Kultur

Friensemblet for alle

Friensemblet er ikkje som andre frie ensemble. Mathilde Grooss Viddal leier bandet som fortel kvifor.

Dagsavisen anmelder

«Undergroove» er også opningslåten, som straks fangar lydaren gjennom eit tema som byggjer seg opp lag for lag med blåsarar, bass og trommer, og fyrer opp grooven under den første solisten Børge-Are Halvorsen på tenorsaksofon. Etterpå varslar «Mono Space» om romklang med den muta trompeten til Per Willy Aaserud i hans eigen låt, og det tek for alvor av på albumets eine stykke tradisjonsmusikk «Gløyma», der hardingfelespelar Britt Pernille Frøholm frå Honndalen dreg bogen saftig med ein song mange med meg kjenner som «Å bere vatn og bere ved». Mathilde Grooss Viddals bassklarinett er med, Tellef Kvite på laptop og for meg er «Gløyma» ein tidleg höjdare. Etterpå er det saksofonist Kari Rollands tur som lydmålarkunstnar på «Plutselig». Av dei tolv i bandet er fire kvinner, med Hedvig Mollestad Thomassen på gitar. Her skal musikken ikkje vurderast ut frå kjønn, men som instrumentalistar er kvinnene på full frammarsj, og gitaristen vi kjenner frå eigne band har også vore med Friensemblet frå starten.

Det var då bandet sprang ut av eit storband og fekk namnet Chateau Neuf Friensemble, og Grooss Viddal som mellom anna hadde fortid som landsdelsmusikar i nord og studerte ved Oslo-universitetet, hadde skrive musikk ho ville ha eit band til å spele. «Holding Balance» kom i 2006 og eg ropte varsku om «musikk Gil Evans snur seg etter i grava etter for å høyre betre». «Come Closer» oppfylte alle forventingar tre år etter, og vi kan ikkje yte alle songane på «Undergroove» full rettferd, anna enn å slå fast at det er heilt rått bra, med 11 spor og eit musikalsk prosjekt som kombinerer det komponerte med det frie utan markante skilje, og kvar einaste song står fram med særpreg, kledd i ulike kledebon frå tolv musikarar. Utanom feleslåtten og sluttsongen «Sailing» til Rod Stewart, har Viddal og andre i bandet skrive musikken. Mellom dei Hedvig Mollestad med det forrykande gitarnummeret «Hvit». Med Dag Stiberg (sakson), Gunnar Halle (trompet), Øyvind Brække (trombone) Eivind Henjum (bass) og Ivar Loe Bjørnstad (trommer) er bandet komplett, og «Undergroove» er ikkje til å kome forbi.

Stilig trio

Med «Romantic Notions» kjem pianisten Rune Klakegg med det første albumet han har laga eit klassisk akustisk trioformat, inspirert av alle sine jazzheltar. Med heile sin musikalske ballast som aktiv jazzmusikar og låtskrivar frå syttitalet, via åttitalets Cutting Edge-periode til i dag, gjer han det med stil. Bassist Jan Olav Renvåg og trommeslagar Roger Johansen er gode medmusikantar i trioen som slår an tonen med «Molefunk», også som musikalsk ordspel. Han har to ikkje-akustiske trioplater bak seg frå før, etter tretti år i hovudstaden som musikar i tallause band og ditto plateinnspelingar har han vendt attende til heimbyen Skien, der «Romantic Notions» er innspela på Ibsenhusets scene. Han har skrive all musikk sjølv, og han, Roger Johansen og Jan Tore Renvåg har funne tonen i dette klassiske formatet, med eit trioalbum av beste merke.

Svensk stjerneskot

Isabel Sörling leier bandet Isabel Sörling Farvel som denne veka dukka opp på Nasjonal Jazzscene i Oslo med musikk nokon har kalla moderne avantgardistisk kunstjazz, men heng deg opp i merkelappane. Lytt til eit spennande album med vokalist Sörlings små, aforismeprega tekstar når ho ikkje lar strupen tale for ful hals. Alt med eit heilakustisk band som ikkje øydslar med effektane, men der Kim Aksnes (trompet), Otis Sandsjö (tenorsaksofon), Henrik Magnusson (piano), Alfred Lonius (bass) og Carl-Johan Groth (trommer) saman med Sörling lagar fine musikalske stemningsbilete, også i pakt med eit plateomslag som er noko for seg sjølv og liknar eit måla landskap som menneske boltrar seg i. Ingen grunn til panikk, for inni forklarar eit lite hefte det du treng utanom å lytte til dette bandet, som i 2010 vann konkurransen Young Nordic Jazz Comets.

Søsken i jazz

Albumet med det vakre barndomsbiletet heiter «Togetherness» (Dominique Records/Musikklosen), og kjem på platemerket til Monica Dominique, svensk jazzpianist og storesøster til bassisten Palle Danielsson. Saman har dei gitt ut albumet som har toppa jazzlistene i Sverige i det siste. Repertoaret er ei trygg blanding av kjende songar frå jazz og populærsongboka, fleire Michel Legrand-klassikarar som «You Must Believe In Spring», og «Den sista jäntan» signert Povel Ramel. Hos oss er Palle Danielsson det mest kjende namnet, ikkje berre fordi han var bassist i Garbareks kanskje beste kvartett med Bobo Stenson på piano og senor Jon Christensen på trommer. Monica Dominique har også ei internasjonal jazzmerittliste, var med i vokalgruppa Gals and Pals for dei som hugsar den, er operakomponist og starta ny jazzkvintett i 2002, og «Togetherness» er musikk til å hygge seg med.

Meir Stan og Jan

Etter godbiten med Stan Getz og Jan Johansson på albumet «Stan Getz At Large», kjem det meir snadder frå åra dei spela saman, på albumet «Stan Getz at Nalen» (Storyville/Musikklosen). Med opptak frå to konsertar på den kjende jazzklubben i Stockholm i november 1959, framleis med Daniel Jordan på bass og William Schiöpffe på trommer. Opptaka vart attfunne for kort tid sidan, og jazzverda er endå nokre store jazzminne rikare.