Bøker

Då nynorskparadis låg i Asker

Dei var kjendisar som skreiv bestseljande bøker, dreiv landets einaste riksdekkjande avis, og gjeninnførte folkedans og bunad. Imponerande gjort av ein så sjuk og skrøpeleg gjeng som Askerkretsen.

HVALSTAD (Dagsavisen): - Her, på Labråten i Asker, starta eit prosjekt som endra Norge for alltid. Askerkresen var ein kulturpolitisk maktfaktor som arbeidde for å gjere landet norsk, og lukkast i mykje av det dei prøvde på, seier Alfred Fidjestøl til Dagsavisen.

Han er nyslått vinnar av den gjeve Sultprisen for «et eminent yngre forfatterskap», og forfattar av fleire sakprosabøker, no sist boka «Frå Asker til Eden».

Garborg og gjengen

Den handlar om den såkalla Askerkretsen, som var ei samling kulturmenneske som budde like ved kvarandre på Hvalstad mellom 1897 og 1924. Aller best kjende er forfattaren Arne Garborg, som var gift med forfattar, kulturarbeidar, teaterpådrivar, bunads- og danseentusiast Hulda Garborg.

Dei flytta til Hvalstad saman med ektepara Marta og Rasmus Steinsvik og Karen og Ivar Mortensson. Sidan kom kulturpersonar Kristofer Uppdal, Rasmus Løland, Olav Nygard, Steinar Schjøtt flyttande, medan Harriet Backer, Kitty Kielland, Fernanda Nissen og mange fleire var blant vennene til kretsen.

- Det Norske Teatret oppstod i dette miljøet, som forgjengaren Spellaget. Folkedans- og bunadstradisjonen vart gjenoppliva her. Landsmålsavisa «Den 17de Mai» vart riksdekkjande, alt medan Askerkretsen forfatta eigne verk og omsette ei lang rekke bøker til landsmål, inkludert klassikarar som Holberg og Homer, seier Fidjestøl.

Sjuke og skrale

Men det var ikkje alt dei fekk utretta som gjorde at Alfred Fidjestøl ville skrive om Askerkretsen.

- Det som fascinerte meg mest, var alle paradoksa, gapet mellom dei ambisiøse prosjekta og kor puslete og sjukelege desse folka var privat, seier han.

Eller, som han skriv: «Dei var hypokondriske og tuberkuløse, gjekk ut og inn av galehus og sanatorium, krangla og plaga og elska kvarandre». Alt godt dokumentert i brev og dagbøker - dette var skrivande folk.

Populært landsmål

På 1890-talet var landsmål, som er forløparen til nynorsk, populært. Arne Garborg hadde fått statsstipend etter å ha gitt ut bestseljande og kritikarroste bøker som «Bondestudentar», «Haugtussa» og «Fred» på det framleis relativt nye skriftspråket. I 1895 blei landsmål jamstelt med riksmål til skulebruk, og kyrkjesokn kunne sjølv velje målform.

Då Askerkretsen i 1898 nærmast raska ihop ein slags festival dei kalla «Den norske marknanden» til inntekt for målrørsla, blei det supersuksess, med bidrag frå alt frå superkjendisar som Fridtjof Nansen til kunstnarar som Edvard Grieg, Erik Werenskiold og Harriet Backer.

Bjørnsons hattale

Men så snudde vinden. Landsmålet byrja bli verkelet populært, riksmålsfolket byrja å forstå at målfolket meinte alvor. At dei ønska landsmål som einaste skriftspråk i landet, og vaks fort.

- I 1899 heldt Bjørnstjerne Bjørnson eit flammande hatefullt foredrag mot landsmål spesielt og mot bønder og bondekultur generelt. Den varsla eit nytt klima. Premisset for målfolket hadde heile tida vore at Norge skulle ha eitt skriftspråk, ikkje to. Det var sjølvsagt hardt for den kulturelle eliten i byane, særs hovudstaden Kristiania, å akseptere at ein gjeng innflyttarar frå bygdene skulle kome hit og fortelje dei korleis det skulle vere å vere norsk, seier Fidjestøl.

Konflikten mellom dei to målformene, og mellom «norsk» og «ikkje-norsk» varer framleis.

- «Kva er norsk kultur?» er ein interessant diskusjon også i dag. Sjå bare Christian Tybring-Gjedde sine utfall mot kulturminister Hadia Tajik i fjor. Men i dag diskuterer vi trass alt. Bjørnson-talen viste fram reint hat, seier Fidjestøl.

Middels vellukka

Hundre år etter Askerkretsen er det tydeleg at gruppa som var så mektig i samtida, lukkast berre delvis i det dei prøvde på.

- Dei hadde eit heilt utruleg nettverk av politikarar og kulturfolk som hjalp kvarandre fram. Habilitetstankegangen var fråverande. I Asker skulle dei byggje Eden, eit nytt Noreg. Mykje av arbeidet deira viser framleis tydeleg igjen: Det Norske Teatret, Norsk Barneblad, Heimen Husflid med bunader, og folkedanstradisjonen i Bygdeungdomslaget lever alle bra, seier Fidjestøl.

Men sjølv om norsk litteratur, teaterkunst, bunads- og folkedanstradisjon kan takke Askerkretsen, glapp hovudprisen for dei. Slik Garborg-huset Labråten og husa rundt var ein landsmålsghetto i riksmålsland, ligg Det Norske Teatret, Heimen Husflid og Bygdeungdomslaget som ein bitteliten eittkvartals nynorskgetto i bokmålsbyen Oslo hundre år seinare.

- Den store kampen, det om å verte den dominerande norske kulturen, og om at landsmål eller nynorsk skulle verte det einaste norske skriftsspråket, tapte dei. Sjølv om dei endra imponerande mykje til å vere så få og så pjuske, seier Fidjestøl.

gerd.elin.sandve@dagsavisen.no

Mer fra Dagsavisen