Kultur

Livet i kunnskapssamfunnet

Slik fortset den kreative øydelegginga av skolen som bur i nyliberalismen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Påtroppande statsminister Erna Solberg set no fram sin visjon for norsk skole: «ett av de store prosjektene for denne regjeringen blir kunnskapssamfunnet. Det er avgjørende for Norges framtid og for meg som statsminister er dette ett av de viktigste prosjektene jeg kan ha.»

Visjonen kan verke vag og uklar, men kunnskapssamfunnet henter meiningsinnhaldet sitt frå ein økonomisk retorikk. Den seier at kunnskapssamfunnet er eit samfunn som heile tida er i stand til å tilpasse seg dei evige omkalfatringar og krav som den nye, globale økonomi og konkurranse påtvingar det. I visjonen er kunnskap ei vare ein byter mot økonomisk vekst og utdanningssektoren er underlagt krava frå økonomien. Difor er det er behova og krava frå marknaden skolen skal tilfredsstille i visjonen til Erna Solberg.

Visjonen om kunnskapssamfunnet og nødvendigheiten av å nå den, legg til grunn at framtida til nasjonen er i fare, dårlege resultat i skolen ville føre til velferdsnedgang, ein ville ikkje kunne nå kunnskapssamfunnet og dermed tape i den globale konkurranse. Difor må Erna Solberg redde framtida, og det fort. Visjonen seier at det er kunnskapslause og ustyrlege lærarar, føyelege leiarar og urolege og vanskelege elevar ein må gjere noko med. Dei må kontrollerast og styrast av nokon ein kan stole på. Læraren må utdannast betre. Då vil alt bli bra.

I visjonen er frykta for framtida knytt til ein angst for at verda er i stadig endring. Sidan den globale økonomi er ein konkurranse og ein kamp mellom nasjonar, må ein ikkje tape denne kampen, trur Erna. Difor, for å hindre forfall og tap må ho styre og kontrollere, berre då vil det gå bra: «I oppgangstider og i nedgangstider, under oljefest og i europeisk gjeldskrise, så er kunnskap avgjørende for å trygge arbeidsplassene og sikre konkurransekraften. Det krever at vi proriterer», skreiv den påtroppande statsminister i Dagbladet 07.09.2012. Vi prioriterer, for vi veit best. Det seier Erna.

Men dette er ikkje Høgre sin visjon åleine. Den har røter i EU og i OECD. For visjonen om kunnskapssamfunnet finn ein òg i utdanningspolitiske strategidokument der. Kunnskapssamfunnet EU og OECD tek til orde for er smidd over same nyliberale lest som i regjeringserklæringa. For å nå det må ein i skolen nytte evidensbasert kunnskap, konkurranse mellom skolar, privatisering av offentleg skole, frie skolevalg, standardisering av undervisningspraksis, satsing på grunnleggjande ferdigheiter og så vidare. Og ein må bekjempe det som står i vegen: sjølvstendige lærarar, fagforeining og arbeidstidsavtaler. For i visjonen om kunnskapssamfunnet har, i likskap med PISA-undersøkinga, som mål å «sette i stand elevene til å bli morgendagens arbeidstagere». Og berre det.

Men lærarar veit at utdanning og oppdragelse er sentralt i menneskeleg sivilisasjon og kultur. Lærarar veit at samtida sine ideal for oppdragelse er å komme barnet i møte, lytte til det, være merksam på behova det har og sørgje for at det får utfolde seg, at det får leike og lære. Lærarar veit at alle barn skal lære å innordne seg i eit fellesskap som stiller krav til oppførsel, kunnskap og ferdigheiter. Og lærarar veit at barn skal lære normer og reglar for rett og gale, og barnet må lære å kontrollere eigne impulsar. Det veit lærarar fordi forholdet mellom individuell utfoldelse og omsynet til fellesskapet er eit av dei klassiske felta i pedagogikken, for individet utviklar seg i samspel med det sosiale fellesskap.

Og, det same fellesskapet er avhengig av at barna handlar og oppfører seg i samsvar med formelle og uformelle reglar som alle er einige om. Dette veit lærarar. Lærarar veit at skolen i Norge har fire ulike funksjonar, den skal bringe vidare felles kulturarv, den skal utdanne elever til å gjere nytte for seg i heim, arbeid og samfunn, den skal forme og utvikle kvar enkelt elev og den skal skape likskap gjennom fellesskap. Men dette er no truga av kunnskapssamfunnets der berre arbeidslivets krav til eleven skal innfriast.

Og fordi læraren veit dette, rettar Erna Solberg peikefingeren mot læraren. For visjonen om kunnskapssamfunnet hevdar ei tru på at dei økonomiske utviklingslovene er skjebnebestemt, at vi alle er fanga i den globaliserte økonomi, i ein kamp alle mot alle, der berre dei sterke vil vinne. Ein trur at historia si rolle er å oppfylle desse nyliberale profetiane, at i det globaliserte kompetansesamfunnet er det utdanningssystemet som avgjer vår konkurransekraft. At det er den som avgjer nasjonen si framtid. I visjonen om kunnskapssamfunnet er skole for viktig og for risikabelt å overlate til lærarar. Ut av dette kjem kravet om ei ny lærarrolle. Ein skulle tru at ønske om å utdanne læraren betre er det same som å seie at det er læraren som forvalter kunnskapen om korleis gje elevane best mogeleg undervisning. Men det er det ikkje. Satsinga på læraren, som den nye regjeringa hevdar, er ikkje eit ønske om ein profesjonsstyrt skole. I staden vil den utdanne læraren til ein lydig funksjonær. Då er trugsmålet fjerna, kontrollen gjenoppretta og framtida redda.

Difor lanserer også Høgre og Frp ei etterutdanning av lærarar som ledd i den nye Solberg-regjeringa si satsing på skole. Den avskiltar og diskvalifiserer 10.000 matematikklærarar. For no har læraren plikt til å etterutdanne seg. Og det skal ifølgje Erna Solberg skje i læraren sin sommarferie. Slik fortset den kreative øydelegginga av skolen som bur i nyliberalismen. Denne gongen bryt den ned dei eksisterande kvalifikasjonskrava til læraryrket og let dei gjennoppstå som nye, utanfor det eksisterande regel- og avtaleverk. Dette er grunnen til at lærarar ikkje lenger er kvalifisert, som lærarar». I staden kjem eit absolutt krav om underkastelse som må innfriast om ein skal kunne fortsette å undervise. Og då er 10.000 matematikklærarar ikkje lenger kvalifisert til å undervise om ikkje dei er villige til å bruke ferien på etterutdanning. Slik er livet i kunnskapssamfunnet.

Mer fra: Kultur