Bøker

Bokanmeldelse: Olaug Nilssens «Yt etter evne, få etter behov» er stødig som fjell

Eg ser at du e trøtt, men eg kan ikkje gå alle skrittå for deg. Men korleis skal det gå om ingen gidd eller orkar å gå dei med deg heller, spør Olaug Nilssen i sin varme og kloke nye roman.

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Olaug Nilssen

«Yt etter evne, få etter behov»

Samlaget

Guten Benjamin i «Yt etter evne, få etter behov» har autisme. Han manglar talespråk, kan bli fysisk utagerande og valdeleg, og må passast døgnet rundt. Mora hans, Lea, ligg utsliten heime under dyna. Dei første åra tok ho seg av ein stadig meir krevjande Benjamin som aleinemor. Fekk diagnosen, og testa ut ulike behandlingsopplegg – utan hell. No har Lea gått på ein smell, og orkar nesten ingenting. I alle fall kjennest det sånn.

Søstera hennar, Rakel, fungerer som næraste omsorgsperson for Benjamin no. Ho er også singel. Praktisk og flink, pliktoppfyllande og flittig – heilt utan å klage over det slitsame arbeidet ho plutseleg sit aleine med.

Rakel ordnar opp, om ikkje akkurat med stor glede, så i det minste med gode resultat. Litt pietistisk arbeidsmoral har aldri skada nokon, meiner ho, og irriterer seg over at «flink pike» er blitt noko negativt. Skal ikkje dei som får til mykje, dei som orkar meir enn andre, få lov til å gjere det? Utan at folk kjem dragande med det dårlege samvitet sitt fordi dei ikkje klarer like mykje sjølv?

Dessutan, trumfar Rakel: Kven skal passe Benjamin, om heller ikkje ho orkar? Lea er faktisk sjuk, og kommunen har enno ikkje hosta opp den faste institusjonsplassen guten eigentleg har krav på.

Rakel og Lea sine foreldre, Gudrun og Sverre, demonstrerer tydeleg at dei ikkje får til å ta seg av det krevjande eldste barnebarnet sitt. Yngstesøster og attpåklatt Linda nektar tvert, ho meiner Lea må skjerpe seg og ordne opp sjølv.

Les også: Bokanmeldelse: Lars Petter Sveen: «Nordriket»: Dystert og virkelighetsnært om kjærlighet og frykt

Rakel sitt spørsmål er eitt av dei mest sentrale i Olaug Nilssens «Yt etter evne, få etter behov»: Kven skal yte omsorg overfor dei som verkeleg treng det, dersom ingen maktar ansvaret? Kvifor har vi så vondt for å anerkjenne at folk har ulik kapasitet for det arbeidet omsorg er? Og kva er eigentleg greia med å underkjenne at å gi omsorg, stell og praktisk hjelp faktisk er arbeid, slik sjølvaste Jesus gjer det i forteljinga om søstrene Marta og Maria?

Sjølv om tittelen er marxistisk, er det nemleg kristelege forteljingar, songar og miljøerfaringar som dominerer i Olaug Nilssens første roman etter knallsterke «Tung tids tale» frå 2017. Også språkleg – teksten er subtilt og openlyst fullspekka med bibelmunnhell, som då mor Gudrun får ein kommentar ho opplever som sårande og «gøymde det i hjartet», eller då Rakel tenker på Benjamin som «ein av mine minste». Fleire av Bjørn Eidsvåg sine kristelege songar kling med gjennom teksten, særs «Føtter på fjell», kor nokon «viste meg nåde istedenfor krav/da fant jeg tilbake til meg selv».

Anmeldelsen fortsetter under bildet.

###

Omslaget til «Yt etter evne, få etter behov»

Les også: Anne Grete Preus: «Følte meg ikke trygg på at barn ville bli akseptert»

Men dette er inga forteljing om vonde brot med mørk kristendom. Både Rakel og den elles strengt fromme, no avdøde, farmora deira tek lett Martas parti mot Jesus i bibelforteljinga kor Maria får skryt for å sleppe alt arbeidet og sitje hos Jesus like etter at Marta har påpeikt at det er mykje som må gjerast når ein har besøk. Det er artig, lett å rope eit rungande amen til.

Festlege er også mor Gudrun sine observasjonar av ektemannen Sverre, ein from og mild bedehusmann som seier dei rette tinga, men som manglar praktisk sans og handlekraft nok til faktisk å bidra på fornuft vis. Han har det berre i kjeften og faktene. Er ingen mørkemann – denne typen gubbe møter ein minst like ofte blant predikantar frå den politiske venstresida, blant slike som frå talarstolen snakkar varmt om arbeidet «på gølvet», men som aldri kjem på at dei sjølv kunne vore med å stable saman stolar og feie over golvet etter møtet– dette arbeidet på gølvet er kun teori.

Les også: Klar og sterk tale

Her er generelt mykje humor. Ikkje vitsar å le høgt av, men karakteristikkar og typar å smile lurt av. Desse folka han mange møtt før, på ekte og i sosiale medium, kor dei framstiller seg med ulike nivå av klokskap.

«Yt etter evne…» har fire forteljarar: Lea, Rakel og Gudrun, pluss Peter, som arbeider ved avlastingsinstitusjonen Benjamin av og til er på. Dei fire har oftast ulike versjonar av same situasjon. Likevel har alle fire rett. Romanens store styrke ligg nett der. I empatien.

Lea har sine feil og manglar, men ho er langt frå dum, og ikkje slem heller. Skammen ho kjenner over å vere sjukmeldt er reell, og vond. Rakel er imponerande flittig, men også for sliten til heilt å skode over situasjonen. Gudrun meiner godt, men orkar ikkje bidra så mykje som alle skulle ønske, og er dessutan fanga mellom tre døtrer med ulike svake punkt. Peter arbeider hardt, og får som Marta høyre at dette er feil – men er det eigentleg det? Det er lettare å dømme utanfrå når ein ikkje kjenner situasjonen innanfrå.

Les også: Her er 2010-tallets 15 beste bøker

Av og til finst det ingen enkle løysingar på vanskelege problem. Ingen reine skurkar, eller heltar som faktisk orkar å vere det over tid. «Yt etter evne, få etter behov», peikar på eit politisk problem – den manglande avlastinga. Men det politisk er også privat og personleg – korleis skal ein, som Bjørn Eidsvåg syng om, orke å «leva [livet] med deg»? Når tilby nåde, og når setje krav?

Olaug Nilssen byr ikkje på fasit. Men boka hennar går i alle fall nokre av skritta med den som måtte trenge det, og opnar eit rom i verda for dei som vil lære. Og det skal ikkje takast ifrå henne.