Kultur

Vestnes-økonomien ved eit vegskilje ?

Onsdag 18. november sto det i Bygdebladet (Ørskog) på trykk eit debattinnlegg frå meg. Etter reaksjonar er det rett å presisere.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det eg skriv på debattplass er ikkje på vegne av andre. Lesaren bør også sjå på kva plass i avisa dette står. Eg «informerer» ikkje, det gjer avisa redaksjonelt. Eg deltek i den offentlege debatten, innlegget står på ei «debattside». Det bør ikkje forvekslast med «informasjon».

Brevet til dei tilsette

18.11 omtalte eg eit brev administrasjonssjefen i Vestnes kommune hadde sendt dei tilsette i oktober, om den økonomiske situasjonen. Slik eg ordla meg kunne det tolkast som om eg mistenkeleggjorde henne, slik innhaldet i brevet hadde komme ut i avisene. Det var ikkje meininga. Det vil eg be om orsaking for. Administrasjonssjefen har handsama saka korrekt.

Brevet er datert 12.10.2015, og vart lagt ut på kommunen si heimeside på internett to dagar etter, den 14.10, så vidt publiseringsdato oppgitt på heimesida er korrekt. I mellomtida hadde Vestnesavisa lese brevet, og omtalte det redaksjonelt same dag det vart lagt ut på heimesida. Denne kronologien kan verke forvirrande, i den forstand at eit fleirtal av folket i kommunen fekk vite om det i pressa.

Det er ikkje slik at ein større del av dei som bur i Vestnes sjekkar kommunen si heimeside regelmessig på jakt etter siste nytt frå rådhuset. Ein kan hevde at ein ved å legge ut dette brevet på heimesida, etter at dei tilsette som adressatar hadde fått det først, bør ha informert innbyggarane om situasjonen. I dagens mediebilde var det nok likevel slik at mange las om det først i avisa. Ein Facebookprofil der kommunen kunne legge ut eit ekstrakt av brevet, og link til heimesida, burde vere ei meir moderne løysing.

Kraftfondet som ikkje kastar av seg

Vestnes kommune har i over ti år hatt pengar på bok i form av eit fond, etter sal av kraftaksjar. I dag er fondet på om lag 145 millionar kroner. Pengane kan ikkje brukast til å saldere drifta, men kan brukast til dømes til å nedbetale lån og kreditt. Avkastninga av fondet kan derimot brukast til drift, og har vore viktige pengar i mange år. Avkastninga har vore stabilt god, plasseringa har vore klok. 2009 var toppåret, medan 2011 var magert.

Dei siste tre åra frå 2012 har avkastninga gått jamt ned, til 5,8 mill kr i 2014. Det går fram av årsmeldinga for 2014. Likevel valte kommunestyret i desember i fjor å budsjettere ei avkastning på 8 mill kr i 2015.

Driftsrapporten for første halvår 2015 er datert 27. juli og vart handsama i formannskap og kommunestyre hhv. 19. og 27. august. Av papira framgår det ein heilårsprognose for avkastninga frå kraftfondet på 5 mill kr, samanlikna med budsjettet på 8 mill. Den faktiske avkastninga for første halvår vart rapportert å vere 1,7 mill kr.

Tillagt andre usikre faktorar førte dette til at det gjekk ut brev til driftsleiarane om sparetiltak.

Etter ferien i år har det vore «tap på plasseringa», går det fram av omtalen av kraftfondet til kommunestyret 19. november, og formannskapet nokre dagar før. Ultimo september var opptent avkastning nede på 50.000 kr. Difor er prognosen for 2015 justert ned til null.

Eg har fått kritikk for at eg brukte omgrepet «ubegripeleg» om det eg har oppfatta som ei sein oppdaging av den sterkt reduserte avkastninga. Eg har likevel ikkje lyst til å sleppe tak i det, når eg studerer tala. Å budsjettere med avkastning på 8 mill kr er optimistisk. Alle tal eg ser peikar på at det har vore ein jamt negativ tendens i marknaden i år.

Eg har fått kritikk for å ha sådd tvil rundt dei såkalla «uforutsette» utgiftene kommunen har fått i år. Eg har meint at å vere generell og ikkje konkret om kva desse er, kan føre til spekulasjon. Reaksjonen er at det kan vere sensitive detaljar knytta til dømes til omsorgssektoren, som vil føre oss til grensa av personvernet om ein skulle omtale det i avisa.

Eg er usamd, fordi alternativet etter mi oppfatning er verre. Spekulasjon om kommunen driv god økonomihandtering eller ikkje, er uheldig. Eg meiner at ein må kunne vere konkret men samstundes varsam, og kunne omtale kva det er som gjer at sektorbudsjett sprekk eller held. Men reaksjonen låser mitt svar her, i den forstand at heller ikkje eg er fri til å dele detaljar både eg og venteleg andre kjenner.

Sparetiltak som ikkje gjev innsparing

Det framgår av det omtalte brevet til dei tilsette 12.10 at grunna fleire slike faktorar har det vore vanskeleg å nå i mål med sparetiltak som var lagt inn i 2015-budsjettet. Sum driftsutgifter per oktober for alle sektorar er 83 prosent av heile driftsbudsjettet for året, og då blir det vanskeleg å halde årsramma. Det blir estimert eit meirforbruk på drifta på fem til sju millionar.

Ein variabel er ikkje-sensitiv og kan trekkast fram: Sjukefraveret. Det er sagt at med Vestnes kommune sitt tal på tilsette vil kvart prosentpoeng sjukefråver utgjere 2,5 mill kr i kostnader. Fråveret sektorane imellom varierer, i snitt ligg det no i underkant av ti prosent. Som kan bety ein realkostnad for kommunen på 25 mill kr på årsbasis.

I ei privat bedrift ville lampene lyse raudt, men slik er det ikkje i kommunane. Ein bør kunne rekne med høgare tal, fordi det er helse- og omsorgsyrke som utgjer ein høg andel av talet på tilsette. Det dreiar seg om dagleg arbeid i drifta av desse tenestene som ikkje unaturleg utløyser høgare sjukefraver enn i privat sektor.

Men for kvar decimal Vestnes kommune klarer å knipe inn på sjukefråveret er det pengar å hente.

Det er då spørsmålet kjem: Blir det lågare fråver ved å knipe inn på summen av personalressursar på dei ordinære skifta? Ein vikar her og ein assistent der blir luka ut av vaktlista? Slik at dei tunge løfta blir konsentrerte i færre hender?

"Frie" inntekter

Ein kommune sine såkalla «frie inntekter» består av rammetilskot frå staten, og skatteinntekter. Inntektssystemet med kriteria og forutsetningar blir laga til året i førevegen, og det for 2016 ligg ute på heimesida til Kommunal og moderniseringsdept. Saman med momskompensasjon utgjer dei frie inntektene knappe 80 prosent av alle pengar ein kommune får inn. Frie inntekter er pengar kommunen kan bruke til kva dei vil.

Kriteria for å rekne ut kor mykje Vestnes får i statlege tilskot er innfløkte. Det dreiar seg om aldersfordeling mellom innbyggarane, geografiske og sosiale tilhøve i kommunen. Det desidert viktigaste kriteriet er born i skulepliktig alder, 6 til 15 år gamle. Har ein store fødselstal nokre år før som veks gjennom denne alderen betyr det mykje pengar frå staten. Dårlege fødselstal = mindre statleg tilskot.

Staten har også ei ordning med skatteutjamning. Kommunar med skatteinntekt under landsgjennomsnittet blir kompenserte for mindreinntekta. Men ikkje 100 prosent. Dei får utbetalt 60 prosent av differansen opp til landsgjennomsnittet. Dei som har under 90 prosent av dette får i tillegg 35 prosent av differansen mellom eiga skatteinntekt og 90 prosent av snittet for landet. Kommunar som får inn over landsgjennomsnittet blir derimot trekte 60 prosent av beløpet over snittet i rammetilskot.

Det betyr at det avgjort mest interessante for ein kommune er å syte for at ein får inn tett opp til landsgjennomsnittet i direkte innbetalt kommuneskatt. Det blir det mest pengar av, for kompensasjonen som staten byr på vil uansett ikkje føre kommunen opp på landsgjennomsnittet.

Det er med denne forutsetninga eg nyleg hevda at Vestnes kommune har sove på jobb, gitt at kommunen har ligge jamt under landsgjennomsnittet i skatteinntekt dei seinare åra. Det fell somme tungt for brystet og blir oppfatta som ufint. Det forstår eg, dersom at eg tek feil.

Kriteria for dei statlege overføringane er slik at gode fødselstal kombinert med ei arbeidskraftmessig fornuftig innvandring vil vere ideelt. Fordi ein då vil utløyse gode statlege tilskot, samstundes om den importerte vaksne arbeidskrafta vil koste kommunen relativt mindre i opplæring før dei går ut i skattemessig innbringande arbeid i kommunen. Integreringsrekneskapen i Vestnes viser overskot, denne påstanden bør difor halde mål.

Eg foreslår at folk i Vestnes tenker på kva tiltak og ordningar kommunen kan legge til rette for, slik at fødselstala over tid blir fordelaktige for felleskassa. Det kan høyrest ut som »fjas», men er seriøst.

Når det gjeld inntektene frå kommuneskatt må Vestnes streve for å halde seg minst på landsgjennomsnittet. Differansen mellom dette snittet og det kommunen faktisk får inn – medrekna skatteutjamninga – kan vi som bur her komme til å oppleve som «kutt» i tenestetilbodet kombinert med auka eigedomsskatt.

Administrasjon tilrår å opprette ei ekstra økonomistilling for 2016. Denne stillinga bør delvis kunne brukast til å arbeide nettopp med å sikre skatteinntektene.

Skatten som ikkje kom

Næringslivet i Vestnes har dei seinare åra gjort gått bra. Særskilt i industrien der det har vore bonanza. I denne samanhengen peikar eg særskilt på leverandørindustrien og oppdragsgjevarar. Det har vore gode pengar å tene for dei lokalt, fast tilsette. Det har gitt tilsynelatande gode skatteinntekter for kommunen. Men samstundes har det vore omfattande import av innleigd arbeidskraft frå utlandet, med tilhøyrande uoversiktleg tilstand rundt spørsmålet om desse er lønna korrekt i ein skattemessig forstand.

Eg har hevda at Vestnes kan ha tapt så mykje som 15 mill kr årleg over fleire år i skatteinntekt frå denne verksemda. Det oppstår ved å multiplisere talet på utførte arbeidstimar av den aktuelle arbeidstakargruppa, med differansen mellom det dei faktisk skatta til kommunen og det dei skulle ha skatta om dei hadde blitt korrekt lønna. For her har det vore ein differanse på det siste punktet. Det har på det meste vore over eitt tusen gjestearbeidarar på jobb samtidig i Vestnes, i tillegg til dei fastbuande. Det blir det store beløp av.

Årsaker til mangelfull skatteinntekt kan vere ein eller gjerne fleire av faktorar som:

  • ein tilsett har ikkje fått overtidstillegg etter lov- og avtaleverk, berre flat løn. Mange leiefirma har arbeidstidsordningar med friperiodar heime, og gjennomsnittsberegning av arbeidstid, det gjer det matematisk vanskeleg for somme firma «å få til» rett avlønning

  • manglande utbetaling av sjukepengar

  • delar av timeløna er flytta ned på lønsslippen og blitt til ein «ytelse», som blir skatta på annan måte enn bruttoløn. Det kan framstå som «utgiftsdekning», men er blåst opp

  • ein medarbeidar kan vere tilsett ved eit firma sitt hovudkontor i heimlandet. Oppdragsgjevar betalar firmaet oppgjer jamfør kontrakt til konto i firmaet sitt heimland. Den tilsette får løna si der, og skattar ikkje til Norge i det heile tatt

  • ein tilsett jobbar i eit «bemanningsforetak», som betyr at han skal likebehandlast på løn og ytelsar med dei fast tilsette i bedrifta han er utleigd til. Han blir likevel lønna som om han var tilsett i ei «produksjonsbedrift» som ikkje treng å «likebehandle» han. Det skjer ved at industrien har omdefinert firmaet fiktivt til «industriell utleigar», og dermed kan den tilsette «inntas på stedet» til lavare løn. Bruttoforskjellen kan vere til dømes 50 kroner per arbeidstime

I tillegg er det eit ikkje ubetydeleg omfang av svart arbeid i den private marknaden. Husmåling og andre liknande småjobbar er regulert tydeleg av eit regelverk. Kontant oppgjer i handa til ein utanlandsk handverkar er tvilsam omgang med lovverket, og utløyser neppe skatt til felleskassa i det heile tatt. Arbeidsgjevarforeninga Virke anslo i fjor omfanget av skatte- og avgiftssvindel i denne marknaden til 70 milliardar kroner årleg.

Eg vil ikkje mistenkeleggjere ei gruppe. Det er ikkje meininga. Det vil alltid vere «bad guys» og «good guys». Den differansen eg peikar på har nok oppstått mykje ved mangelfull kunnskap.

Dei nasjonale skattelistene for 2011 viser at Vestnes fekk inn 127.3 mill kr i skatt. Det er 86,1 prosent av landsgjennomsnittet, 100 prosent ville ha vore 147.9 mill. Så fekk kommunen 12.2 mill i kompensasjon og enda opp med ei samla skatteinntekt på 139,6 mill, som er 94,3 prosent.

Hadde Vestnes klart å krevje inn dei 15 millionane eg har omtalt ovanfor ville summen inn ved eiga hjelp ha vore 142,3 mill tilsvarande 96,2 prosent. I kompensasjon ville det utløyst 3,3 mill kr, og kommunen ville endt opp med 145,7 millionar i endeleg skatteinntekt. Som ville ha vore 6,1 millionar meir enn den historiske summen i 2011. Dette ville ha vore frie midlar som ville gått rett inn på 2012 budsjettet eller til fond. Det lønner seg stort å ha ein aktiv lokal skattepolitikk.

Vi må sikre dei grunnleggande samfunnsinteresse gjennom ein korrekt skatteinngang. Alternativet vil vere å ha ein vedvarande situasjon over mange år der innbyggarane kvart einaste år blir bedne om å betale det økonomiske mellomlegget som oppstår i felleskassa. Ved stadige kutt i tenestetilbodet, og ved auka eigedomsskatt. Til slutt vil ein nå ei sosial yttergrense.

Slik kan vi ikkje ha det i Vestnes. Det er vanskeleg å gjere mykje med 2016, kutt og meir eigedomsskatt er neppe til å unngå. Men for dei kommande åra bør ein ta i bruk langsikte tiltak.

Sikre skatteinntekta. Få opp fødselstala. Ha ein fornuftig integrasjon til samfunn og arbeidsliv. Bli langsiktig samde om strategi for skule- og omsorgsstruktur. Unngå høge sjølvkostnivå på kommunale tenester. Bygge opp eit varig buffer-fond av frie midlar og unngå bruk av kassekreditt. Betale ned lånegjeld planmessig. Trekke til seg næringsliv som passar til arbeidskrafta.

Dugnad

Vestnes kommune vil i 2016 ha eit budsjett med ei ramme omkring 500 mill kr. Lånegjelda ved utgangen av 2014 var om lag 400 millionar. I tillegg til tiltaka eg nettopp presenterte, må det til ein innbyggardugnad for å få kommunen permanent på rett kjøl.

Det vil vere ledige hender ved permitteringar, i tillegg til spreke pensjonistar. Det er ikkje-medisinske oppgåver innan omsorg der ei hjelpande hand kan vere til god nytte, og det er mange ledige og flinke fagfolk som når dei har høve kan bistå tekniske tenester med mange slags oppdrag. Desse gruppene vil få ytelsar gjennom NAV og slik alt vere «betalt». Dette kan vere ein måte å stoppe auken i eigedomsskatten, som for 2016 kan gå opp frå to til tre promille.

Så lenge både dei tilsette og innbyggarane er overtydde om at den administrative og politiske leiinga i Vestnes gjer det beste dei kan for å sikre velferden har vi ein tilstand med autoritet og tillit. Om det ikkje er slik, er tilstanden ein annan.

Mer fra: Kultur