Bøker

Det svunne er ikkje ein draum

Han skildrar krig og kamp, spionasje og strid. Likevel tek det tid før Fløgstads anti-fascistiske glør verkeleg fatnar, og oppramsingar blir til spanande historieskriving.

Dagsavisen anmelder

ROMAN

Kjartan Fløgstad

«Magdalenafjorden»

Gyldendal

«Det svunne er ikkje ein draum. Det er midt blant oss».

I syttiårsjubilant Kjartan Fløgstads nye roman, «Magdalenafjorden», er det ein aldri identifisert, allvitande forteljar som slår det fast. Det kunne like gjerne vore Fløgstad sjølv. Er det vel eigentleg også. Dei siste cirka førti åra har han levert romanar som syner nettopp dette: At historia er her, no, blant oss. Fortida høyrer notida til, og omvendt, og banda strekker seg mellom dei der ein sist skulle tru det.

Aller tydelegast er det i dei fire siste romanane hans: «Grand Manila» (2006), «Grense Jakobselv» (2009), «Nordaustpassasjen» (2012) og no altså «Magdalenafjorden». Dei er ulike, i form og innhald, men har det til felles at dei alle viser fram høgreekstremismens historie i Noreg, Europa, Verda.

Fløgstad syner korleis verken fascismen, nazismen eller liknande ideologiar på noko vis døydde ut med slutten av andre verdskrigen. At dei menneska som var med på utvikla, spreia, kjempa for og forsvara dei ekstreme høgreideologiane - nazisme i Tyskland, fascisme i Italia, pro-Franco falangisme i Spania - tvert om ofte kom styrka ut av krigane.

Dei unngjekk dom og blei ved makta, økonomisk som politisk. Etterkomarane er der framleis, usverta, også i vesle Norge langt her nord. Ofte som tiljubla og omtykte medlemmer av borgarskapet, såkalla samfunnsstøtter. I alle romanane sine, «Magdalenafjorden» definitivt inkludert, jobbar Fløgstad hardt for å visa korleis Norge er del av verda, ofte knytt til stormakter og lugubre ideologiar på uventa vis, gjennom kjende og ukjende menneske, representerte på alle sider i einkvar konflikt.

Nokre av dei innan skipsfart, som fleire av hovudpersonane i «Magdalenafjorden». Skipa i den stolte norske flåten forsyner dei som betaler, same kva politikk dei fører. Dermed reiser den norske reiaren Tandem i boka til Barcelona og Madrid for å gjera forretningar med Franco sine sympatisørar, alt medan hans eige land er okkupert av nazistar. Her blir både Tandem og lesaren kjend med tre kvinner som er femmes fatales i ordas mest alvorleg tyding - kvinner som gjennom arbeidet sitt som agentar, spionar, utøvarar av det ein på engelsk kallar «intelligence» (men som Fløgstads forteljar vil kalla «stupidity») utan tvil førte med seg ulukksalege, katastrofale, altså fatale, handlingar og hendingar.

Dei tre er ikkje oppdikta, sjølv om namna deira verkar som dei er det. Marina Noreg, alias Marina Goubonina/Aleksejeva/Lie, Louise Lohmann eller «sjuksköterskan Ebba», var agent for nazistane. Ho smugla informasjon om norsk motstandskamp rundt Narvik i april 1940 til Tyskland, og tilrettela slik for at den særs effektive tyske bombinga av byen.

Adi Engberg hjalp den Franco-venlege falangrørsla, Magdalena «Manena» Freud Joyce var fascist. Alle hadde band til Noreg, samtidig som dei var kosmopolittar på den europeiske, ikkje-bondske og dermed unorske måten.

Å lesa om desse sterke og skumle kvinnene, mennene dei heldt seg med og den dramatiske tida dei levde i, er spanande. Dessverre tek det litt for lang tid før forteljinga kjem dit. Den grundige og etterrettelege historieskrivinga Fløgstad siktar mot, har også ei bakside. Det blir tidvis mange detaljar, mange forkortingar og forklaringar av politiske organisasjonar, mange bipersonar som kanskje eller kanskje ikkje er viktige å hugsa namnet på til seinare i boka, mange geografiske stadnamn, gatenamn, namn på barar og hotell og publikasjonar. Mange historiske fakta, nokre vanskelege å skilja frå diktinga.

Ein del detaljar gir lokalkoloritt og forankring, for mange gjer at det heile opplevest oppramsande, «flinkt». «Magdalenafjorden» vil utan tvil vekka størst begeistring hos tolmodige lesarar, særs dei som har sansen for belærande, sakprosaliknande faktatyngde meir enn leikande romankunst. Dei humoristisk blødmefylte passasjane Fløgstad er kjend for, er der ikkje så mange av her, sjølv om han kostar på seg eit vers her og ein vits der.

Det ulmar i «Magdalenafjorden». Indignerte glør som først fatnar når boka er på det tydelegaste, når ho i klartekst fortel kor godt dei klara seg, alle dei som profiterte på fascismen, nazismen, på menneskefiendtlege ideologiar av mange slag. Då er Fløgstad på sitt beste. Fyr og flamme.

gerd.elin.sandve@dagsavisen.no