Bøker

Anmeldelse Maren Uthaug: «Ein lykkeleg slutt»: Gravferdsmoro

Nekrofili, pyromani, massedrap og pandemi, ispedd eit par gjenferd og sadistar. Maren Uthaug si forteljing om fleire generasjonar gravferdsagentar er drivande god – om enn makaber – underhaldning.

Maren Uthaug

«Ein lykkeleg slutt»

Omsett av Ingvild Holvik

Samlaget

Ein lykkeleg slutt

«Den første gongen eg sitra i møte med kald hud, var i 1986», er første setninga i danske Maren Uthaugs andre roman omsett til norsk, «Ein lykkeleg slutt». Den første var fjorårets kritikarroste «Der det finst fuglar».

Tonen er sett.

Han som fortel, Nicolas, er sjette generasjons gravferdsagent i København. Han er dessutan nekrofil, altså ein som blir seksuelt opphissa av døde kroppar. Ein krevjande kombinasjon mellom yrke og dragning, der altså, men Nicolas gjer så godt han kan for å halde dei lystene han veit er ulovlege, i sjakk.

Nicolas er enkemann, og far til to særs krevjande barn. Dottera Liliane er sint og valdeleg utagerande. Sonen Christian er stille, men har ein hang mot sadistisk tortur. Nicolas har kome fram til at noko må gjerast med barna. Han har dopa dei ned og tatt dei med på biltur mot Tyskland. Kva målet for turen er, er eitt av dei lumske spørsmåla som effektivt driv handlinga framover i romanen.

For her er godt driv. Parallelt med Nicolas’ forteljing om livet som nekrofil og fortvila far, rullar han opp familiehistoria, og med den historia til gravferdsbyrået han eig og arbeider i. Med unntak av Nicolas, heiter alle mennene i familien Christian.

Christian 1 er sjømann på 1800-talet. Etter eit forlis driv han i land på ei sydhavsøy som berre kan brødfø nøyaktig 989 menneske. Parforhold og barnefødslar er strengt regulerte. Barn føydde utan løyve, blir ganske enkelt drepne, utan seremoniar.

Blonde, blåøygde Christian 1 blir tatt imot som ein gud. Han forstår først ikkje at ein annan person blir drepen for at han skal få bli. Men då sanninga etter kvart går opp for han, bestemmer han seg i det minste for å gi alle dei drepne ein slags seremoni, noko som er nytt på øya.

Christian 1 giftar seg med Konkylie, og får sonen Christian 2. Men då Konkylie blir gravid på ny, utan løyve, har familien eit problem. Ti år gamle Christian 2 ofrar seg. Han rømmer i båt. Svoltdøden nær blir han plukka opp av eit nederlandsk skip, og ender ad omvegar i København, kor faren kom frå.

Kloakken flyt ope i gatene, vatnet er skite og husa fulle av skadedyr.

—  

Der får han etter kvart ry på seg som ein uvanleg talentfull bedemann, som kan tyde varsel frå dei døde og sikre familien frå skrømt og ubehag i framtida. Gravferdsbyrået blir etablert. Christian 2 får sonen Christian 3, som er eit kjempetalent i bransjen. Han moderniserer drifta, og arbeider blant anna for at døde skal kremerast.

København er på denne tida ein forferdeleg uhygienisk og stinkande by. Kloakken flyt ope i gatene, vatnet er skite og husa fulle av skadedyr. Epidemiar er vanlege, og tek mange liv. Få veit, og færre bryr seg, om at dårleg hygiene drep. Dei er meir opptekne av å følgje tradisjonane. Så liket blir kyssa i panna av flest mogleg, og ligg i mange døgn inne i normaltempererte små stover kor folk også oppheld seg, søv og et mat. Så vert dei gravlagde i jord kor avrenningsvatnet blandar seg med drikkevatnet. Bra for gravferdsbransjen, dårlegare for den gjennomsnittlege levealderen i byen.

Sjølv om «Ein lykkeleg slutt» aller mest er ei original og makabert morosam slektskrønike, er det også ei interessant skildring av korleis haldningar rundt døden endrar seg med tida, og med moderniteten. Kyrkja meiner lenge at kremasjon er ugudeleg, men endrar meining. Skikken med å ha lik liggande heime, blir gradvis avvikla. Hygienen blir betra. Ritual, seremoniar og tradisjonar endrar seg i takt med at verda utanfor gjer det. Byrået Christian Christiansen følger opp og driv fram den nye tida.

Likevel døyr folk, så klart. I 2021 kjennest det ekstra nært å lese om spanskesjuka sine herjingar like etter første verdskrigen, om lik i stablar og fulle sjukehus. Ei påminning om at det er alvor, det Christian’ane — og Nicolas — arbeider med, sjølv om dei alle har og opparbeider seg ein kald og profesjonell distanse til døden.

«Ein lykkeleg slutt» er skriven med godt driv og tett mellom spaningstoppane.

—  

Dei har også ulike meir og mindre avvikande karaktertrekk som gjer dei meir og mindre skikka til jobben. Nekrofilien er nemnt. Ein Christian er pyroman, ein annan forelskar seg i eit gjenferd kun han kan sjå, ein tredje er sjukeleg oppteken av orden. Ein flørtar med nazismen, hos fleire familiemedlemmer skortar det kraftig på den empatiske sansen. Fødd sånn? Blitt sånn? Uthaug tar ikkje klar stilling. Ho berre viser fram avvika, det degenererte og dei som er annleis, så får lesaren sjølv ta stilling.

«Ein lykkeleg slutt» er skriven med godt driv og tett mellom spaningstoppane. Karakterane Maren Uthaug malar fram, er karikaturar med få eigenskapar kvar, men likevel så artig konstruerte at dei funkar. Boka er ikkje gjennomført realistisk, heller eit slags barokt eventyr for vaksne, fullt av påstandar som ikkje kan stemme, realistisk sett, men som gjer det likevel innanfor romanuniverset.

Humoren er makaber, men alltid til stades. Uthaug ser med skråblikk på verda og menneska i ho. «Ein lykkeleg slutt» er ei særs underhaldande bok, lettlesen og lettlikt. Om ein då altså ikkje let seg sjokkere av at døden blir brukt som underhaldning. Her er det heile poenget.


Mer fra Dagsavisen