Bøker

Bokmelding: Tore Renberg «Tollak til Ingeborg»: God gammal gubbe

Tore Renberg får det til å funke – og funkle, innimellom – i forteljinga si om den gretne gamle gubben som går rundt og er sur på alt og alle.

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Tore Renberg

«Tollak til Ingeborg»

Cappelen Damm

25 år har gått sidan Tore Renberg debuterte som forfattar. Sidan det har den produktive siddisen gitt ut ein heil liten haug bøker, rundt tretti i talet, i særs ulike sjangrar. Fleire skikkeleg gode, faktisk blant dei beste norske romanane som er komne ut dei siste par tiåra. Ein del heilt greie. Og eit par rimeleg håplause, av den typen som gjer at lesaren lurer på om boka eigentleg er ferdig, for burde ikkje dette eksperimentet heller fått bli verande i skrivebordskuffa, og den gode Renberg heller brukt tida på noko anna, betre, han som skriv så godt når han skriv godt?

###

Så då det blei kjend at Tore Renberg heller ikkje i år kjem med nytt bind i Teksas-serien om folk og røvarar i Rogaland, men i staden har skrive ein frittståande roman om ein gammal mann på bygda, må eg innrømme at eg var litt tilbakehalden med entusiasmen. Skeptisk, til og med. Ikkje på grunn av nynorsken – Renberg fekk god schwung over den i «Du er så lys» frå 2016, trygt forankra som han er i nynorsknært sørvestlandsk talemål.

Les også: I forrige bok, for eksempel, øydela Renberg for seg sjølv med ein litt for eksperimentell forteljar... (D+)

Les også: ...men på sitt beste er han med på denne lista, over dei femten beste bøkene frå 2010-talet (D+)

Skepsisen kom meir av dette med «den gamle mannen på bygda». Slike finst det fleire av i norsk skjønnlitteratur – mange, mange romanar om einsame eldre kallar som går der og trør, som kikkar ut vindauget og mimrar om gamle dagar. Dei er ofte ganske trasige, desse bøkene, litt stilleståande og kvasi-livskloke, og treng vi eigentleg fleire slike?

Ja, viser det seg, vi toler fint ei til. Tore Renberg sin roman «Tollak til Ingeborg» er faktisk eit prakteksemplar i undersjangeren «gretne gamle gubbar i norske bøker», vel verdt å stifte kjennskap med. Romanen har personar til å tru på, godt samsvar mellom språk og tanke og tempo, og ulmande spaning heilt til siste side. Ho er faktisk ikkje treig!

Ikkje at Tollak er nokon hyggeleg type. Han bur eit stykke oppi lia, vekke frå bygda som i sin tur ser ut til å ligge eit stykke unna nokon storby. Før i tida var han gift med Ingeborg – blide, driftige og omgjengelege Ingeborg, ho som alle lika. Men no er Ingeborg for lengst død, og Tollak har brote med alt rundt seg. Han har slutta å vaske huset. Slutta å vaske opp. Slutta å vaske seg sjølv. Sagt opp avisa og kasta ut TVen, og brukar stort sett tida si på surmuling over tida han lever i.

Tida vil ikkje ha sånne som han, har han for lengst konkludert, og har nok rett i det. Det rasar han mot, på ineffektivt vis. Sagbruket han dreiv, knela då den moderne trelasthandelen starta nedi bygda. Tollak har alltid vore av den typen som ordnar opp med nevane, men mot tida har han lite å stille opp med.

Les også: Brua raser, jobbane forsvinn, skulen er lagt ned og styresmaktene vil helst avvikle heile bygda. Men førti sjeler klorer seg fast, mykje på trass (D+)

Sonen og dottera er for lengst vaksne og utflytte – sonen har ei ifølge Tollak ufyseleg kone, dottera skriv fæle artiklar i avisa om kor dumme menn på bygda er. «Forsking», kallar ho det, der borte i Oslo.

Les også: Zeshan Shakar, han med Tante Ulrikkes vei, har skrive ein ny, like god roman, Gul bok. Også den om klassereise og kulturkrasj (D+)

Bare Oddo, som han og Ingeborg tok til seg då den eigentlege mora hans ba om det, er igjen heime med Tollak. Oddo er ikkje som andre vaksne, var aldri som andre barn. «Tilbakeståande», seier folk, men då seier Tollak imot. Han er glad i Oddo.

Dessutan ber Tollak på ei hemmelegheit. Noko som skjedde for lenge sidan, som har noko med Ingeborg og noko med Oddo å gjere, og som han no har bestemt seg for å fortelje til sonen og dottera. Han har ein grunn til at det må skje no. Har invitert dei heim til seg, men vil dei kome?

Hemmelegheita er drivet i forteljinga. Litt etter litt blir fortida avdekka. Ting som har skjedd, ting folk har gjort, kanskje særs ting Tollak har drive med. Ein del går an i gjette seg til, og om ein ser strengt logisk på nokre hendingar, er ikkje alt like sannsynleg (politi utan hund? på bygda??), men det spelar inga større rolle.

Det er menneska som er viktige her, og dei heng godt saman, også filtrert gjennom Tollak som forteljar. Noko er uttalt, mykje ikkje, og for ei gongs skuld klarer den elles ofte litt for ordrike Tore Renberg å halde litt igjen, la nokre ting stå halvsagt slik at lesaren kan oppdage saker og ting sjølv.

«Tollak til Ingeborg» er ei fin feiring av 25-årsjubileet som forfattar. Det verkar som Tore er fint på sporet mot dei neste 25 åra også. Til lukke!