Bøker

Anmeldelse Carl Frode Tiller: Fin fuge

Kanskje finst der meir mellom himmel og jord enn vi heilt kan forklare, foreslår Carl Frode Tiller forsiktig. Den rike klangen i «Flukt» er solid bevis på at han er inne på noko.

Roman

Carl Frode Tiller

«Flukt»

Aschehoug

Flukt av Carl Frode Tiller

Det er første julaftan etter at Elisabet og Sakarias sin tolvårige son, Johannes, døydde i ei ulukke. Sorga er djup og rå og einsam. Paret har gått frå kvarandre. Elisabet drikk for mykje, Sakarias arbeider for mykje. Ingen av sorgmeistringsstrategiane fungerer. Dei lurer på om dei var gode nok foreldre. Skuldar seg sjølv og kvarandre. Kranglar, før som no. Kjenner seg i utakt med alt og alle. Sinte. Fortvila. Aleine.

Likevel besøker dei grava saman på julaftan. Etterpå vert Sakarias med Elisabet heim i huset kor dei ei gong budde som familie. Ho spelar Bach-fugen «Das Wohltempiererte Klavier» for han. Han nyt musikken. Bestemmer seg for å overnatte. Dei treng jo ikkje ligge saman.

Noko skjer den natta. Johannes kjem til dei.

Heile natta er han i dei. Det kan ikkje forklarast, men han er der likevel. Vever seg inn og ut av tankane til mora og faren. Viser fram hittil hemmelege hendingar og kjensler. Som at Johannes kjenner seg som jente, men skammar seg for dette «sjuke». Foreldra får sjå einsemda, og korleis deira sine klumsete forsøk på å kople han med andre barn berre gjer vondt verre.

Er det Johannes’ ande, dette, som heimsøker foreldra? Er han blitt ein engel? Ein slags bodberar frå etterlivet? Frå himmelen? Kva er i så fall bodskapen? Skjer det på ekte, eller er alt ein draum? Spørsmåla heng i lufta, idet Carl Frode Tiller let forteljarstemma flyte frå Johannes til Elisabeth til Sakarias og tilbake.

Han gjentek og varierer, slik Bach gjer det i sine fuger. Let same situasjon sjåast frå ulike vinklar. Slepper tråden, plukkar han opp att seinare. Temaa blir introduserte, varierte og utvida. Banda strekte, tvinna, løyste opp og tvinna saman igjen.

Forteljinga blir musikk, musikken glir inn i forteljinga. Ikkje at ein treng kunne noko om Bach sine fugar for å forstå – det held å la seg flyte med, føle med, og vere i teksten. La rommet og tida opne seg.

Det er inspirert, i den konkrete og overførte tydinga av orda. Fylt av luft. Av ande. Kreativitet og inspirasjon. Kanskje også av noko meir. «Flukt» kan lett tolkast kristeleg, som eit slags «forsvar» for at det finst noko meir der ute, noko som kanskje har med Gud å gjere.

Men i motsetnad til Jon Fosse, som er ein stilistisk slektning av denne boka, og som i «Septologien» argumenterer eksplisitt for at kunst og ande og inspirasjon er gitt av Gud, er ikkje Carl Frode Tiller nokon misjonær. Han verkar heller usikker. Som om han leitar sjølv, etter eit fornuftig svar på det han fortel. Tiller let konklusjonen stå open. Viser berre fram. Og undrar seg.

Namna har forfattaren lånt frå Bibelen. Elisabet er ho som, lenge etter at dei fruktbare åra var over, fekk beskjed av erkeengelen Gabriel om at ho likevel skulle bli mor. Eit mirakel. Sakarias tvilte, og blei straffa av Gud. Sonen deira blei døyparen Johannes.

Johannes i boka er også annleis. Han passar ikkje inn. Åh, så vondt det er å vere liten! Carl Frode Tiller skriv gjerne om dei som fell litt utanfor, i «Flukt» som i tidlegare bøker. Det såre, det sinte, det som skurrar. Også Elisabet og Sakarias kjenner på det, i sine liv.

Han syner fram kor skjør kommunikasjonen alltid er, mellom menneska. Kjenner dei mange laga i dialogane, kontrastane mellom det vi seier og det vi meiner, mellom det orda står for og kroppen røper. Korleis vi les kvarandre, og alltid mot bakgrunnen vi kjenner frå før. Dansen vi utfører, igjen og igjen, ofte i same spor og med like trinn som før. Også der musikk, i Tillers komposisjon. I kranglane.

I den grad han kjem med svar på dei store spørsmåla han stiller, om anden og livet og det vi ikkje forstår, er det der dei ligg: i kunsten. I seg sjølv er ingen av linjene i Bach sin fuge tilstrekkelege, tenker Elisabet, eller Sakarias, eller Johannes, men til saman skaper dei eit løft, fordi kvar detalj har ei meining i ein større heilskap. Slik er det også i «Flukt». Heilskapen er større enn delane. Å dele opplevinga kan bryte sperrer mellom menneska. Gi utvida empatisk innsikt. Sameine.

Det er dessutan imponerande at akkurat Carl Frode Tiller, som for lengst er hylla og æra som ein av dei fremste forfattarane i dag, framleis testar ut stadig nye måtar å fortelje på. Klassisk hard realisme i «Skråninga», eit kor av soloforteljarstemmer i «Innsirkling», omvendt kronologi i «Begynnelser» – og no altså oppløyste og flytande grenser mellom ulike stemmer – og mellom ulike bevisstheiter? – i «Flukt».

Kjærleik og død, sorg og kommunikasjonsbrest. Kjende tillerske tema, nydeleg handsama. «Flukt» er ei av haustens beste bøker.

Nyeste fra Dagsavisen.no: