Bøker

«Det andre namnet»: Forkynnaren Fosse

Jon Fosse skriv strålande om kunst som skaper lys av mørke. Som teolog er han hakket mindre interessant.

Dagsavisen anmelder

Les også: – Må tilbake til Ibsen for å finne en norsk dramatiker med like stor betydning i verdensdramatikken

ROMAN

Jon Fosse

«Det andre namnet. Septologien I-II»

Samlaget

Ein kunstmalar heiter Atle. Han er enkemann etter Ales, og bur og arbeider aleine ein stad som heiter Dylgja. Det er advent nær opp til vår tid, ei tid kor folk køyrer bil men ikkje har mobil, og det er lov å røyke inne på pub.

Etter ein handletur til Bjørgvin køyrer Atle forbi bustaden til ein namnebror som også er kunstmalar. Han burde stoppa innom. Atle i Bjørgvin er alkoholikar. Atle i Dylgja har slutta å drikke. I staden har han funne Gud.

Les også: Slik blir bokhøsten: Mange veteraner, mange gode utfordrere (Dagsavisen+)

Atle rastar, og ser interessert på eit ungt par som driv heftig kurtise på ein leikeplass. Så køyrer han heim. Naboen Åsleik tek imot han. Men så kjenner Atle at han må tilbake til Bjørgvin. Namnebroren der har det ikkje bra, det føler han på seg.

Og har rett. I Bjørgvin snør det tett, og den edru Atle finn den fulle Atle i ei snøfonn, alvorleg sjuk. Han må på legevakta. På bilturen heim neste dag, etter ei natt på hotell, tenker Atle i Dylgja på barndommen med søstera Alida, og på naboguten som drukna i fjorden. Nabo Åsleik tek igjen vel imot han.

###

Slik kan handlinga i «Det andre namnet», som er del ein og to av det som skal bli ein septologi, altså eit verk på sju delar, oppsummerast. Neste haust kjem andre, «Eg er ein annan», i 2021 den siste, «Eit nytt namn». Til Fosse å vere er første bind ei tjukk bok, på over 500 sider.

Kanskje er det derfor forfattaren gir seg sjølv god tid på å kome skikkeleg i gang, ein litt seig start kor han sirklar tålmodig rundt Atle og arbeidet som målar. «Eg har berre eitt bilete, eitt einaste bilete, og alle dei andre bileta, også dei eg ser og som fester seg og som eg ikkje klarer å gløyma, har noko i seg som liknar på det eine biletet eg har i meg, og det er ikkje noko som kan sjåast, men noko som er i det eg ser, som gjer at det fester seg i meg», tenker Atle tidleg, og gjentek det med same og liknande ord fleire gonger seinare. Det er inga dårleg oppsummering av kunstnarar flest, uansett uttrykksform. Best i «Det andre namnet» er diskusjonen rundt kva som gjer kunst til kunst. Om skaping.

Fosse sin skrivestil er alltid lett å kjenne igjen. Her er ingen punktum, få andre skiljeteikn, mange repetisjonar av både ord og setningar, med korte og lengre mellomrom, ein heil del arkaiske ord og ofte lett gammalmodig ordstilling. Likevel er det lett å lese og forstå, fint å puste i Fosse sin rytme. Forteljaren er heile tida den same. Det er Atle som tenker og taler, som lever seg inn i og refererer andre.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Trugne Fosse-lesarar vil også kjenne igjen detaljar og tema frå tidlegare Fosse-bøker i «Det andre namnet». Namna Atle, Ales, Alida og Åsleik går igjen, som stadnamna Bjørgvin og Dylgja. Nokon druknar i fjorden, folk bur i gamle hus der slekta har budd lenge, her er naust og båtar og underlege parallellar og band mellom menneske på tvers av tid og geografi. For namnebrørne Atle og Atle er speglinga særs tydeleg. Eine Atle har hamna på den lyse sida, andre Atle i skuggen. Men mykje er likt likevel.

Lyset og mørket er viktige stikkord. Ute er det mørk adventstid, men snøen gjer vinteren lys. Kunstmålar Atle tenker mykje på korleis lyset og mørket heng saman, korleis den eine berre kan finnast om også den andre gjer det. Også i religionen er det slik, meiner Atle. Han trur fast på Gud, og kjem med mange og lange teologiske utgreiingar. «ja sjølv i den verste vondskap, er også det motsette, er godleiken, kjærleiken, ja Gud er usynleg til stades også der, for Gud finst ikkje, han er, og i alt som finst er Gud, ikkje lik det som finst, men som at det finst, som være, dei seier, tenkjer eg, så jamvel om godt og vondt, fint og stygt stridest, så er det gode alltid der og det vonde prøver berre å vera der, liksom, tenkjer eg og eg tenkjer uklårt og et skjønar så lite» innrømmer han, men har allereie konkludert med at «det forunderlege er at det likevel går an å tru på den kristne bodskapen, på den glade bodskapen, på evangeliet, merkeleg nok, det går an, for det er berre å byrja å tru og så trur ein, då kjem trua av seg sjølv». Eigentleg verkar Atle – og den som har skapt han – aller mest fascinert av dei kristne tekstane, messande bøner på latin og nynorsk, sagde fram med bønekrans attåt. Utover det er det «berre» å tru, lyder forkynnaren Fosses ord.

Les også: Jon Fosse gjør comeback (Dagsavisen+)

Atle, og altså Fosse, sine tankar om kunst overtyder meir. Kunstnaren vil skape, sjølv om kunsten ofte blir ein bleik kopi av ideen, som heile tida er den same. Av og til, i glimt, kjem ein nær nok til at det verdt det. «Det andre namnet» er – også i den ikkje-kristelege tydinga av orda – ein inspirert og inspirerande kunstnarroman, ein god start på ein lengre syklus om å sjå og å skape. At Atle i Dylgja liknar Jon Fosse av utsjånad, er ein annan artig detalj, utan at dette er såkalla «virkelighetslitteratur» av den grunn. Mest er dikta, ting både er og er ikkje som verda utanfor verket.

Artig er det dessutan å oppdage at Jon Fosse kan skrive skikkeleg sexy prosa. Rett nok startar det elendig, med at hennar nei eigentleg betyr ja, men då det unge paret på leikeplassen først kjem i gang med leiken sin, er det imponerande kva Fosse får til med ei enkel disse, det leikeapparatet som på bokmål heiter «huske».

Fosse er Fosse, ein sjanger for seg. Andvake-trilogien hans (2007-2012-2014) står allereie støtt som ein klassikar i norsk litteraturhistorie. Første bind av Septologien lever ikkje heilt opp til den. Men enno står det fem delar att. Det blir fint å følge Atle og Atle vidare.