Kultur

Anmeldelse «Krakk»: Super svindelhistorie

Det aller villaste med denne elleville forteljinga, er at så mykje faktisk skjedde. Og at Arendal var Noregs rikaste by.

Dagsavisen anmelder

---

ROMAN

Guri Idsø Viken

«Krakk»

Aschehoug forlag

---

På 1880-talet var Arendal landets rikaste by. Folk der hadde tre gonger så stor formue som folk i Kristiana, eller Bergen, eller andre norske byar. Uventa, men sant.

Sentralt i Arendal stod Axel Herlofson. Han var banksjef, skipsreiar, og forretningsmann med ein finger borti det meste ein kunne tene pengar på, frå bryggeri til sagbruk. No er Herlofson også blitt ein av hovudpersonane i Guri Idsø Viken sin spanande forteljing om livet blant fiffen i Arendal på midten 1880-talet.

«Krakk» av Guri Idsø Viken

Det er ein særs vellukka roman, frå start til slutt. Her er nydelege skildringar av overklassen sitt overdådige liv, ispeidd passande dosar sex, dop og spelegalskap. Kjærleiksintrigar og vennskapsband. Tillit og svik. Risikable prosjekt som lukkast – og endå villare prosjekt som ikkje gjer det.

Krøsusen Alex Herlofson fører den livsstilen som er venta av han.

ein særs vellukka roman, frå start til slutt.

Overdådige middagsselskap med eksotiske rettar, festar kor alle som er noko i byen har å møte fram. Sigarettar importerte direkte frå England, skjorter sendt til reins same stad. Standsmessig kone, tre pene barn, eit herskapshus sentralt plassert i byen. Dyre og eksklusive vanar, som seg hør og bør for ein mann i hans posisjon.

Ein av hovudpersonane i «Krakk» er banksjef og skipsreiar Axel Herlofson i Arendal. Romanfiguren er basert på den faktiske historiske personen Axel Herlofsen, som var banksjef og skipsreiar i Arendal.

Men Herlofson har også hemmelegheiter. For det første at han er meir interessert i mannfolk enn i kona. For det andre at han røyker meir opium enn det som sunt er. For det tredje at finansane kanskje ikkje er fullt så solide som Herlofsen prøver å framstille dei. Ein langt utvikla spelegalskap oppå det heile, hjelper ikkje stort.

Les også: Fleire bokmeldingar, forfattarintervju og litteraturnyheiter på boksidene i Dagsavisen

Det blir kanskje mumla litt innimellom. Men Herlofsen er ein populær fyr i byen. Han er opptatt av å behandle arbeidsfolk skikkeleg. Sagbruka og treskuteindustrien på Sørlandet må bestå, sjølv om mange no går over til dampskip. Paris og London er vel og bra, men også Arendal skal hevde seg som rik og mektig handelsby, meiner byens storkapitalist.

Herlofson ber dessutan på ei sorg. Elskaren hans i Paris er død. Han føler seg plikta til å hjelpe dottera hans, som er ein dyktig kjolemakar. Agnes Mercier er den andre hovudpersonen i «Krakk». Ho har også sin agenda, og er ikkje framand for å ty til skitne triks om det er det som må til for å redde seg og sitt.

Dei fjonge kjolane som var på moten på 1880-talet blir nøye skildra i «Krakk», sidan ei av hovudpersonane i boka driv ein kjolesalong.

Den tredje er Herlofson sin revisor, Thomas Berntzen. Han er ein ung mann som også blir elskaren hans. Men kva skal Berntzen gjere når han fangar opp tydelegare og tydelegare teikn på at ikkje alt er heilt som dei skal i Herlofson sine rekneskapsbøker? Skal han velje makt, kjærleik, sex? Eller skal han gjere det han veit er rett?

ei ulmande kjensle av at noko urovekkande kjem til å skje

Tittelen røper sitt. «Krakk» her viser ikkje til «sitjemøbel», men til «økonomisk krise eller samanbrot». Det er likevel spanande å følge personane og intrigane gjennom den godt oppbygde forteljinga. Ein klar bonus er dessutan Guri Idsø Viken sitt informative etterord, kor ho gjer greie for den historiske bakgrunnen for romanen.

Les også: Oslo rammes av istid. I Polen står messias klar (+)

«Alt dette skjedde. Det meste er sant», lyder sitatet ho innleier med. «Alle karakterane er verkelege, nokre har også levd utanfor boka», skriv ho før personoversikta lengst bak. Sjølvtilliten kler teksten. Ein lærer definitivt eitt og anna om norsk historie av å lese «Krakk», inkludert litt om starten på arbeidarrørsla og kvifor Arbeidarpartiet blei starta i akkurat Arendal i 1887, med ein viss Anders Andersen som leiar.

Men historieleksjonen er ein bonus. Draget i denne gode historiske romanen kjem av fine karakterskildringar, spanande intrigar, og ei ulmande kjensle av at noko urovekkande kjem til å skje. Eg håpar Guri Idsø Viken skriv fleire historiske romanar. Få gjer det like godt som dette.

Les også: Det meste er fælt i Sverige. I hvert fall her (+)