Bøker

«Det er lenge til skumring»: Supert frå Sápmi

Skandinaviakrigen er over. Norge har prøvd å utslette samane. Men samane kjempar imot i fjorårets beste, mest originale debutroman.

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Tharaniga Rajah

«Det er lenge til skumring»

Samlaget

Nokre månader har gått sidan eg først opna Tharaniga Rajah si knallgode debutbok, «Det er lenge til skumring». Omslaget – kvitt med eit pastellfarga vinterbilete frå eit viddelandskap – lova ikkje det heile store. Ikkje tittelen heller, den kan jo bety nesten kva som helst, og like gjerne romme ei typisk norsk debutantforteljing av det strame, personlegdramatiske slaget, om ei moderne ung bykvinne som slit med kjærleik eller psyken eller noko i den gata.

Desto større var overraskinga, og snart gleda, over det eg fann. Etter eit kort, lyrisk, myteklingande preludium startar Tharaniga Rajah den forsiktige bygginga av ei forteljing som utover boka skal vekse seg større og smartare side for side.

Les også: «Lukta av klor»: Litt utflytende om svømming

Vi er ved elva Kárášjohka, altså i det som i dag heiter Finnmark, eventuelt Sápmi, Sameland. Hovudpersonen og eg-forteljaren Raisa er mor til ei jente, Násti. Det har vore ein stor krig, får vi vite, men denne er ferdig, og mange er døde. Raisa vil bare snakke samisk, blir kvalm av norsk. Held skeptisk avstand til ein norsk mann, sjølv om han tilbyr mat. Fire månader etter frigjeringa er merkene etter skader dei blei påførte i leirane så godt som vekke, og Násti aukar nok i vekt til at ho byrjar å sjå ut som eit barn igjen. Men det er framleis lite mat. «Russarane åt dyra og brende markene før dei drog».

###

No lever samane, inkludert heimvendte samar frå andre verdshjørner, i små grender saman, medan dei håpar at leiaren og talsmannen deira skal vende tilbake frå møta i FN med lovnaden om eit eige land for samane. «Amerikanarane sprengde portane og fann beingrinder som dreiv etter mat. [...] Eg tenkte me var redda, no som krigen var over. Men alt dei gjorde, var å jaga nordmennene og opna portane. [...] Ingen i siidda [grenda] møter blikket mitt når eg fortel. Dei gjentek berre: Me treng eit land.»

Sidan vert det klart at den diplomatiske FN-linja kanskje ikkje er nok. Kampen vert også kjempa med våpen, i ein slags geriljakrig mellom norskar, samar og russarar. Raisa deltek. Russland er eit lite svakt land, det er Norge som har vore den sterke og aggressive parten, som starta forsøket på å utslette samane. No vil FN gi Finnmark til samane, og hjelper til med FN-soldatar. Problemet er sjølvsagt at det også bur mange norskar der, som slett ikkje har planar om å flytte på seg frivillig. Hatet er sterkt. Terror gjer livet utrygt, også når det er våpenkvile.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

«Det er lenge til skumring» er med andre ord ein dystopi, som utspelar seg i ei slags oppdikta framtid eller parallell verkelegheit til den me kjenner. Bakgrunnen for kva som har skjedd, og korleis, blir utporsjonert litt etter litt, samtidig som forteljinga om livet etter den store skandinaviakrigen skrid fram. I starten er mykje litt uklart, ting vert enklare å forstå etter kvart. Rajah torer å la lesaren leve i uvissa, utan å falle for trongen til pedagogisk overforklaring. Det gir forteljinga styrke og realisme, karakterane djupn.

Det opnar også for at lesaren sjølv får dra parallellar til andre land og konfliktar i verda, samtidig som ho reflekterer over korleis den norske staten eigentleg har behandla samane gjennom tidene. Eg-forteljaren Raisa hugsar tida før krigen, då ho budde i Oslo, og fekk hjelp av norske venner til å gøyme seg på eit loft. Ho var borgar av Norge då, men reknar seg kun som samisk no.

Det finst mange eksempel i verda på at krig bryt ut og dei som før var naboar og venner, plutseleg vert sorterte etter rase eller folkegruppe og dermed reknast som fiendar. Sjølv om Tharaniga Rajah er oppvaksen i Moi i Rogaland og altså skriv nynorsk, røper namnet at ho har foreldre frå Sri Lanka, der det lenge var borgarkrig mellom tamilar og singalesarar. Ein kan også tenke på hutuane og tutsiane i Rwanda, på fridomskampen i Øst-Timor, og ikkje minst den evinnelege Israel-Palestina-konflikten.

Les også: 25 gode bøker fra 2018

Språket speglar Raisa og Nástis identitetsbyggingsprosjekt. Norsken deira er iblanda samiske ord, så mange at Rajah har lagt ved ei ordliste i slutten av boka. Det senkar kanskje lesetempoet litt i starten, men tilføyer også mykje. Samisk er knytt til dei nære tinga, til familierelasjonar, helsingar, klede, handverk, og sjølvsagt alt som har med reinsdyr å gjere. Slik får Tharaniga Rajah sagt noko om nært og fjernt, om språk og identitet.

Ho seier også noko om kultur og natur. Naturen vert grundig skildra, vidda får eige liv, og poesien viser seg i dei mest kvardagslege detaljane. I ein kopp varmt vatn med barnåler. Snø, nordlys, midnattssol. «Frå bålplassen fargar kjøtsuppa skumringa i feitt og salt».

Les også: Frykter hets gjør at barn føler skam over å være samiske

«Det er lenge til skumring» er ei av dei seks bøkene som er nominerte til P2-lytternes romanpris, kor vinnaren blir kåra gjennom diskusjonar i radioen frå og med 25. februar. Det er ein velfortent nominasjon, til ei bok som eg fleire månader etter første lesing framleis tenker mykje på. «Det er lenge til skumring» er ein original, velskriven, intelligent debut, av den typen som fyller lesaren med glede over alt litteraturen kan romme. Heilt utan at ein såg det komme.