Dagsavisens julekalender: 7. desember

Helvete er der hytta er.

Are Kalvø: «Hyttebok frå helvete», humor, Kagge forlag

Fødde med ski på beina og goretex på kroppen, med fjelltoppen i sikte og skogen som stove. Slik er nordmannen, og slik er nordkvinna. Konstant ute på tur, sidan #liveterbestute, som det heiter på Instagram. Og meir er det vel knapt å seie om den saka, om ein då ikkje skal dele ein haug bilder frå turen på Facebook.

Med mindre ein er eit unntak. Som Are Kalvø. Mannen som sjølv om han vaks opp omtrent midt i naturen, omgitt av høge fjell og nydeleg utsikt, på ein slik stad byfolk oppsøker nettopp for å gå på topptur med og utan ski, ikkje går på tur.

Ja. Du las rett. Are Kalvø, nynorskmann frå bygda, går ikkje på fjelltur. Eller skogstur. Han går og går, forklarer han i den nyaste boka si, men det skjer i bygatene, ikkje naturen. Den har han ikkje oppsøkt på tretti år. Før han gjer det likevel, og skriv bok om det.

Boka heiter «Hyttebok frå helvete», kom i haust, og er akkurat så morosam som ein kan vente av ein av landets skarpaste samfunnssatirikarar. Kalvø startar med å fortelje om sitt eige forhold til natur og turgåing, og om kvifor dette ikkje opplevest som noko for han. Han raljerer bra med alle som likar å gå på tur, men som alltid hos Kalvø, er det varm og klok humor, av den intelligente typen, den som sparkar oppover.

Og innover. For å forstå denne turgreia, bestemmer Kalvø seg nemleg for å gå på tur likevel. Han kjøper utstyr. Det er ikkje lett. Bestemmer seg for kor han skal gå. Ditto. Og slik held han fram, i det eine kapitlet festlegare enn det andre.

Les meir: Are Kalvø fortel om boka og om kven han vil stå fast i heisen med. Han er ikkje så kresen på det siste.

Les også: I 2016 hadde Are Kalvø imidlertid eit anna svar på det med heisen.

«Hyttebok frå helvete» er eit glitrande julegåvetips til alle som likar natur, det vil seie om lag alle norske menn og kvinner.

Bonusinformasjon for folk i Oslo-området: På Litteraturhuset i Oslo søndag 7. desember klokka 13.00 kan du høyre  Are Kalvø live, som det heiter på nynorsk, og få signert «Hyttebok frå helvete» i same slengen. Kanskje blir det kø inn dørene i Wergelandsveien. Men neppe like tett som over Besseggen.

Les også - Dagsavisens julekalender:

6. desember

5. desember

4. desember

3. desember

2. desember

1. desember 

Og her er oversikten over årets TV-kalendre