Kultur

Ein samtale om norsk kultur

Kva er typisk norsk? Er debatten allereie over? Har me blitt noko klokare?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

- Det har vore så mykje snakk om norsk kultur og kva som er typisk norsk i det siste. Tybring-Gjedde og Jon Hustad har krevje svar av kulturministeren vår på desse spørsmåla. Men eg er litt forvirra. Kva er det dei eigentleg vil?

- Dei vil at me skal ha ein felles kulturell plattform. Elles kan me ikkje greia å rettferdig dela på plikter og retter, velferdsstaten kollapsar og norsk kultur bli utsletta. Difor er det viktig å bestemma seg for kva som er typisk norsk. Me må skriva ned reglar for kva typisk norsk er, slik at me alltid har ein norm å måle innvandraren mot. Då kan vi bruke det typisk norske som ein buffer mot ukulturen innvandraren tar med seg. Eg trur det er det dei meiner.

- Ok. Men kva er det då som er typisk norsk?

- Det er jo det viktige spørsmålet.Me har jo dei vanlege tinga som bunad og rosemåling, folkemusikk og folkeeventyr, og alt anna som vart skrive ned som typisk norsk for om lag 200 år sidan, då vi bestemte oss for å bli Noreg.

- Men kva med alt det som har blitt typisk norsk etter det? Vi må vel rekna med det også?

- Det er sant. Har du nokre nyare døme?

- Alle veit jo at black metal er det norskaste norske som finst. Spesielt den black metalen kor dei syng på norsk.

- Ja, og i Italia lærer fans seg til og med norsk for å kunne synga med på favorittsongane sine.

- Og mange i black metal miljøet er veldig glade i naturen. Det er utvilsamt eit norsk særtrekk. Dessutan likebehandlar dei alle religionar, slik som sosialdemokratiet vårt skal gjere. Dette har potensiale.

- Ja heilt klart. Black metal bør skrivast ned på pensum for dei som skal bli norske.

- Den kunne jo til dømes brukast i norskundervisninga. For å lære opp innvandrarane i norskspråket, og skapa ein tilknyting til naturen og landet.

- Ja, og black metalen set òg individet i sentrum, og legg vekt på den einskildes fridom til å bli den ein vil. Det er ein viktig norsk verdi, som eg veit Høire og Framstegspartiet kan støtte.

- Det er sant. Men innvandrarane kan ikkje få total fridom. Dei må læra seg å lika det me skriv ned og bestemmer er typisk norsk.

- Ja, det er jo klart.

- Men kva med Hustad og Gjedde? Dei er vel ikkje typane som likar black metal trur eg?

- Hm... Nei men dei kan vel læra seg nye ting dei òg, slik innvandrarane må? Når vi skriv ned kva som er typisk norsk, så må alle lære seg å like det. Dette er jo opplagt. Det er det som er poenget med ein felles norm.

- Ja, og eit visst kompetansenivå om alt det som er typisk norsk må ein jo kunne forventa av danna nordmenn med sans for reine røter.

- Men me har jo mange typar black metal. Kva type skal me skriva på pensum?

- Det må vel bli den opphavlege black metalen? Den som vaks fram på starten av nittitallet. Burzum må med sjølvsagt. Varg Vikernes er jo til og med Odinist, og alle veit at vikingane er det norskaste som finst. Me må tilbake til røtene våre. Her har vi noko å lære av Tore Tvedt.

- Openbart. Men, kva med den black metalen som kom seinare. Den er jo norsk den òg?

- Men den er vel ikkje ekte norsk?

- Kvifor ikkje?

- Fordi den er tilsmussa av stilartar og instrumenter som ikkje er opphavleg black metal, og difor ikkje ekte norsk. Synthesizer for eksempel. Dessutan er den nye black metalen altfor pompøs og for godt produsert til å spegle norske verdiar som nøysemd, pietisme og janteloven.

- Men det er likevel nordmenn som har laga den. Dessutan må me vere opne for framsteg og innovasjon, må vi ikkje? Elles stivnar jo kulturen vår heilt?

- Det er jo rett. Og dessutan er det mest dei store black metal banda frå seint nittitall og 00-tall som har gjort Noreg kjent utomlands. Dei er jo ypparlege ambassadørar for Noreg, og ein betydeleg eksportvare.

- Ok, men kva skal me setja på pensum då?

- Me må nesten snakke med black metal ekspertar. Me må skrive ned alle dei banda som kan definerast som black metal av miljøet sjølv.

- Det er ein god idé. Men då må jo pensum oppdaterast heile tida. Det kjem nye band heile tida, og sjangeren utviklar seg kontinuerlig. Det går jo ikkje. Då blir det umogleg å vite kva som til einkvar tid er norsk.

- Ja, me må ha eit fast pensum slik at innvandrarane veit kva dei må like for å bli norsk.

- Kva om me skriv ned nokre generelle reglar om korleis musikken skal lagast, kva tekstane kan handla om, og kva verkty som er lov å bruka når musikken lages. Då treng me ikkje å forholda oss til alle dei nye banda som kjem, for då veit me at dei lagar musikk innanfor dei rammene me har bestemt, og at dei følgjer dei reglane som me har bestemt at definerar ein typisk norsk sound.

- Aha, no er du inne på noko. Då er det mogleg å være innovativ innanfor rammene, samtidig som me har full kontroll på pensum.

- Eg trur det er løysinga. Sjølv om eg er mot ein detaljkontrollerande stat, må staten her inn på banen. Når det er snakk om noko så viktig som det reine norske, må ytringsfridom og individet vike. Staten må ha klare retningslinjer for kva statsborgarane må like for å kvalifisera som ekte nordmenn. Her er nok Russland eit godt forbilde. Putin handsama Pussy Riot-saka på ein imponerande måte.

- Men kva med den pragmatiske kulturen? Altså dei normer og vaner som hindrar at man snyter på felleskassa.

- Det er jo ikkje noko problem. Vi har allereie nedfelt i lovverket dei plikter og rettar statsborgarane har. Her er det allereie eit felles grunnlag som alle må fjølge.

- Men innvandrarane snyltar jo meir på staten enn ekte nordmenn, og bidrar mindre til fellesskapet.

- Gjer dei?

- Ja dei kostar for mykje, og vi ekte nordmenn må betale for dei gjennom skatten vi betalar.

- Men kvifor får ikkje innvandrar jobb då?

- Fordi dei ikkje vil jobbe. Dei er late og vil berre snylte på staten.

- Alle?

- Ja alle.

- Men kva med svenskane og polakkane som jobbar her då?

- Men dei har jo bevist at dei vil jobbe. Dessutan kjem dei frå ein kultur som er lik vår.

- Korleis?

- Dei kjem frå kristne land med den same arbeidsmoralen og pliktfølelsen nordmenn har.

- Er dette felles for alle kristne?

- Ja.

- Men det finns jo veldig mange kristne trussamfunn. Er alle like på dette området?

- Ja, men den evangelisk-lutherske retninga er flinkast.

- Muslimar har ikkje denne arbeidsmoralen dei då?

- Nei.

- Kjenner du nokre muslimar?

- Nei, men eg følgjer då med på VG, og eg er flink til å tolka statistikk.

- Men det finst jo veldig mange muslimske trusretningar også. Er alle like dårlege på arbeidsmoral og pliktfølelse?

- Ja, det er klart. Ein må skjere alle over ein kam, elles blir det fort uoversiktleg kven som er fiendane våre.

- Men ein muslim som likar black metal då?

- Jau, ho får vi ha trua på. Då viser ho jo vilje til å bli ekte norsk.

- Men kva med nordmenn som snyltar på felleskassa, dei som ikkje betalar skatt. Det finst jo mange av dei òg. Naving er jo svært populært blant nordmenn, det er mange rikingar som skjuler formuane sine utomlands, og sjå berre kor mange nordmenn som svindlar Lånekassa.

- Jo, men dei er jo norske.

Mer fra: Kultur