Ifølge Jon Fosse sitt forlag, Samlaget, vil romanen «Vaim» kome ut i samband med at Den internasjonale Fosse-festivalen opnar.
Det vil vere den første boka i ein trilogi. Den neste heiter «Vaim Hotell» og kjem i 2026, den tredje «Vaim Vekeblad», med publisering 2027.
Fosse skal ha starta på Vaim-sogene allereie før han fekk Nobelprisen i litteratur, men har skrive ferdig bøkene etter tildelinga. Vaim er namnet på ein oppdikta stad, ei bygd med butikk, hotell og avis. Forteljingane følger ulike folk som bur der.
I første bok handlar det ifølge Samlaget om Jatgeir, som tek seg ein tur ut i båten sin, og kjem heim med ungdomskjærasten Eline.
Den førre romanserien av Jon Fosse, var sjuboksverket «Septologien», som her heime kom ut fordelt på tre band i 2019, 2020 og 2021. «Septologien» var ein av dei viktigaste grunnane til at den norske forfattaren fekk Nobelprisen.
---
Jon Fosse (f. 1959)
- Norsk forfattar, dramatikar, lyrikar, og omsetjar. Fekk Nobelprisen i litteratur i 2023.
- Har skrive over sytti bøker i så godt som alle sjangrar: Romanar, skodespel, forteljingar, diktsamlingar, barnebøker og essay.
- Omsett til over femti språk. Nobelprisen gjer at stadig fleire av bøkene hans blir omsett til stadig fleire.
---