Bøker

Bokanmeldelse: Elena Ferrante: «Dei vaksnes løgnaktige liv»: Historia om dei svikefulle foreldra

Jo visst gjer det vondt når knoppar brest, og mamma og pappa krasjramlar ned frå pidestallen. Elena Ferrante er tilbake, med ei ny dissekering av klasse, blodsband og lausriving.

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Elena Ferrante

«Dei vaksnes løgnaktige liv»

Omsett av Kristin Sørsdal, Samlaget

Vi er i Napoli. Ikkje i dei fattige arbeiderstrøka nederst i byen, der Lena og Lila i Elena Ferrantes bestseljande Napoli-kvartett veks opp. I alle fall ikkje i starten. I italienske Ferrantes ellevte bok og åttande roman på norsk startar vi lenger oppi åssida, der middelklassen bur.

###

Giovanna er tolv år, einebarn, dotter at to lærarar som begge underviser på vidaregåande. Ho har alltid elska foreldra sine. Særs faren, som ho opplever som raffinert, pen og snill. Ho veks opp i trygg forvissing om at ho er uunnverleg for han.

Les også: Han tenker på Ari Behn kvar dag. Og blir trist

Til alt endrar seg. Slik det skal og må i ein roman av Elena Ferrante. Giovanna er komen i puberteten. Ho gjer det ikkje lenger så godt på skulen. Det irriterer faren. «Ho begynner å likne Vittoria», seier han til kona, utan å vite at dottera høyrer kommentaren. Giovanna tolkar det på den einaste måten ho kan: «far min sa til mor mi at eg var veldig stygg».

Heile oppveksten har ho nemleg høyrt at tante Vittoria er «den perfekte kombinasjonen av stygt og vondskapsfullt», «eit monstrøst vesen som skitnar til og infiserer alle det rører ved». Ikkje at ho eigentleg kjenner tanta, ho har knapt sett henne. Men ho kjenner avskyen og redselen begge foreldra kjenner overfor Vittoria.

Verda rasar for Giovanna. Ho er i den skjøre puberteten, kjenner seg allereie einsam, skiten og full av skam. Men ho trudde faren lika henne, at han syntes ho var pen. Utan trua på det, anar ho ikkje kva eller kven ho er.

Det skjønne, det vakre, det vene. Elena Ferrante skriv mykje om det, i alle bøkene sine. Få stader er folk så opptekne av utsjånad som i forfattarskapen hennar. Å bli kalla stygg kan øydelegge eit liv, skake opp noko som aldri fell tilbake på rett plass. Kanskje seier det noko om Italia og machokulturen der. Kanskje ein del om Ferrante sjølv, om han eller ho eller dei som framleis held fast i pseudonymet sitt, og som sikkert gjer rett i det. Det seier definitivt noko om patriarkatet, om korleis kvinner blir lærte opp til at skjønnheit er den høgaste verdsette valutaen som finst, noko som må forvaltast klokt.

Les også: «Metoo har forandret synet på oss kvinner til å være noen skruller som ikke vet hva vi gjør» (D+)

«Dei vaksnes løgnaktige liv» er, som tittelen røper, ei bok om den smertefulle oppdaginga alle barn må gjere: Foreldre er langt frå perfekte. Barnet må lausrive seg. Det gjer vondt. Ikkje minst då det viser seg at sex, begjær, lidenskap er noko ganske anna og langt meir oppskakande enn dei tekniske øvingane på bileta i dei pedagogiske bøkene foreldra har vist Giovanna.

Sex, viser det seg, har også vore ei viktig drivkraft i foreldras liv, og er det framleis. Dei begjærer, knullar, er utro og angrar – dei oppfører seg kort og godt skikkeleg dumt også om dei tilhøyrer den eksklusive gruppa menneske som Giovanna trudde var meir intelligente og hakket høgareståande enn andre, som faren. Det kjem som eit sjokk for den uskuldige middelklassejenta med akademikarforeldra.

Les også: Dottera og mora har ikkje hatt kontakt på tre tiår. No vil dottera likevel. Det går ikkje så greit i Vigdis Hjorths nye roman, Er mor død (D+)

Den som verkeleg opnar augene hennar for mykje av dette, er tante Vittoria. Etter å ha fått høyre at ho liknar på henne, klarer ikkje Giovanna å halde seg unna. Ho oppsøker tanta, og blir raskt dregen inn i ei ny verd med andre verdiar. Giovannas far har bokstavleg tal arbeidd seg oppover. Klassereisa hans starta nederst i byen, i dei nedslitne, fattige områda der det i Ferrantes versjon er rå makt, vald, uskjøne hierarki og motløyse – men også lojalitet og trygge familieband – som dominerer. No har han karra seg fast i middelklassestrøket lenger oppe i åssida, kor utdanninga har gitt han jobb som lærar, og innpass som skribent av artiklar som av og til vert publiserte i viktige tidsskrift.

Tante Vittoria er blitt buande nederst. Ho arbeider som reinhaldar. Er singel, men held tett kontakt med slekt og familie, og – meir kuriøst – med enka etter og dei tre barna til elskaren hennar, ein mann som no er død. Blant desse menneska leitar Giovanna etter svar på kven ho er, kven ho kjem av, og kven ho kan bli.

Ho gjer sine første seksuelle erfaringar, i starten lite tilfredsstillande (« frå buksa hans kom det ein skarp dunst av urin som gjorde meg kvalm»), sidan vert forholda farlegare og meir øydeleggande. Foreldra sine mønster gjentek seg, også i neste generasjon fører begjær til svik.

Les også: Her er nokre av bøkene Dagsavisens bokmeldar gler seg ekstra til i haust 

Elena Ferrante er på sitt beste idet ho diskuterer slike mønster, indirekte og eksplisitt. Er vi fødde sånn eller blitt sånn. Og kan ein eigentleg bli noko ein ikkje var frå før? Nei, verkar svaret å vere, for fortida, opphavet, blodsbanda vil alltid finne seg måtar å velte seg opp og fram på, med voldsom og øydeleggande kraft. Sjølv som vaksen, idet ho startar forteljinga, er Giovanna usikker på om ho faktisk er noko i seg sjølv, eller «berre ei flokete smerte, utan forsoning»

«Dei vaksnes løgnaktige liv» manglar kanskje den frodig boblande krafta og råskapen frå Napoli-kvartetten. Den er det mest av i scenane med tante Vittoria, mindre av så snart Giovanna er aleine. Men forteljinga er fullt på høgde med dei tre frittståande romanane som kom på italiensk før kvartetten, og i norsk omsetjing etter. Få kan som Ferrante skildre skam, fortviling, sinne og begjær – «Dei vaksnes løgnaktige liv» er stinn av dei flauaste, nedrigaste, såraste livserfaringane, og vik aldri unna å setje ord på dei.

Kristin Sørsdal har som alltid gjort ein glitrande jobb med omsetjinga, som fint balanserer det danna mot det udanna, slik Elena Ferrante alltid er like oppteken av.

Les også fleire bokmeldingar, forfattarintervju og litteraturnyheiter i Dagsavisen bøker