Kultur

Det store bondefangeriet. Frihandelsavtalane TTIP og TISA.

Omsider ser det no ut til at dei demokratiske kreftene i Europa vaknar og tek til å protestere mot frihandelsavtalen TTIP, Transatlantic Trade and Investment Partnership. Vår jobb er motstand mot TISA, tenesteavtalen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Leiaren iden tyske landsorganisasjonen DGB, Michael Sommer, som også er president i den Internasjonale Faglige Samorganisasjonen IFS, som også norsk LO er medlem i, opplyste nyleg at dei har krevd stans i forhandlingane om TTIP. Det same gjer leiaren Detlef Wetzel i IG Metall, den største fagforeininga i Tyskland. (Sjå o dette på http://ttippen.se).

TTIP-forhandlingane foregår mellom EU og USA, men Norge må rekne med sterkt å merke effekten av ein eventuell avtale gjennom EØS-samarbeidet. Heile innrettinga på avtalen går på å overføre makt frå statlege styresmakter over til storkonserna, som gjennom avtalen håper å ”bli kvitt” så mykje som råd av statlege reguleringar knytta til handel og investeringar. Og dette likegyldig om reguleringane er til vern av miljø, arbeidstakarar eller ikkje... På same måten vil dette føre til ein katastrofal ubalanse i maktforholdet mellom investorinteresser og arbeidstakarsida i næringslivet.

Det som gjer desse TTIP-forhandlingane ytterlegare interessante for Norge, er at Norge er direkte med i parallelle forhandlingar om ein frihandelsavtale spesielt for tenester, TISA, Trade in Services Agreement. Også denne avtalen har dei same initiativtakarane som TTIP og har dei same tydelege mål om å styrke investorane sine interesser, til dels på sterkt udemokratisk vis gjennom opplegg som ISDS tvisteløysingsordning, og gjennom skrolle-klausular (ratchet-clause) som definitivt skal hindre utviklinga i å gå i ei anna retning enn mot meir og meir liberalisme (les handelskrig med tilhøyrande kamp på liv og død arbeidsplassar imellom...)

Så lenge den påståtte effekten av frihandelsavtalane i beste fall blir anslått til å kunne føre til ein ekstra økonomisk vekst årleg på 0.5%, då er det grunn til å tru at motivet for avtalane ligg i noko anna. At det nettopp ligg i at avtalane kan utvide "leikegrinda" til dei globable finanselitene gjennom større og større frihandelsområder der dei kan spele arbeidstakarar opp mot kvarandre i kampen for å halde på ein jobb.

Og at det ligg i dette med å svinebinde nasjonale styresmakter slik at desse ikkje kan hemme investorane sin gevinst på kapital. Les det Helene Bank skriv om dette i: "Når politikk blir handelshindring" i denne linken: http://www.velferdsstaten.no/tema/fordeling/?article_id=109546

Det er nifse perspektiv som ligg i desse forhandlingane, og det er uforståeleg at det politiske miljøet i Norge ikkje reagerer kraftigare særleg på TISA-forhandlingane.

Ute i Europa kan det sjå ut som om motkreftene har meir enn nok med å sloss mot TTIP, og at TISA-forhandlingane dermed går ”under radaren” der.

Det at Regjeringa (UD), kanskje i eit ynskje om å bagatellisere det heile(?), faktisk feilinformerte Stortinget om kor vidtrekkande TISA-forhandlingane eigentleg er, er truleg medvirkande til at det politiske miljøet i Norge så langt ikkje har brydd seg... (Sjå grunnlaget for denne påstanden her: http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1010/thread297043/

TISA-forhandlingane MÅ det før eller seinare bli bråk om også her i landet...

Mer fra: Kultur