgjort og materialistisk tidsånd – i menneskeform.

Ikkje minst sidan Marit Eikemo er ein veldig tydeleg forfattar. «Same kva Hanne gjorde, var det aldri nok til å gle mora», heiter det ein plass. «Hanne har alltid følt seg fattig», står det ein annan. Tell, don’t show. Alt er godt skrive hos Marit Eikemo, i lett og godt språk. Men også veldig grundig forklart. Etter første halvdel av «Gratis og uforpliktande verdivurdering» var eg klar til å plassere ho i kategorien for godt skrivne, men ikkje spesielt originale litteære utforskingar av stoda i par- og bustadsnorge anno 2018.

Les mer om nye bøker her

Men så snører Marit Eikemo det til, og løftar med eitt heile forteljinga mange hakk opp. Det viser seg at Hanne gøymer på noko hemmeleg. Noko ho ikkje hadde tenkt å avsløre, men som no boblar opp og fram og endrar alt mellom henne og mannen. Kva det er, skal ikkje røpast her, men det er noko uventa, noko utover dei forteljingane ein har lese mange gonger før, om utroskap og slikt. Det som byrjar som ei forteljing om bustadmarknaden, og om eit par med økonomiske og karrieremessige utfordringar, blir etter kvart noko langt meir eksistensielt. Det handlar framleis om parforhold, om kjærleik, barn og familie. Om tida som går, og kva ein ventar av ulike livsfasar. Kva kan ein fortelje i eit forhold, og kva må haldast hemmeleg. Kor mange av vala våre er eigentleg våre eigne, og kor mange er bestemte av kulturen. Og kva følger får vala vi tek?

Marit Eikemo stiller spørsmåla, viser fram dilemmaa, utan å konkludere. Tittelen «Gratis og uforpliktande verdivurdering», som i starten peikar på meklarane sin flosklete sjargong, på bustadmarknad og pengeverdi, får etter kvart ei anna tyding. Det er ingenting uforpliktande i å vurdere partneren sin verdi opp mot det livet ein ønsker. Det har høg kostnad.

Alt i alt vert dette dermed ein særs god roman, om vala ein tek og kva som styrer dei, og om prisen på lukke. Kva no lukke er. «Gratis og...» står godt aleine, men får ekstra verdi lesen saman med «Alt inkludert» (2015) og «Samtale ventar» (2011) – alle tre bøker som tematiserer jakten på lukka i verdas lukkelegaste land.

Les også anmeldelsen av Gis bort:Lyst og lett møblert