Bøker

Ikkje heilt halvgale

Kjartan Fløgstad svinger seg høgt og lågt i sin kompliserte dans gjennom norsk etterkrigshistorie.

BOKANMELDELSE: Kjartan Fløgstad: «Due og drone» (Gyldendal forlag)

Terroristen har rømt frå fengselet, og krigsprofitørane har rømt frå straffa si. Olav H. Hauges krigsdagbøker er forsvunne, og det er jammen terroristen også. Krigsprofitørane, derimot, lever midt iblant oss, i Norge som i Tyskland, og det er nok av dei som effektivt bytta side og kjapt vaska stripene av ettermælet sitt etter krigen.

Kjartan Fløgstad nektar framleis å la nokon gløyme det.

###

Den nye romanen hans, «Due og drone», er tematisk i slekt med dei tre romanane «Grense Jakobselv» (2009), «Nordaustpassasjen» (2012) og «Magdalenafjorden» (2014). I alle dreier det seg om krigen og kven som tente på han. Om banda mellom Aust og Vest, til dels også Sør og Nord, og om Norge sin plass i verda.

Fløgstad er oppteken av nye og gamle pengar, og kor desse eigentleg kom frå. Særs viktig er det å vise fram banda mellom Norsk Hydro og Norsk Aluminium Company og nazistdriven industri som IG Farben i Tyskland. Mange sentrale norske industrifolk, ofte kjende som gode samfunnsstøtter, tente særs gode pengar på å samarbeide med fabrikkane som produserte våpen til nazistane og dødsgass til konsentrasjonsleirane.

Fløgstad namngir dei. Dei siste ti åra har fleire andre forfattarar og historikarar også peika på desse samanhengane. Det gjer at «Due og drone» kanskje inneheld mindre sjokkerande nytt enn «Grense Jakobselv» gjorde. Men harmen står seg.

Språket både av- og tilslører, viser Fløgstad, og krydrar med rim og regler, vitsar og blødmer, spark og stikk mot alt frå krava spinnrike IOC-kandidatar stiller til luksusvarer, via metoo-inspirert nypietisme, til tenketankar som heilt utan ironi kallar seg «Egen lykkes smed».

Les også: Forfatteren avdekket sin egen families nazifortid (DA+)

Hovudpersonen i «Due og drone» heiter Ola Sima. Han kan rima, og blir også kalla Elvakongen fordi han har greie på elvar og stryk, og Ullvik etter staden han kjem frå. Sima lever litt «att og fram i tida», og Fløgstad gjer mange hopp i kronologien. Men som raud tråd rekna representerer Ola Sima sitt liv ei reise gjennom nyare norsk historie, frå bonde- via industrisamfunn, krig og etterkrigstid, til det moderne såkalla informasjonssamfunnet av i dag.

Som gut arbeider Sima på garden han ikkje har odel på, før han som tenåring får jobb i industrien i ein trong vestlandsfjord. Blant kollegaene der er mellom andre Hadle Hidle og Jerry Dørmænen, kjend frå tidlegare Fløgstad-bøker, dessutan han Fløgstad’n sjølv, og ein Albert Høse, som viser seg å vera nazist.

Det er i det heile mange folk i «Due og drone». Nokre ekte og mange oppdikta, fleire av dei med «nokså usamanhengande livshistorier med mange digresjonar», for å sitere forfattaren sjølv.

Ein av historiene tilhøyrer Kcenia Nyslåttbuktmo, som må tvangsevakuerast frå Finnmark i 1944, saman med den nyfødde sonen Pøyken. Ho får jobb i mjølkebutikk på Bjølsen i Oslo, slit med å oppdra sonen, og arbeider hardt med å skure vekk skuggen sin. Møter Ola Sima, men han er på veg opp og ho på veg ned. Det ender ikkje godt.

Men ein les ikkje Fløgstad for psykologiske djupdykk i realistiske menneskesinn, eller for grundig analyse av nære relasjonar. «Menneskesinnet er den einaste urørte villmark», heiter det ein stad i boka. Hos Fløgstad er det politikken som betyr noko. Makta og pengane og banda imellom. Tida, historia og folka som brikker oppi det heile.

«Bileta avslørte at det ikkje var enkeltmenneska, men den sosiale og politiske bakgrunnen, og samanhengen dei sto i, som betydde noko. Dei hadde vore blikkfang, ute av fokus. Dei hadde vore uviktige, dei kunne brukast, misbrukast og brukast opp», oppsummerer forfattaren greit sjølv.

Les også: Dette må være noe av det beste Thorvald Steen har skrevet (DA+)

Under krigen vil Ola Sima kjempe mot tyskarane. Han prøver seg på norsk grunn, men vert fort desillusjonert, og søker seg vidare til Storbritannia, for opplæring der. Etter krigen blir han del av det såkalla Kontrollørkorpset. I starten for å avsløre krigsforbrytarar, etter kvart driv kontrollørane meir med kontraspionasje og med å sikre seg tyske arkiv og kunnskap gjennom avhøyr av sentrale nazistar. Dei har mykje å skjule, Sima mykje å lære. Etter kontrollørkorpset blir han politi, med gatepatruljering på Bjølsen i Oslo parallelt med jusstudiar ved universitetet.

Ola Sima blir advokat. Advokatar er pragmatiske vesen. «Måtte ein på død og liv etterforska absolutt alle historiske feiltrinn? Svaret var nei. Blant anna derfor hadde ein foreldelsesfristen». Sima har klassereist frå arbeidar- til overklassen, og skift side i prosessen. Han, som kjem frå «eit miljø der vitsen og det underforståtte, halvkvedde viser, underdriving og overdriving var faste talefigurar, var komen inn i ein bipolar verden der det berre fanst sanning og løgn, og der løgna aldri kunne uttrykka ei større sanning, og sanninga aldri skjula ei endå større løgn».

Det er tydeleg kva forfattaren eigentleg meiner om den bipolare verda, og om den tilhøyrande språk- og sanningsforståinga. Fløgstad er oppteken av det som er rett, det som faktisk hendte, og av at det ikkje er greit å vri seg unna det i etterkant. Nettopp fordi han veit kor lett det er, ikkje minst for den som har kontroll på språket. Sanninga kan like gjerne gøyme seg i ei skrøne som i ein faktasetning. «Ikkje til å tru, men slik var det».

Dei artigaste, og eigentleg skumlaste, delane av «Due og drone» er dei som skildrar korleis orwelliansk nytale snik seg inn i daglegspråket, og korleis vanen og moralen følger på. Imperialisme blir til globalisering, Kongsberg og Raufoss våpenfabrikkar blir slått saman til «KONGFOSS AS Våpen for fred», profilerte gravejournalistar snur kjapt kappa når vinden bles mot høgre. Språket er mindre og mindre stabilt, observerer ein aldrande Ola Sima, vestlending trass alt.

«Due og drone» er vanskeleg å oppsummere. Delar er spanande, andre delar heller seige. Jakta på den rømte terroristen og på Olav H. Hauges forsvunne dagbøker gir godt startdriv, men fislar litt ut mot slutten. Leiken med rim og vers og ertinga av rikfolk og austlendingar er morosam boka igjennom.

Hovudutfordringar er vel at Fløgstad har det med å slenge ut informasjon, namn, hendingar han først seinare forklarer og hektar saman, om han ikkje overlet koplinga til lesaren sjølv. Romankarakterane har kompliserte namn og mange roller, og byter ofte både side og opphaldsstad mange gonger historia igjennom.

«Due og drone» krev med andre ord ein våken og motivert lesar, med god tid. Men er ein det, er boka slett ikkje så halvgalen, som det heiter på vestlandsk. Det betyr noko sånt som «løp og kjøp!» på bokmål.

Mer fra Dagsavisen