Kultur

Sterk jazzinnspurt i Oslo

Arild Andersens nye kvartett krona Oslo Jazzfestival med ein kanonkonsert.

Forventningane var høge når Andersens nye kvartett gjekk på scena på  festivalens siste kveld. Med pianisten Helge Lien som fjerdemann i det som har vore Andersens trio, vart bandet møtt med ovasjonar, elegant kvittert for med Burt Bacharachs udøyelege ballade «Alfie». Den skotske saksofonisten Tommy Smith har saman med Paolo Vinaccia og Arild Andersen  i mange år utgjort ein sterk trio av internasjonalt format, som syttiårjubilanten Andersen i år utvida til kvartett, med jazzpianist i serklasse, Helge Lien. I eit forrykande samspel kvitterte bandet med den beste konserten eg høyrde på denne festivalen, i godt selskap i ei veke der store konsertar har vore legio.

Frå Herbie Hancocks ekstra opningskonsert, via prosjektet «A Love Supreme». Elin Rosselands triumf med sitt nye band. Gary Peacock Trio, legenda Sheila Jordan, Paal Nilsen Love Large Unit. Med framtida i norsk jazz på festivalens nordiske  ungdomsscene og mykje, mykje meir, har den trettiande Oslo Jazzfestival i denne medarbeidars øyre vore den beste i soga. Kva det vil seie omrekna i tal, er ein ting. Like viktig er vitaliteten som i festivalen si årlege tevling med Øya har prega store og små konsertar, som ein normal utegåande medarbeidar har opplevd  ein del av.

Etter torsdag kom ikkje berre Nilssen-Loves Large Unit  i storform. På den nasjonale jazzscena regjerte italiensk jazznestor og plateaktuell trompetist, Enrico Rava, med konserten «The Dark Side Of Jazz». Og mens Karin Krog i selskap med jamaldringane Steve Kuhn og Steve Swallow gledde ikkje berre dei godt vaksne, var det sterke vokaltalentet Sandra Borøy, på engelsk og norsk, ein bodberar frå framtida i jazzen.

Nyeste fra Dagsavisen.no: