Kultur

"Til ungdommen" - framleis aktuelt?

I 1936 skreiv Nordahl Grieg diktet "Til Ungdommen". I denne teksten (som eigentleg er ei skuleoppgåve) drøftar eg om diktet er aktuelt i dag, eller om det har mista den aktualiteten det ein gong hadde.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

«Til ungdommen» (Jansson m.fl.: Tema Vg3: 389-390) er nok eit av dei mest kjente dikta til Nordahl Grieg. Om vi skal forstå bodskapen, trur eg at vi må ta utgangspunkt i når det blei skrive. Grieg skreiv diktet i 1936, mens fleire var uroa over at Tyskland og nazismen vaks seg sterkare. Som eit motsvar til denne utviklinga ber Grieg oss om å gå inn i den tida vi lever i og å vie oss til strid. Han ønskjer ikkje at vi skal kjempe med våpen, men han vil i staden at vi skal tru på menneskeverdet og livet vårt. «Skaper vi menneskeverd / skaper vi fred», skriv han i strofe nummer elleve. I femte og sjette strofe går han hardt ut mot vanleg krigføring. Granatane skal stansast med ånd, ikkje andre granatar. I sjette strofe seier han det rett ut:

Krig er forakt for liv

Fred er å skape

Kast dine krefter inn

døden skal tape!

For å summere opp bodskapen, kan vi vel seie at Grieg ber oss om å leggje frå oss våpna, og i staden ta vare på den venleiken og varmen som finnst i verda. Sidan det er skrive av ein som høyrde heime på den radikale delen av venstresida (Jansson m.fl.: Tema Vg3: 93) så tett opp mot andre verdskrig, har han nok hatt det høgreradikale og nazistiske Tyskland si opprusting og si aggresjon i tankane. Mange uroa seg for dette på tredvetalet.

Ikkje berre litteratur

Sjølv om ein kan skrive mykje om sjølve diktet ut i frå eit litteraturfagleg perspektiv, er det også interessant å sjå på om diktet kan vere aktuell for ungdommen no i dag. Eller er det berre ein arv frå ei anna tid, som ikkje har noko relevans i dag?

Det er heilt klart lov å hevde det siste, og eg skal innrømme at det finnst argument for det. I dag er situasjonen heilt annleis enn det han var i 1936. Det finnst rett nok framandfiendtlege miljø, radikalisering og ekstremisme i det morderne Europa også, men eg trur ikkje slike tankar er like populære som på tredvetalet. Det er ikkje lenger nokre nazistar som marsjerer i gatene i Berlin, og konsentrasjonsleirane har blitt svære minnesmerke over kor mykje vondt antisemittisme kan skape. Dei miljøa som dyrkar hat og framandfrykt er mykje mindre enn dei miljøa som dyrkar antirasisme og toleranse. Uansett kor dei står hen politisk, er dei aller fleste heilt einige i at vald og granatar er dårlege verkemiddel for å løyse konfliktar og for å vidareutvikle samfunnet. Om to land er ueinige i dag, er det meir sannsynleg at dei forhandlar med kvarandre enn at dei går til krig. Det er jo nettopp difor dei aller fleste land har gått saman i FN. Denne verda veks det 21. hundreåret sin ungdom opp i. Kanskje kan vi seie at vi har vunne den kampen som Grieg kjempa, og at diktet difor ikkje er så aktuelt for ungdommen i dag? Den moderne verda er ikkje perfekt, men dei fleste må vere einige i at ho har blitt ein betre stad etter den andre verdskrigen.

Verda er ikkje roseraud

Til no har eg lagt vekt på dei positive sidene ved utviklinga. Diverre er ikkje verda så rosenraud, ho har også ei mørkare side. Syria er plaga av borgarkrig, Israel og Palestina er stadig i konflikt med kvarandre og Taliban har framleis styrkar i Afghanistan. Terrorisme har blitt eit globalt problem, noko også Noreg har blitt ramma av. 22. juli 2011 tok Anders Behring Breivik livet av 77 menneske, dei aller fleste av dei var ungdom. Ein av terroristane som deltok i angrepet på kjøpesenteret Westgate i Nairobi hadde budd det meste av livet sitt i Larvik og fleire titals unge nordmenn har dratt for å kjempe for terroristgruppa IS. Diverre er det slik at det finnst miljø, både i Noreg og i resten av verda, som meiner at det er greitt å bruke vald for å få fram meiningane sine. Eg trur at desse miljøa gjer at «Til ungdommen» framleis er like aktuelt som det var då Grieg skreiv det på midten av 1930-talet. I femte strofe finn vi ei oppmoding til å stanse granatane si «drift mot død» med ånd. «Ånd» kan vere så mangt, men når eg les det, tenkjer eg på demokrati og debatt. Gjennom ein sakleg, offentleg debatt, trur eg at vi kan plukke radikale og valdelege tankar frå kvarandre. Trua på menneskeverdet, som Grieg understrekar i tredje strofe, er i mine auge eit kraftfullt våpen mot dei som meiner at det er greitt å ta livet av menneske i Gud eller ein ideologi sitt namn.

Diktet kan nok også bli knytt opp mot noko anna enn berre kampen mot ekstremisme og terrorisme. I den niande strofa skriv Grieg at:

Edelt er mennesket

jorden er rik!

Finnes her nød og sult

skyldes det svik.

Her peiker Grieg på noko viktig i debatten om fattigdom og svolt. Dei fleste menneske er jo fornuftige og gode folk, og det er nok ressursar på jorda til at alle eigentleg skulle klare seg heilt fint. Kvifor er det då så mange som svelt? Grieg meiner tydelegvis at det er svik som har skulda. Om det verkeleg er sånn, er ein spanande debatt. Er det Vesten som har svike resten av verda, eller det resten av verda som ikkje har klart å følgje med?

Kvifor ungdommen?

Eit stort spørsmål står attende: Om diktet framleis er aktuelt, kvifor er det aktuelt også for ungdommen? Eg har allereie nemnt at den pasifistiske haldninga i diktet er ein fin brodd mot radikale miljø (til dømes Profetens Umma og den gamle Kvit Makt-rørsla). Eg meiner også at diktet er aktuelt av tre andre grunnar. Fyrst fordi dei problema som eg har peikt på er høgst aktuelle for ungdom. Det er ikkje gamle menn som dreg til Syria for å krige, krigarane er som regel unge. Då trur eg at ungdom kan vere viktige for å oppdage dei som står i fare for å bli radikalisert, og like mykje trur eg at «Til ungdommen» kan gje dei inspirasjon til det. Den andre grunnen er at vi kjem til å bruke mange år på å knekke dei radikale miljøa. Det kan godt vere at dei som er vaksne i dag må gje seg utan å ha klart det, og då er det viktig at ein ny generasjon står klar til å ta over stafettpinnen. Til slutt er det slik at ungdom er ein del av samfunnet, på lik linje med alle andre. Difor er det viktig at vi engasjerer oss, slik at vi er klare til å ta tak i dei problema som Grieg peiker på i diktet sitt, og som framleis er aktuelle.

Enno aktuelt

Eg har peikt på at ein kan argumentere for og i mot om diktet er aktuelt. Det er aktuelt fordi det i dag er mange som sveltar og fordi vi framleis finn miljø som spreier hat og er villige til å drepe. Samtidig har nok diktet mista litt av aktualiteten, sidan det truleg var nazismen som Nordahl Grieg hadde i tankane då han skreiv det. I dag er ikkje nazismen nokon maktfaktor i dei radikale miljøa i Noreg. Likevel er den endelege konklusjonen min at diktet enno er aktuelt. Eg trur det kan inspirere til å ta tak i folk som står i fare for å bli radikalisert, noko som kan bli ei viktig oppgåve også når ungdommen i dag blir vaksen. Heilt til slutt er det aktuelt fordi det framleis er vald og krig i verda. Det er ingen grunn til at ungdom skal vere mindre interesserte i å få ein slutt på det, akkurat slik som «Til ungdommen» oppmodar til. Å skape menneskeverd og fred er eit mykje betre alternativ enn å starte krigar.

Litteraturliste

Jansson, Benthe Kolberg, Kristoffersen, Kristian E., Krogh, Jannik, Michelsen, Per Arne: Tema Vg3. Det norske samlaget, Oslo 2008

Mer fra: Kultur