Kultur

TISA. Vaknar Europaparlamentet endeleg?

Og kan dette vekke det norske stortinget?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det ser ut til at Europaparlamentarikarane no endeleg har oppdaga TISA, frihandelsavtalen for tenester som har vore under forhandling mellom 50 land i snart to år, og der altså Norge er aktivt med.

Den 13 januar heldt Viviane Reding, nyoppnemnt “rapporteur” for TISA til Europaparlamentet, ein pressekonferanse som var ganske så oppsiktsvekkande. Der opna ho med å seie at TISA er “minst like viktig som TTIP”, den meir omtala avtalen mellom EU og USA. Det mest oppløftande av det Reding vidare sa, var at dei no var i gong med å formulere ein del presise krav til innhaldet i TISA, sokalla green lines og red lines, som måtte innfriast før parlamentet ville godkjenne avtalen. Eksempelvis er det eit absolutt krav at offentlege tenester, først og fremst helsestell, undervisning og vassforsyning skal ekskluderast frå liberalisering. (“public services, notably health, education and water should be excluded from liberalisation. “These are not for sale”, she said.

(Pressekonferansen er å finne her: http://ec.europa.eu/avservices/video/player.cfm?ref=I097507 og ei oppsumering er å sjå her: http://www.borderlex.eu/viviane-reding-sets-european-parliament-red-lines-tisa/ )

Dette er oppløftane og oppsiktsvekkande fordi det politiske toppmiljøet, forsåvidt i alle dei forhandlande landa, inkludert Norge, hittil har skygga unna å sjå på konsekvensane i avtalen, og overlate til byråkratar å forhandle, tydelegvis etter eit mandat som virkar svært så frihandelsekstremt.

Her til lands var det Handelskampanjen og Attac som først tok til å varsle om TISA, og etter kvart har avtalen kome litt meir “til overflata”, ikkje minst takka vere at Fellesforbundet har sett seg grundig inn i den trusselen TISA kan bli.

I Stortinget er det skuffande laber respons. Rett nok har SV gjort eit landsstyrevedtak der partiet seier klart nei til TISA, og partiet Raudt er også aktive kritikarar av avtalen, men elles er det no i det siste berre Liv Signe Navarsete (Sp) som har prøvd å vekke sine stortingskollegaer gjennom eit par spørsmål til utenriksministeren om visse element i avtalen.

UD-leiinga har så langt konsekvent prøvd å bagatellisere eventuelle negative konsekvensar ved ein TISA-avtale, og den går langt i retning av å bruke feilinformering for å “reklamere” for avtalen.

Nok eit eksempel på dette, kom no i januar etter det siste spørsmålet i Stortinget frå Liv Signe Navarsete, som handla om konsekvensane av TISA for sjukehustenester. Til dette svarer Børge Brende kategorisk at “Vi opnar ikkje for konkurranseutsetting av norske sjukehustenester gjennom TISA-forhandlingane.” Problemet med det svaret er at det i dei norske ”inital offers” i TISA-forhandlingane, uttrykkeelg står at det er opna for bedriftsetablering når det gjeld fødestovetenester (deliveries and related services) og sjukepleietenester (nursing services). (Sjå evt side 13 i denne linken: https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/ud/vedlegg/handelspolitikk/tisa_offer.pdf . Til orientering så har eg tidlegare fått stadfesta at uttrykket ”commercial presence” som er brukt i dette ”inital offers”-dokumentet, betyr bedriftsetablering (etablering av AS) på lik linje med norske bedrifter).

Dersom dette svaret frå utenriksministeren ikkje då i det minste kan kallast misvisande , så forstår ikkje eg. Fødestover og sjukepleietenester er del av norske sjukehustenester så godt som noko.

Regjeringa ser altså ut til å ville gjere sitt beste til å fremme agendaen til dei globale frihandelsekstremistane. Kan vi ha eit LITE håp om at Europaparlamentet sitt ferske og overraskande initiativ til å sjå nærare på kva som foregår i TISA-forhandlingane, kan vekke eit fleirtal i Stortinget?

Mer fra: Kultur