---
Roman
Heidi Furre
«Technotika»
Flamme forlag
---
Noko er gale i verda. Hovudpersonen i Heidi Furre sin nye, brageprisnominerte roman, «Technotika», samanfattar det slik:
«Ein enorm verdsfeil. Biologar som ikkje visste om klitoris. Tekoppar laga på lunka springvatn. Ingen fuglar. Ingen bror. Studiepsykologen spurte om eg var deprimert. Ha! Ein depresjon hadde avgrensa størrelse, han var ramma inn av tid og alvorsgrad. Det som hadde hendt, var utan tid og storleik».
To-ords-setninga i midten er viktigast. «Ingen bror». Broren var yngre enn henne, men døydde først. Det var kreft. Mot slutten så alvorleg at han fekk det finaste einerommet på sjukehuset. Eit dårleg teikn. Slutten er nær.
Den unge kvinna skildrar tida med sorg etter døden, og tida med sorg før døden. Ho går i terapigruppe for etterletne. Studerer dei stygge sorgtryna der. Tenker sitt om deira sorg.
Noko håpefullt. Løfterikt. Trass barbariet.
Ho prøver å studere ved universitetet også, med middels suksess. Gjer det klart betre på datingappen Tinder, om ein altså ser bort frå dette med at dei unge mennene ho ligg med verken klarer å finne klitoris eller lage skikkeleg te. Barbarisk, tenker ho, og tviler på heile menneskeheita. Ein mann som tek master i biologi, og så må ho likevel fake orgasme!
Teikna på verdsfeilen er mange. Nokre triste. Andre morosame. Ofte dukkar dei opp i same avsnitt, same setning, same tankestraum.
Det gjer «Technotika» til ei litt annleis bok om sorg. Først og fremst festlegare. Og med det også djupare.
Heidi Furre har skrive fram ein forteljar som funkar. Ho skriv med vissa om at sjølv om sorga er vond, kanskje vondare enn orda klarer å fange, og at sjølv om mykje verkar vere i ulage, så er det likevel noko fint igjen i verda. Kanskje til og med noko håpefullt. Løfterikt. Trass barbariet.
Hovudpersonen er lei seg. Einsam. Fortvila. Ho sørger utan tvil «på ekte». Men ho er ikkje berre – eller «berre – sorg. Har ikkje skrudd av sansane – eller hjernen – sjølv om ho føler at sorga er «utanfor tid og storleik».
Tvert om er ho ein skarp observatør av mykje rundt seg. Av naturen, som også er i ulage. Av menneska i han. Dessutan gater, hus, rom. Som korridoren på broren sitt sjukehus: «Interiøret såg ut som ein kommune med dårleg råd hadde blitt trua til å bygge eit spa».
Hahaha! Og au.
På notidsplanet er et varm og klam høgsommar. Unaturleg varm. Alle fuglane er allereie døde. Plantene veks desto betre. Nær framtid, eller kanskje ei parallell, litt forskyvd notid?
Ei kanskje-tid. Litt underleg. Slik sorg-tid gjerne er. Akkurat framand nok til at ting trer desto tydelegare fram, takk vere Furre sine gode skildringar. Ein bensinstasjon lyser i mørket. Einsemda lyser nær like sterkt, også av menneske som finn saman.
«Technotika» er melankolsk, men også morosam. Ei fin påminning om at sorga kanskje ikkje går over. Men at ho likevel er til å bere.
---
Brageprisen 2024
«Technotika» av Heidi Furre er ei av fire nominerte bøker til årets Bragepris for skjønnlitteratur for vaksne.
Dei tre andre er:
- Katrine Nedrejord: «Sameproblemet»
- Malin C. M. Rønning: «Det tolvte huset»
- Brynjulf Jung Tjønn: «Norsk kjærleik»
---