Kultur

Forvirring om OL

Det er ingen som har føreslått å ta tippemidlar frå andre deler av landet for å finansiera OL-anlegg.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det er slett ikkje enkelt å forstå alt som blir sagt og skrive om OL. Særleg når sentrale aktørar i debatten kjem med påstandar som viser seg å vera uriktige. Oppslaget i Dagsavisen 4. september med «Norges fremste idrettsblogger» Andreas Seliaas er eit døme på det.

Han etterlyser debatt rundt bruken av tippemidla. Han meiner at «En slik diskusjon vil synliggjøre hvor mye et OL vil gå på bekostning av idrettsanlegg rundt i landet». Derfor vil han ha uravstemming blant alle medlemer i norsk idrett om OL.

Men Seliaas tar feil. Det er ingen som har føreslått å ta tippemidlar frå andre deler av landet for å finansiera OL-anlegg. Det har vore tindrande klart heile tida at på dei stader det blir nye OL-anlegg, så går tippemiddeldelen av finansieringa av dette fylket sin andel av midlane. Det betyr tippemiddelandelen av finansieringa av nye anlegg i Oslo vil gå av Oslo sin del av spelemidlane. Ikkje Finnmark, Hordaland eller andre fylke.

Publisert i Dagsavisen 5. september

Mer fra: Kultur