Bøker

Anmeldelse Virginia Woolf «Til fyret»: Klassisk — og veldig, veldig god

Det er langt frå alle bøker som blir betre og betre dess fleire gonger ein les ho, og jo eldre lesaren er. Men denne blir det. Ikkje minst i denne nye norske omsetjinga.

Roman

Virginia Woolf

«Til fyret»

Omsett av Brit Bildøen

Skald forlag

Til fyret av Virginia Woolf, omsett av Brit Bildøen, formgitt av Øystein Vidnes og Andreas Töpfer.

Kva er livet, idet det flaksar forbi? Kan vi fatte tida. Gripe ho? Gjennom kunst, kanskje, eller filosofi? Og kva med andre menneske. Forstår vi dei? Sånn eigentleg? Eller vil våre eigne assosiasjonar, fordommar, innfall alltid kome i vegen?

Store, evige, spanande spørsmål. Dei er sentrale i «Til fyret», den britiske forfattaren Virginia Woolf sin roman, som no er ute i ei ny, særs god, norsk omsetjing ved Brit Bildøen.

Faktisk er spørsmåla sentrale i heile Virginia Woolf sin forfattarskap. Men ikkje på ein tung og vanskeleg måte, aldri med krav om svar og to strekar under konklusjonen. Til det er Woolf altfor klok.

Ho viser heller fram korleis det er — eller kan vere — å vere menneske. Vere mor, vere far, vere son eller dotter. Vere gjest. Kva kunst kan bety, og relasjonar. Vêret. Korleis døden plutseleg grip inn — og korleis livet går vidare. Som om ingenting. Som om alt.

«Til fyret» blei først gitt ut for 94 år sidan, den 5. mai 1927. Boka er per alle definisjonar ein klassikar. No del av Skald forlag sin imponerande serie nyomsetjingar, kor «vellagra, handplukka verk» ifølge forlaget får «ny, frisk, nynorsk språkdrakt». Alt nydeleg formgitt i påkosta bøker, med eksklusivt tekstilbind, gjennomtenkt font, og fin omslagsillustrasjon.

Men «Til fyret» er meir ein «berre» ein klassikar. Mange klassikarar er bøker ein les som pensum på universitetet, men får minimalt utav om ikkje ein professor og eit par støtteartiklar forklarer poenga. Bøker som seier noko om tida dei blei til i, eller om spesielle litterære retningar, til dømes. Men mindre om livet, slik det blir opplevd her og no.

Virginia Woolf sine bøker er ikkje slik. Dei er lette å lese, å ta innover seg. Enkle, kvardagslege setningar, like gode i Brit Bildøen si musikalske omsetjing som i originalen. Bildøen har vareteke den lette flyten, Woolf sin tone, med krystallklart resultat.

Forfattaren Brit Bildøen gjer ein strålande jobb som omsetjar av Virginia Woolf.

Enkle setningar, stor tematikk. «Til fyret» handlar om Livet med stor L. Om menneska, slik menneska er — også 94 år seinare. Dei viser fram korleis tankar strøymer, utan stans, i og mellom oss. Til alt tek slutt. For så kort er livet. Likevel held alt fram. Igjen.

I «Til fyret» følger vi familien Ramsay på seinsommarferie i eit halvsjabert feriehus på den skotske øya Skye. Mor og far, og åtte barn mellom seks år og vaksen alder. Med seg har dei, sjølv om dei allereie er ti frå før, fleire gjester: Eit ungt par som trulovar seg i løpet av opphaldet. Ein søvnig, opiumsavhengig gammal poet. Herr Ramsays litt irritable barndomsvenn, botanikaren. Ein skikkeleg sur, fattig ung mann som ser opp til Ramsay, som i si tid hadde eit visst gjennomslag som filosof-forfattar. Og kunstmålaren Lily Briscoe, som Fru Ramsay heile tida prøver å gifte bort. Tenarar er her også, sjølv om vi høyrer lite frå dei så lenge familien er på plass.

Den ytre handlinga er kjapt samanfatta: Yngsteson James vil gjerne dra til fyret dei ser frå feriehuset, og blir sint då både faren og den sure, fattige mannen fortel at det ikkje går. Fru Ramsay prøver å glatte over, alt medan ho tenker på praktiske ting, på kven som burde bli gift med kven, på prisen på nytt drivhus (femti pund!), på stort og smått dagen igjennom.

Lily Briscoe prøver å male Kunst, men får det ikkje heilt til. Mennene kviler. Tenåringane går på stranda, og kjem seint til middag fordi ei av jentene mistar ein brosje. Dei er mange til bords, og samtalane flyt hit og dit slik middagssamtalar gjer. Ekteparet Ramsay har krangla, men ordna opp.

Natta kjem, så vinteren, og krigen. Ein sentral figur døyr, men i ein parentes(!) Så to til, også parentesar. Huset står til forfalls, men blir i siste stund redda, takk vere heftig innsats av tenarklassen.

År har gått. Ramsay-familien er tilbake, og den framleis ugifte Lily Briscoe er igjen med. Ho målar enno, og slit framleis med at samfunnet rundt har større tru på menn enn på kvinner. Medan ho baksar med fargar og tankar, drar Herr Ramsay omsider James, no mutt tenåring, og søstera hans, på båttur til fyret.

Tosetningsversjonen: Ein stor familie med venner er på ferie, held seg borte under første verdskrig, og vender tilbake igjen etterpå. Dei tenker sitt om kvarandre, men seier ikkje alltid kva dei tenker.

Fordi det er vanskeleg, kanskje umogleg. Av og til fordi dei ikkje vil. Lily Briscoe står imot Herr Ramsay sine forsøk på å tvinge sine kjensler på henne. Ho har andre planar. Ho vil lage kunst. Ho er, kort fortalt, ein nydeleg figur, i all sin usikre staheit.

Og ho blir berre betre jo eldre lesaren blir. Slik «Til fyret» som heilskap blir det. Eg har nemleg ei innrømming: Første gongen eg las «To the Lighthouse», som tenåring, var eg ikkje så imponert. Det er jo inga spanande forteljing om livet på eit fyrtårn, dette, men ein gjeng vaksne som går rundt og bryr seg om kva andre tenker om dei! Gørr!

Neste gong, som student i tjueåra, såg eg meir. Dei vaksne sine tankar var ikkje keisame likevel. Dei gav gjenklang, særs passasjane om kjønn og roller, og Lily Briscoe sine refleksjonar kring ekteskap. Endå seinare, som vaksen fleirbarnsmor, trer Fru Ramsay tydelegare fram, måten ho svever rundt og ønsker fred mellom folk, medan tankane sviv om andre ting på likt. Så mykje praktisk det er å tenke over heile tida, for henne som for «Fru Dalloway» i Virginia Woolf-boka med same namn!

Virginia Woolf (1882-1941).

Virginia Woolf sine bøker veks og endrar seg med lesaren. «Til fyret» kan også lese berre for å nyte kvar setning, kvar overgang, måten sjøen og bølgene og vinden og tida sveiper innom og fargar språket, også Bildøen sitt. Woolf er ein ekte sitatmaskin. Kunst.

Skal ein først lese klassikarar — og det kan absolutt vere vits å gjere — er dette ein av dei aller beste stadene ein kan starte, i heile verdslitteraturen. Dessutan ei perfekt sommarferiebok!


Mer fra Dagsavisen