Bøker

Klart og smart

Boka heiter «Alt uavklart». Men nokre tankar blir litt klarare av å lese denne sterke debutromanen.

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Unn Conradi Andersen

«Alt uavklart»

Oktober

Hovudpersonen i Unn Conradi Andersens debutroman er journalist i ei tabloidavis i Oslo. Torunn er van med å gå tett på folk, få fram kjensler og drama, og kjapt presentere det i korte, poengterte artiklar. Kommentarar skriv ho også, ofte krydra med personlege anekdotar, ting ho – eller like gjerne andre – har opplevd. Ho er flink til det. Kan sjangrane, kan skrive. Ho taklar tempoet, er god å kome på nye idear, og vegrar seg sjeldan for å bruke andre sine eller eigne private historier.

Til noko endrar seg. Torunn melder inn ei sak som blir vanskeleg å gjennomføre. Ho vil gjerne forske litt på si eiga familiehistorie, på farfaren som i si tid vart dømt for NS-medlemsskap. Men det blir vanskeleg. For det første klarer ho ikkje få livet ho har forlate i Vestlandsbygda ho kjem frå, til å henge saman med storbylivet ho lever saman med kjærasten Olav, som også er ein kollega. For det andre er faren alvorleg sjuk. Han ligg på sjukehus. Det er vondt, for Torunn og mora. Er det rett å bruke ting faren fortalde om sin far, NS-medlemmet, no som han er svak? Når faren har sagt tydeleg frå om at han ikkje vil skrivast om i avisartiklar?

Torunn reflekterer rundt notid og fortid. Tenker på 17.mai-talen ho ei gong heldt, om identitet. Korleis opplevdest det av eldre folk i heimbygda, dei som huska farfaren sin NS-dom? På heimstaden treff ho tilfeldig ei kvinne ho ei gong kjende. Det er eit møte av den typen alle som har flytta frå småplassen dei kom frå kan kjenne seg igjen i, kor personen som aldri drog ser heilt andre, ofte meir familie- og oppvekstfokuserte hovudtrekk i livet ditt enn dei du sjølv tenker på som mest relevante for deg sjølv. Kven har eigentleg rett? Kanskje begge.

For «Alt uavklart» er ei bok om identitet. Ho handlar om å kome frå ein stad og vere av ein familie, og å pregast av dette på vis ein kanskje har vondt for å sjå sjølv. Dessutan minst like mykje om den delen av identiteten som er knytt til kjønn, og til utsjånad. Reisa til heimstaden endrar noko i Torunn. Eller, meir sannsynleg, så opnar reisa for ting som alltid har vore der.

Tilbake i byen kjenner ho seg uforklarleg trekt mot ein forskar ho intervjuar som journalist. Forskaren er kvinne. Dessutan er ho adoptert frå Korea. Ho ser asiatisk ut. Kva betyr dette? Torunn er vel ei dame som likar menn? Eller? Ho blir minna om at ho også vennskapet med barndomsvenninna hadde fleire valørar enn mange vennskap har. Dessutan: Er det eigentleg så stor skilnad på menn og kvinner? Kan det tenkast at det heile er eit kontinuum heller enn ei streng binær anten-eller-inndeling? Romanen konkluderer i den leia, sjå bare til tittelen. Også om andre kategoriar. Ein tilhøyrer dei, men også ikkje.

At Torunn si nye kjærleiksinteresse, Siri, verken er blond eller blåøygd, opnar for ei (for henne) ny innsikt i kvardagsrasisme og oss-og-dei-tenking. Som då dei to kvinnene vert eit par og legen på fertilitetsklinikken reknar det som sjølvsagt at dei ønsker kvitbleik sæddonor – sjølv om den eine forelderen altså ser asiatisk ut. Torunn hadde grovare kategoriar for rase og utsjånad sjølv, tidlegare. Kalla til dømes Siri «kinesisk», noko ho ikkje er.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

«Alt uavklart» er skriven med solid innsikt i både media og akademia. Faktisk har eg som journalist aldri lese ei så god innafrå-skildring av livet i ei avis, om det kvardagslege og praktiske rundt korleis tekstar må meldast, men også leverast, i tempoet og rutinane i tekstproduksjonen. Unn Conradi Andersen skriv godt og klokt om språk, ikkje minst om korleis språkleg forenkling kan vere klargjerande, men også eit overgrep, særs i kombinasjon med ei litt for enkel utlevering av det som eigentleg er privat.

Ein kan innvende at romanen har litt for mykje på hjartet. Ei liste over temaa i «Alt uavklart» vil inkludere familie, krig og hemmelegheiter, sjukdom og død, kjønn og kjærleik, kropp og utsjånad, språk og identitet, og sikkert fleire til. Nokre av samenføyingane vert litt springande, når her er så mange delar. Men det vert mest pirk. «Alt uavklart» er ei rik bok, og ein særs sterk skjønnlitteratur debut. For ein nynorsking som geriljaskriv hovudmål i bokmålspressa, er det dessutan viktig å få med at romanen er særs godt skriven, språkleg sterk og tankeopnande også idet han tek opp språket si evne til øydeleggande reduksjon.