Kultur

TISA-forhandlingane. Stoler Ap blindt på Høgre og Frp?

Ap er uforståeleg passive når det gjeld det som er under oppsegling i TISA, frihandelsavtalen for tenester som Norge forhandlar utanfor WTO saman med 50 land..

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I eit par oppslag i aftenbladet.no den 12. februar, blir Arbeiderpartiet framstilt som positive til TISA, frihandelsavtalen for tenester som Norge og 50 andre land har forhandla om i to år no. Dette er underleg fordi mellom andre Fagforbundet her i landet, og fleire hundre fagforeiningar verda over har uttrykt sterk skepsis til denne avtalen. Det er ein sterk ubalanse i avtalen i favør av investor- og finansinteressene og i disfavør av arbeidstakar- miljø- og demokratiinteressene som er bakgrunnen for dette. I Aftenbladet er det Ap sin Svein Roald Hansen som blir sitert på at TISA ikkje er noko å uroe seg over. Mellom anna blir han sitert slik: “Skremslene om privatisering av offentlige tjenester blir ingen realitet, tror Svein Roald Hansen”.

Det er verd å merke seg at Hansen ikkje ”tror” at det blir noko av privatisering av offentlege tenester. Han veit det ikkje. Hemmeleghaldet knytta til forhandlingane gjer at Hansen og dei andre stortingsrepresentantane ikkje har peiling på kva som foregår..

Eit anna interessant utsagn frå Hansen er dette: "Hvis Tisa-avtalen som legges fram for Stortinget, skulle inneholde en mekanisme som forbyr reversering, blir den ikke ratifisert". Dette siste utsagnet refererer seg til uroa for at TISA vil innehalde klausular som gjer det uråd å omgjere ei privatisert teneste til ei offentleg, dersom den først er konkurranseutsett.

Forsikringa frå Hansen er ekstra interessant fordi det faktisk ER lagt opp til ein slik mekanisme som på viktige områder vil hindre ei slik reversering. Alt i starten på forhandlingane, jubla ein av dei store lobbyorganisasjonane for TISA, European Services Forum, over at det var semje mellom dei forhandlande landa om at slike klausular skulle vere med i avtalen: "There was also convergence that commitments should in principle reflect the actual practice ("standstill clause") and that future elimination of discriminatory measures should be automatically locked (so-called "ratchet clause") unless an exemption is listed". Dersom vi skulle kunne ta Hansen på ordet, ville dette bety at Ap ikkje vil seie ja til avtalen dersom dette blir ein realitet. Og dette burde Ap seie tydelegare frå om til regjeringa, slik at ikkje våre forhandlarar ikkje uttrykker seg i ei anna retning overfor forhandlingspartnarane...

Det er eit ekstra poeng at utenriksminister Børge Brende i eit skriftleg svar i Stortinget til Liv Signe Navarsete (Sp), faktisk stadfester at det må skrivast unntak, til den sokalla "negative liste", for kvart område der Norge i framtida vil stå fritt til å regulere ei teneste: "Sidan det er fastsett i Tisa at alle diskriminerande tiltak må skrivast inn i bindingslista for å kunne halde fram, såkalla negativ liste, var det naudsynt å skrive eit unntak i Noregs opningstilbod for vegtransport, som kollektivtransport er ein del av". ("Diskriminerande tiltak" blir det kalla dersom ein offentleg etat får ta over for eks vassforsyninga i ein kommune, dersom dette ein periode har vore privatisert...)

Det er uforståeleg at Svein Roald Hansen i den grad stoler på at den blå-blå regjeringa vil ”skrive unntak” i TISA-forhandlingane på alle dei områder som Ap i framtida kan tenke seg å ville stå fritt til å regulere, at han ser på TISA som heilt uproblematisk.

I den samanheng er det eit poeng at EU-parlamentet har oppnemnt Viviane Reding til "TISA-rapportør", og at ho alt har gått tydeleg ut med føringar til EU sine forhandlarar om kva parlamentet kan akseptere og ikkje i TISA-avtalen. Der nøyer dei seg med andre ord ikkje med å vente og sjå kva som blir resultatet av forhandlingane...

Dette innlegget har eg også sendt direkte til Svein Roald Hansen i håp om at han kan vurdere å forklare litt grundigare kvifor han er så positiv til TISA.

Mer fra: Kultur