Kultur

Terror i Paris

Kampen mot IS-fascismen blir langvarig.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Skal gode krefter vinne, bør vi ikkje vere historielause. Derfor bør vi sjå grundig på den hittil største terroraksjonen i Paris. Vi bør og sjå på kven som stod bakom og ga ordre.

17. oktober 1961 deltok 30.000 personar i ein fredeleg demonstrasjon i Paris. Dei fleste var algirarar og støtta kravet om at Algerie skulle bli ein sjølvstendig stat. Politimeister Maurice Papon sette inn store styrkar mot demonstrasjonen. Politioffiseren Raoul Letard som følgte ordre, ga i 1998 eit vitneprov til Det franske instituttet for studiar av nasjonalt forsvar. Han sa at politifolk «jakta og skaut på alt som rørte på seg» fram til det ikkje var nokon fleire der som det var muleg å skyte. Mishandla lik vart plukka opp frå Seinen dagen etter aksjonen. Simone de Beauvoir har skrivi om lik som vart hengt opp i trea i Bois de Boulogne-parken i 16. Arrondissement. Rundt 200 menneske var døde før politiet avslutta aksjonen.

President de Gaulle hedra i 1961 Maurice Papon med Æreslegionen, den høgaste franske utmerkinga. Papon vart seinare politikar og var finansminister i Frankrike fram til 1981.

Han vart aldri stilt til ansvar for 1961-massakren. Men i april 1988 vart han dømt til 10 års fengsel fordi han under andre verdskrigen beordra arrestasjon og deportering av 1.560 jødar. Dei hamna i dødsleirar i Nazi-Tyskland. Det gjekk betre med Papon. Han slapp med å sone to år – fordi han ikkje var frisk.

Mer fra: Kultur