Bøker

Grusomt godt

Vakkert poetisk, men grufullt mørk forteljing om umogleg kjærleik og vond avmakt.

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Jan Roar Leikvoll er og blir ein annleis blome i den norske litteraturenga. Allereie med debutboka, «Eit vintereventyr» frå 2008, var det tydeleg at det her hadde dukka opp ein forfattar som vil bruke eit sterkt, nærast manande, poetisk språk til å utforske nokre av dei mørkaste, skitnaste, mest «perverterte» sidene av det å vere menneske, og å vise at også der alt håp burde vere sløkt, finst det kjærleik - i alle fall om definisjonen på kjærleik er vid nok.

I «Fiolinane» frå 2010 handla det også om menneske som lever i umenneskelege kår, og likevel higar etter det vakre. Etter ein slags kjærleik.

Leikvolls tredje roman, «Bovara», er absolutt i slekt med dei to føregåande. Kanskje aller mest med «Eit vintereventyr». Den handla om ein ung manns umoglege og ulovlege kjensler for ein annan mann i ein arbeidsleir der menneskerøyken jamnleg steig frå pipene. «Bovara» er lagt til eit like innestengt og maskulint miljø, eit kloster i ei fall ikkje-tidfesta, nærast mytisk fortid.

Hovudpersonen og eg-forteljaren Frrok er gartnar i klosteret. Dessutan den som ber toalettbøtene og gjer anna drittarbeid. Han er låghalt og halvdøv, og den alle dei andre munkane ler av, hånar og forgrip seg på. På grunn av handicappa, men også fordi dei meir enn anar at han er spesielt nær Flori, ein tjukk, fråfallen munk som brukar dagane til å skrive av bøker. Berre når Frrok syng, får han respekt, for «kvar og ein lengta etter stemma mi, sjølv ikkje dei unge korgutane kom så høgt som meg, slik eg song til kvar messe, og ei lita stund viska songen ut alt som gjekk i bratte bakkar og slitsamt lende».

Frrok lengtar verkeleg etter Flori. Også kroppsleg. Han er uerfaren med kjærleik, med øm omsorg, og lengtar etter å vere nær, saman, kjærleg med nokon han er glad i. Med Flori. Også som arbeidskamerat, for før Flori isolerte seg i tårnet for å skrive, var han saman med Frrok i hagen. Då var alt lettare. Flori verka interessert.

Men skrivaren Flori har hovudet - og hjartet - andre stader. Han rømer ofte til landsbyen, Bovara, om nettene, og er godt kjend blant dei prostituerte der. Då ei av dei prostituerte frå Bovara kjem til klosteret for å prate med han, startar det verkelege dramaet. Frrok anar at ho vil kunne kome mellom han og Flori, og bestemmer seg for å gøyme henne. Det er eit trekk som får katastrofale følger, for alle partane i den vesle trekanten, utan at dei grufulle detaljane skal røpast her.

I poetiske vendingar skildrar Leikvoll eit lite og trongt univers kor menneska, og den reine kjærleiken, har dårlege kår. Eg-forteljar Frrok kallar på medynk, samtidig som det er umogleg å akseptere alle handlingane hans. Språket er klangsterkt, gammalmodig i ordstilling, lyrisk i ordval.

«Bovara» er ein god roman, men også ei veldig vond forteljing. Dei små blaffa av lys og venleik klarer ikkje sløkke mørket hos Leikvoll.