Kultur

Eksempel på økonomisk terrorisme

Når eg les innlegg som det av Reidar Kaarsbø om Økonomisk terrorisme (frå i går), får eg assosiasjonar til mitt "favoritt-case" på dette området frå nokre år sidan. Det er rykande aktuelt sjølv om det det skjedde på slutten av 1990-talet.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Røkke og Gjelsten kom med sitt RGI-konsern med eit brak inn i norsk næringsliv. Dei hadde vore ute i verda og lært seg oppskrifter på rask og stor forteneste og har gitt fleire ein leksjon i korleis globaliseringa av økonomien kan utnyttast . Her er eit ganske så «pedagogisk» eksempel:

I 1995 betalte RGI 125 millionar kroner for 50% av tekstilbedrifta Helly Hansen (Orkla kjøpte andre halvparten). To år seinare selde RGI (no Aker RGI) seg ut att for 430 millionar(!) for den same aksjeposten... Kva slags mirakel hadde skjedd med Helly Hansen på to år??

Forklaringa er like enkel som den er urovekkande:

I 1995 gjekk storparten av produksjonen for Helly Hansen føre seg i Portugal. Straks RGI fekk styringa, sette dei i gong med «restrukturering» av bedrifta, noko som førde til at dei ca 500 portugisiske arbeidarane miste jobbane sine. (Altså offer for økonomisk terrorisme). Produksjonen vart flytta til Asia, der RGI frå før hadde erfaring med å bruke svært så billeg arbeidskraft (eksempelvis i Brooks skoproduksjon). Denne ekstremt billege arbeidskrafta gjorde så at inntjeninga for Helly Hansen på kort tid vart sterkt forbetra. Aksjeverdien steig dermed kraftig, og Aker RGI kunne altså, etter to år(!), stikke av med ein bokførd gevinst på 265 millionar kroner! (Aker RGI sitt eige tal).

Dei som faktisk tilførde denne enorme verdiauken på aksjane i Helly Hansen, var dei lutfattige asiatiske fabrikkarbeidarane, som sydde/(syr?) Helly Hansen produkt for truleg godt under 20 kroner dagen. Dersom det lovpriste frie markedet virkeleg var fritt, ville arbeidarane som faktisk produserer det meste av meirverdien i Helly Hansen, sjølvsagt ikkje vore nøydde til å gi frå seg 265 millionar slik det altså skjedde. Men det var og er som vi ser, makta som rår...

Og Helly Hansen-operasjonen ga tydelegvis Røkke meirsmak: I mars 1998 kjøpte han det danske investeringsselskapet Gefion for 650 millionar kroner. I ei pressemeldinga gjekk det fram at selskapet nettopp skulle drive med kjøp og salg av bedrifter...

RGI sitt Helly Hansen-eventyr er eit av mange eksempel som burde få oss til å våkne. Situasjonen til arbeidslause portogisarar og slavearbeidande asiatar kan virke fjern for kjøpesterke norske lønsmottakarar. Det er likevel nettopp no vi burde ha evne til å løfte blikket og reagere når spelereglane i næringslivet,og dermed maktforholda i samfunnet, på kort tid blir så dramatisk endra. Sjølv om vi her til lands for tida har eit uvanleg stramt arbeidsmarked, kan det som ramma dei portugisiske arbeidarane, fort skje med norske arbeidsplassar. Fordi markedet er gjort globalt, og fordi dei globale konsernleiarane no får boltre seg friare og friare, blir arbeidsplassar verda over sett under eit nådelaust press. All arbeidskraft som på global basis kan erstattast med ein billegare arbeidsstyrke, er truga av globaliseringa. Effekten har for lengst gitt stygge utslag også i fleire industriland: I USA arbeider no (rundt 2000) ein femdel av alle arbeidstakarar for lønningar som ligg under den offisielle fattigdomsgrensa. Trur vi dei gjer det for moro skuld?

Fordi grensene vart opna for fri kapitalflyt og global konkurranse, kan storkonserna, under trussel om å «flagge ut», drive den reine utpressinga mot regjeringane for å få redusert sine skatteutgifter til fellesskapet. I tillegg er storkonserna ekspertar på å bygge opp «komplekse fleirnasjonale firmakonstruksjonar» som gjer det lett å flytte overskott til firmafilialar der skattenivå og offentleg innsyn ikkje er direkte plagsomt... I Tyskland klarte bilprodusenten BMW å redusere sine skatteutgifter til det tyske samfunnet frå 545 millionar mark i 1988 til null i 1993! Og det trass i auka gevinst og uendra aksjeutbytte i konsernet! Var det nokon som fekk ein assosiasjon til skattereglane for norske reiarlag?

Der Spiegel-redaktørane Schumann og Martin tar i boka «Globaliseringsfellen» for seg korleis storkonserna, etter at ein uregulert verdsmarknad er etablert på snart alle områder, no trugar både velferd og demokrati verda over. Likevel gir dei hovedansvaret for det som skjer ikkje til storkonser og finansspekulantar, men til regjeringspolitikarane i dei vestlege industrilanda: «Avtale for avtale, lov for lov, var det hele tida regjeringer og parlament som med sine beslutninger fjernet barrierene for den grenseoverskridende flyten av kapital og varer. Fra frigivelse av valutahandelen via det europeiske indre marked til den stadige utvidelsen av verdenshandelsavtalen GATT, har regjeringspolitikere i de vestlige industrilandene systematisk skapt den situasjonen som de ikke lenger er herre over».

Dei har gitt frå seg kontrollen og slept laus ein økonomisk krig. Ei handling som franskmannen Bernard Maris kallar «sosialt sjølvmord» i boka Ah Dieu! que la guerre economique est jolie!.

På ein eller annan måte har det festa seg ein livsfarleg myte om at det som er bra for handlefridomen til storkonserna i verda, uten vidare også er til beste for menneska i dei samfunna der slike konsern opererer . Dei portugisiske Helly Hansen-arbeidarane som miste jobbane sine i 1997, har nok si bestemte meining om den saka....

Det er å håpe at "fenomen" som Finance Watch, Attac, Publish What You Pay, og andre i same gate, kan vekse og bremse det "race to the bottom" vi elles er vitne til...

Mer fra: Kultur