Kultur

Eit musikalsk lukketreff

Eldbjørg Raknes ville syngje dei gamle songane sine, pianisten Oscar Grönberg tok utfordringa, og «You Make me Feel» er eit blinkskot.

Antonio 
Sanchez

«Three Times Three»

Mack Avenue (MusikkLosen)

Eldbjørg Raknes & Oscar Grönberg

«You Make Me Feel»

MYrecordings (Musikkoperatørene)

Mongrel

«Taskenspill»

Losen Records (MusikkLosen)

Tittelen er frå «A Natural Woman», som ikkje er ein «standardlåt», men eitt av Eldbjørg Raknes’ fjorten utvalde når ho har oppsøkt den svenske pianisten Grönberg for å syngje songar ho høyrde og lærde for 20-25 år sidan. Pianisten har vi i Norge mest høyrt i bandet til Hannah Paulsberg, og det var i same duoformat Raknes erobra jazzscena i 1991, med Christian Wallumrød ved flygelet. I Grönberg har ho funne ein pianist til eit samspel så nakent og reinskore at det er til å bryte nakken på, eller gå til himmels. I over tjue år har Raknes brukt stemma i mange format, i akustiske og elektroniske framtoningar og måtar å uttrykkje seg songleg og tekstleg på, både til barn og vaksne, og ho var med og starta vokalgruppa Kvitretten. På «You Make Me Feel» møter den nakne, litt såre og ru røysta hennar Grönbergs intuitive, kjenslevare og samstundes storslåtte pianospel, i eit samarbeid som alt haustar ovasjonar der ute. Og soga fortel at albumet vart til ut frå den andre øvingsøkta i den inspirerande stilla i Stamsund kyrkje i Lofoten, og albumet var klart

Etter opningssongen kjem Michel Legrands filmlåt «I Will Wait For». «Everything To Me» og «Blame It In On My Youth» følgjer. Her er «Tea for Two», «Ballad of A Sad Young», ein Dorothy Parker-tekst ho sjølv har skrive musikk til, og vi treng ikkje liste opp heile den store gullrekkja. Som dei avsluttar med «I’ll Be Seeing You» og «Somewhere», ein yndling frå West Side Story. Eldbjørg Raknes har saman med Oscar Grönberg gjort eit stort vågestykke, og landar med perfekt nedslag.

Bastardjazz

Ein «mongrel» er ein hund som ikkje er runnen av nokon eigen rase, ein kjøter. Med stor bokstav er det namnet på det norske jazzbandet Mongrel, som debuterer med eit album med det norske namnet «Taskenspill», og som gjer det på ein måte dei ikkje treng skamme seg for. Med eit par unnatak har songane norske namn, og dei fire musikarane Thomas Littleskare (trompet), Johan Lindvall (piano), Stian Andersen (bass) og Tore Flatjord (trommer) er avleggjarar frå ulike band som Karokh, Kamala og Baker Hansen, og blir dimed «a bastard child of unpretentious jazz and open improvisation». I staden for å opphalde meg meir ved språket, vil eg gi bandet cred for å stå ved prosjektet sitt, med ein trompetist som på det andre sporet lyder som ein reinhekla Tomasz Stanko. I ei blanding av «fri», men melodisk jazz av ulikt lynne, med både vakre og «stygge» songar, og med den spreke «Odd Appearence» som døme på «arrangert» musikk, også med ein dåm av rein bebop i seg. «Outro» etterpå er nest siste låt, før «Avskjed på grått papir» med bandet i fabulerande, vakker samklang. Før det har vi høyrt åtte låtar inkludert den eksistensielle «Taskenspill», og ei artig oppleving var det lell.

Tre gonger tre

Amerikansk trommeslagar i særklasse er Antonio Sanchez, og til dobbeltalbumet «Three Times Three» har han late ønskjekvisten vise veg til musikarane han ville ha med. Ikkje til eit «all star band», men favorittmusikarar han ønskte å spele med i trio. Dermed peika flasketuten først på Brad Mehldau og Mett Brewer til første trio, John Scofield og Christian McBride til den andre, og Joe Lovano og John Patitucci til den tredje, og kva kan gå gale med slike kanonlag? Det opnar i første trio med Sanchez’ versjon av Miles Davis’ «Nardis» kalla «Nar-this». «Constellations» og «Big Dreams» er hans eigne. Han følgjer same mønster med Wayne Shorters «Fall» som opning med Scofield og McBride, Thelonious Monks «I Mean You» med Lovano og Patitucci. Med to eigne låtar i kvar trio, og alle verkar å vere ein perfekt match. Eldstemann er John Scofield (fødd 1951), bassist Matt Brewer (fødd 1983) er yngstemann, i eit tredelt møte mellom musikantar i jazzens grenselause hage.

Boyes mange røyster

Av distributøren blir dobbeltalbumet «Karin Boye songer» (Present Recordings/Musikkoperatørene) heilgardert som «jazz/rock», men her let vi alle merkelappar fare for å nyte i fred dette albumet, der songaren Benedicte Torget med si sterke og vakre røyst syng Boye-tekstar med Øystein Sevåg som pianist, arrangør og medkomponist. Torget er ein songar over eit vidt sjangerregister, Sevåg har eit namn både heime og ute med eit hundretals plater på planeten, på denne sida sist omtalt med «The Red Album» med norske jazzmusikarar. Med tretten dikt av Karin Boye trykt med både svensk og engelsk tekst, slår dei etter fire års arbeid stort på det også orkestralt, ikkje berre med strykekvintett, men Makedonia Radiosymfoniorkester på fem av songane.

Resultatet er eit vakkert, mektig, men ikkje pompøst uttrykk, på eit album som opnar med «Många röster talar», den lett vondsinna «Från en stygg flicka» og sjølvsagt «Ja visst gör det ont»! Alt tonesett og «dramatisert» musikalsk av Sevåg og Torget, til eit dobbeltalbum som må vere gåvepakka denne hausten, til alle med godhug for den store svenske kjærleikspoeten Karin Boye.

Frå is til glas

Terje Isungset har laga musikk av alt frå trommer og bukkehorn til tre, stein og is. «World Of Glass» (All Ice Records/Phonifile) med Isungset og Arve Henriksen, er første plate med instrument laga av glaskunstnarar. Femten estoniske kunstnarar arbeidde med prosjektet i to år, og musikken er innspelt live på konsertar over to dagar i Tallin i 2011, i samband med at byen var europeisk kulturby. 24. oktober var det sleppkonsert i årets europeiske kulturby Umeå, der også lokale glaskunstnarar hadde laga instrument. «World of Glass» er femten spor med glasblåsarhorn og andre instrument du garantert ikkje har høyrt maken til.