Han kan vinne prestisjepris – og 500.000 kroner

Jon Fosse syns det er trist at bøker liksom er «mest verdt» når dei finst på engelsk. Men ein nominasjon til den høgthengande Booker-prisen er han likevel glad for.

– Det er trist, men sant, at dei anglospråklege bokprisane før mest merksemd i verda, sier Jon Fosse.

Torsdag blei det kjend at han er nominert til Den internasjonale Booker-prisen for første bok i sjubandsverket «Septologien». På norsk heiter boka «Det andre namnet». Den engelske omsetjinga, «The Other Name: Septology I-II», har Damion Searls stått for. 

Les også: Dagsavisen anmelder «Septologien I-II»: «overraskande sexy» (D+)

50.000 pund

Den internasjonale Booker-prisen blir delt ut annakvart år til ei bok omsett til engelsk. Då deler forfattar og omsetjar prispengane på 50.000 britiske pund, rundt ein halv million kroner, likt. 

Åra imellom blir Booker-prisen delt ut til bøker der engelsk er originalspråket.

– Sjølv er eg utan tvil mest interessert i europeisk litteratur, gjerne sentral-europeisk, og det er jo bra at forfattarar frå Sentral-Europa blir lyfte fram av Booker-komiteen, slik det skjedde med Lászlo Krasznahorkai og Olga Tokarczuk. Utan Booker-prisen er det vel ikkje sikkert at dei hadde nådd den posisjonen dei no begge har, skriv Jon Fosse i ein e-post til Dagsavisen.

Les også: Jon Fosse er med på lista over dei 15 beste bøkene frå 2010-talet (D+)

Ungarsk og polsk

Ungarske László Krasznahorkai og polske Olga Tokarczuk har begge vunne den internasjonale Booker-prisen tidlegare år. 
- Eg kjenner ikkje til så mange av dei andre som er nominerte i år, men derimot kjenner eg til svært mange av dei som har vore nominerte tidlegare år. Av vinnarar vil eg særleg nemna Seiobo der nede av Krasznahorkai. Det er ein av dei sterkaste romanar eg har lese på mange år. Og så sjølvsagt polske Olga Tokarczuk som vann for eit par år sidan, skriv Fosse.

Les også: Jon Fosse forsvarer Nobelpris til Peter Handke (D+)

Nordisk Råds pris

Han er sjølvsagt glad for å bli nominert til Booker-prisen sjølv. 

- Eg er sant å seia glad for kvar einaste nominasjon eg har fått, og det har vorte mange etter kvart, mellom anna ikkje mindre enn sju til Brageprisen, men så langt har berre éin nominasjon ført til pris, og det var då eg fekk Nordisk Råds litteraturpris, skriv han. 

God kritikk

Ikkje minst er han glad sidan det er starten på storverket «Septologien I-II», som er nominert. 

- «Septologien» er viktig for meg. Og den fyrste boka, I-II, kan godt lesast åleine, sjølv om det kjem ut to bøker til før verket er fullført. Den andre kjem til hausten, og den tredje til neste år. «Septologien I-II» har fått fantastisk gode kritikkar, både i Noreg og i fleire andre land, som i Tyskland og i Danmark. Eg forventar ikkje like god respons på dei komande bøkene, men romanen er ikkje ferdig før siste del er utgjeven. Fyrst då samlar alt seg, lovar forfattaren.

Tretten bøker

I denne første nominasjonslista til den internasjonale Booker-prisen, er tretten bøker trukne fram. Dei tretten på dei såkalla «langlista» er omsette frå afrikaans, farsi, fransk, japansk, nederlandsk, spansk, tysk – og altså norsk. 

Blant dei andre nominert er franske Michel Houellebecq for «Serotonin», og tyske Daniel Kehlmann for «Tyll». Begge desse finst allereie på norsk. Tidleg i mars kjem også argentiske Samantha Schweblins «Kentuki» i norsk omsetjing. 

2. april og 19. mai

Den 2. april blir finalistane, den såkalla «kortlista», av dei tretten nominerte gjort kjend, og den 19. mai blir det klart kven som har vunne årets pris. Frå før er bare ein norsk forfattar nominert til den internasjonale Booker-prisen: Roy Jacobsen i 2017, for «De usynlige».

Booker-prisen pleier å bety mykje for vinnaren økonomisk. I tillegg til prispengane, betyr både nominasjon og å vinne prisen oftast auka sal, både av den nominerte boka og andre bøker i forfattarskapen.